Kyrkjas institusjonelle tiltrekkingskraft
KRISTENDOM: Kva skal kyrkja gjera når det dukkar opp nye menneske, gjerne unge menn, som er tiltrukne av kyrkja som institusjon – hennar arv, praksisar og tradisjon? Det er ikkje sikkert at endå ei runde med intensjonalitet og relevans er oppskrifta.
MESSE: – Når unge menn og kvinner søkjer til kyrkja og tradisjonane, så er det grunn til å lytta og følgja med, skriv Bård Norheim. På bilete: Olsok-messe i St. Olav Domskyrkje i 2024.
Erlend Berge
Ein kan ana ei langsam vårløysing på kyrkjeteigen – både i Noreg og i andre land som det er naturleg å samanlikna seg med.
Det sildrar inn meldingar frå fleire kantar. Fleire unge melder seg inn i Den norske kyrkja. Unge menn oppsøker katolske og ortodokse kyrkjelydar i Noreg. Fleire frikyrkjer og kristne organisjonar melder om auka pågang til leirar og kristne skular.
Og ikkje minst: Siste fakta om Finland viser at det heilt sidan koronakrisa og Russlands brutale invasjon av Ukraina i 2022 har vore ei jamn stigning i gutars kristne tru i vårt naboland. Det siste året ser det også ut til at jentene følgjer etter.