Spedalsk-landsbyen Mangarano på Madagaskar skal på eit tidspunkt ha vore den største i verda med over 800 pasientar

I dag står landsbyen som var eit flaggskip i norsk misjon forlatt og låst

Ramania Julienne voks opp her hjå to foreldre med lepra

Då far hennar blei sjuk som tiåring blei han kledd i sekkestrie og sett i ei dyreinnhegning

Frå norsk misjons-flaggskip til forlatt og forfallen: Bli med på innsida av spedalsk-landsby

Publisert Sist oppdatert

– Mor døydde i 1981. Eg var ni år.

51 år gamle Ramania Julienne stoppar ved eitt av dei mange like, små murhusa, som ligg på rekke og rad.

Ho er ikledd ei svart og kvitrutete bukse og ljoseblå flipflops. Det svarte håret er knytt i ein knute i nakken.

I dette huset voks ho opp. Ho, dei to systrene hennar, tre brør, faren, og fram til ho var ni år: mora.

Mangarano
Kvar av dei kvite murhusa hadde to bueiningar for leprasjuke og familiane deira.

– Året etter mor døydde flytta me dit.

Julienne held ein kvist i neven som ho rettar mot eit anna hus, i enden av vegen, bortanfor rekkene med like murhus.

Sola steiker, men framleis er det frodig og grønt på alle kantar. Om nokre månadar kjem landskapet til å vera avsvidd og gult.

Men framleis kan ein nyte synet av fargerike blomar og bugnande grønsakåkrar. Mellom bar- og bladtre flyg det sommarfuglar på storleik med post-it lappar.

Mangarano
Ramania Julienne var direktør på Mangarano dei siste åra staden var i drift. Ho voks opp i spedalsklandsbyen hjå to foreldre med lepra.

Tett i tett

Mora til Julienne var sjuk. Det hadde ho til felles med alle dei vaksne og fleire av barna som budde i spedalsk-landsbyen Mangarano, som ligg rundt 15 kilometer utanfor byen Antsirabe på Madagaskar.

Julienne låser opp døra. Inne i det som ein gong var soverommet til familien flassar det av veggmåling i store flak. Fugleskit dekkjer golvet og frå spindelvev i taket heng det store edderkoppar.

I kvart av murhusa budde det to familiar. Eitt kjøken og eitt soverom husa gjerne ein familie på åtte. I den andre, spegelvende delen av huset budde det ein annan familie.

Slik husa Mangarano på det meste over 800 pasientar. Det blei sagt å på eit tidspunkt vera den største «spedalsk-kolonien» i verda.

– Eg hadde ein fin oppvekst, seier Julienne.

Faren hennar var ikkje like heldig. Det var grelle omstende som førte han hit me no står.

Mangarano
Sjølv om spedalsklandsbyen er nedlagt og bygga er låste, er grønnsaksåkeren framleis i frodig.

Lepra

  • Omgrepa lepra og spedalskheit betyr det same.
  • Lepra er ein kronisk infeksjonssjukdom skulda ein bakterie som for fyrste gong blei påvist i huda til leprapasientar av den norske legen Gerhard Armauer Hansen i 1873.
  • Sjukdomsbildet varierer mykje, men hjå stort sett alle blir hud og nervar angripne av sjukdommen. Dette kan mellom anna få utslag som sår, vansira fjes og deformerte armar og føtar.
  • Leprapasientar var lenge stigmatiserte og utstøytte frå samfunnet.
  • Sidan 1950-talet har det vore tilgang på effektiv behandling, og på 80-talet blei det introdusert kombinasjonsbehandling med antibiotika.
  • Det går fleire år frå ein person blir smitta til sjukdom viser seg. Dei fleste smitta utviklar aldri sjukdommen.
  • Den viktigaste smittemåten er gjennom luftvegane ved dropesmitte. Smitte skjer i all hovudsak ved langvarig og nær kontakt med ubehandla sjukdom. Bakterien blir ikkje spreidd ved kortvarig kontakt som til dømes handhelsing.

Kjelder: Folkehelseinstituttet og Store norske leksikon.

Levde i parallelle samfunn

Det er ikkje få gryteklutar eller småkaker som er laga og selt av norske kristne til inntekt for Mangarano, eller «barmhjertighetens by» på Madagaskar.

Ifylgje Det norske misjonsselskaps (NMS) eige historieverk var spedalsk-landsbyen Mangarano i fleire generasjonar NMS sitt «flaggskip» i helsearbeidet deira. Ein annan stad blir det skildra som «den norske misjons æreskrone».

Spedalske, eller leprasjuke om du vil, har heilt sidan Jesu tid blitt stigmatiserte og utstøytte for sjukdomen. Det var fyrst på 80-talet det blei tilgang på effektiv behandling.

Ein må vera laga av stein for å ikkje synast dette er trist

Misjonær Kristoffer Hansen-Ekenes

Infeksjonssjukdommen kan få utslag i sår, vansiring og deformerte kroppsdelar. I fare for smitte blei sjuke mange stadar forviste ut av storsamfunnet til for eksempel jordholer eller grotter for seg sjølve, og måtte leve isolert og under tøffe kår.

Rundt om i verda, i Noreg inkludert, har det oppgjennom blitt laga eigne spedalsk-landsbyar eller helseinstitusjonar for dei sjuke, der dei kunne leva tilnærma vanlege liv seg imellom.

Mangarano av J. Einrem, utgitt 1921 på A/S Lunde & Co.s forlag
Kart over spedalsklandsbyen i boka Mangarano av J. Einrem, gitt ut i 1921 på A/S Lunde & Co.s forlag. Vist her med løyve frå forlaget. Merk muren som delar området mellom dei friske og dei sjuke.

Barn og foreldre skilde av éin mur

På Mangarano var det lenge ein mur som skilte den friske og den sjuke delen av landsbyen. Når innbyggjarar fekk friske barn blei dei av smitteomsyn tatt frå dei for å bu på barneheimen i den «friske delen».

Foreldra fekk med jamne mellomrom treffe barna, men framleis med muren mellom dei.

Julienne er ung nok til at denne praksisen var avslutta, og ho fekk lov å vekse opp saman med foreldra.

Sundagsskulebarn i Noreg samla over mange år inn pengar til barna til dei spedalske som budde på barneheimen.

Mangarano, Det norske misjonsselskap
Mange nordmenn har opp gjennom tidene støtta og fått høyre informasjon om arbeidet på Mangarano.

Visingar av misjonsfilmen «De utstøttes by – Mangarano», som blei filma på 50-talet, førte til stappfulle bedehus rundt i Noreg, og ein iver for helsearbeidet på Madagaskar.

Misjonsfilmar viste seg å vera eit effektivt og populært medium for å skaffe støtte til misjonsarbeidet, og i toppåret 1957 var det 150.000 som såg filmar produsert av NMS, ifylgje ein artikkel i Norsk Tidsskrift for Misjonsvitenskap.

Låste dørene

Historia til sjukelandsbyen strekkjer seg heilt tilbake til 1880-åra då NMS oppretta ein spedalsk-heim i Antsirabe.

Etter kvart kom det press frå dei franske kolonistyresmaktene som ville ha dei spedalske ut av sentrum, som på det tidspunktet var eit populært reisemål for franskmenn på grunn av dei varme kjeldene der.

Mangarano blei bygd opp og i 1918 tok ein i bruk den nye spedalsk-landsbyen, og dei sjuke flytta inn.

Norske sjukepleiarar eller «diakonisser» stelte dei sjuke fram til 1980-talet då den lutherske kyrkja på Madagaskar overtok ansvaret for å skaffe helsepersonell. Men NMS og norske misjonsvener var med på å støtte arbeidet heilt til ein julidag i 2015.

Då var ein 130 år lang historie slutt. Dei siste 16-17 leprasjuke innbyggjarane flytta ut av rekkene med små murhus på Mangarano. Dørene blei låst bak dei.

Mangarano
Soverommet Julienne, dei fem syskena hennar og foreldra dela.

Trist forfall

Vegen vår går vidare til den store murkyrkja med kalka vegger. Dei leprasjuke hadde sin eigen kyrkjelyd.

Med oss er NMS-misjonær Kristoffer Hansen-Ekenes (37). Han bur til vanleg i Antsirabe saman med kone og barn. Men i dag fungerer han som tolk, kjentmann og sjåfør.

Dei siste åra Mangarano framleis var i drift var Julienne direktør for sjukelandsbyen.

Mangarano utanfor Antsirabe, Madagaskar
Mangarano ligg omlag 15 kilometer utanfor byen Antsirabe på Madagaskar.

Etter litt om og men har ho funne nykelen til kyrkja, og låser oss inn.

Eit stort kyrkjeskip med nokre enkle kyrkjebenkar i tre openberrar seg.

Sola skin inn gjennom hol i taket og teiknar små ljossirklar på golvet som er dekt av fugleskit.

– Ein må vera laga av stein for å ikkje synast dette er trist, seier Hansen-Ekenes og ser seg om.

Framme i kyrkja står eit altar med innskrifta «Gud er kjærleik» på gassisk.

Mange av dei sjuke bebuarane har kjent dette på kroppen. Faren til Julienne var éin av dei.

– Han blei smitta som tiåring. Då blei han sendt ut av landsbyen som i bibelske tider for å hindre smitte, fortel Julienne.

Mangarano
Gud er kjærleik, står det på altartavla. På preikestolen heng det norske julekort.

Sende den sjuke sonen ut for å bu i ei dyreinnhegning

Ho har høyrt mange liknande historier som den til faren.

Han skal ha blitt kledd i sekkestrie og plassert i ei innhegning berekna på dyr. Ein hadde grave ei forseinking i bakken for å halde dyra samla.

Men no var det den nye heimen til Jean Baptiste. Her var guten heilt aleine, utan så mykje som eit tak å søkje ly under når det regna.

Etter ei tid heldt ikkje mora ut å sjå sonen lide. Ho var redd han ville døy.

– Ei rimeleg frykt, meiner dottera.

Ho fortel at mora klaga sin naud til den lokale presten. Han visste råd.

Han hadde høyrt om ein god stad sør for Antsirabe der dei tok seg av spedalske. Slik hamna Baptiste på Mangarano.

Her fekk han skulegang, helsehjelp og vener. Og det var her han møtte mora til Julienne.

– Det var ein grunn til at bebuarane blei så veldig takksame for å koma hit. Her fekk dei fellesskap og hjelp. Når det er ulike festlege tilstellingar her oppe syng me framleis ein takkesong til norsk misjon.

Mangarano
«Vi trænger ingen dom her. Men vi trænger en noksaa stor kirke, og vil vilde gjerne ha den saa hyggelig som mulig, bygge noget som kunde høine og glæde, noget som kunde lægge andagt over sindet, gi ro og hvile til den som er saar og træt», skriv Johannes Einrem i boka Mangarano frå 1921. Einrem var primus motor for bygginga av den nye spedalsklandsbyen som blei tatt i bruk i 1918.

– Det ligg ei smerte knytt til forfallet

Kyrkja me står i var i bruk i fleire år etter at sjukelandsbyen var lagt ned, fortel Julienne. Fleire av dei tidlegare bebuarane bur no i landsbyen i nærleiken, men kjenner seg ikkje velkomne i den lokale kyrkja. I dette bygget feira dei eigne gudstenester fram til 2016.

Men etter kvart som dei blei færre verka den store kyrkja så tom. Det toppa seg då dei to kyrkjeklokkene blei stolne.

– Det gjekk veldig inn på folk. Fleire byrja å gråte då dei kom inn hit etter at det skjedde, fortel Julienne.

Saman med forfallet framskunda det nedstenginga av kyrkjebygget.

Når det er ulike festlege tilstellingar her oppe syng me framleis ein takkesong til norsk misjon

Ramania Julienne, tidlegare direktør på Mangarano

Det er mykje melankoli knytt til det som ein gong var, for dei tidlegare bebuarane.

– Det ligg ei smerte knytt til forfallet som har skjedd dei siste ti åra her, seier Hansen-Ekenes.

Han hintar diskré til omvisinga me har fått av Julienne:

– Det blir ikkje snakka så mykje om det ved besøket vårt i dag, men det er merkbart til stades mellom linjene, meiner misjonæren.

Mangarano
Kristoffer Hansen-Ekenes er bibelomsetjar på Madagaskar. Han er sendt ut frå Det evangelisk-lutherske kyrkjesamfunn for organisasjonane Den norske misjonsselskap og Wycliffe.

Norsk misjon trekte seg ut

Utfasinga av sjukelandsbyen Mangarano gjekk over fleire år, fortel Arild Bakke, som var representant for NMS på Madagaskar på den tida.

– Etter kvart som ein kunne behandle spedalske poliklinisk og styresmaktene stilte med medisinar, kom det færre og færre til Mangarano. Ein registrerte over tid at mange av dei spedalske bebuarane kunne klare seg sjølve med noko starthjelp, og i tillegg budde det mange familiemedlemmer utan omsorgsbehov på senteret, seier Bakke.

Området blei overført til Den gassisk-lutherske kyrkja, og det var snakk om å etablere ein bibelskule eller ein diakonihøgskule på staden, fortel Bakke.

– Men kyrkja har til dags dato ikkje komme i gong med noko nytt. Det er tragisk at mange bustadar står ubruka. Noko av grunnen til denne handlingslamminga frå kyrkja si side er at folk, utan grunn, fryktar at det framleis er spedalsksmitte i veggane, seier Bakke.

Har ikkje råd til prest

Me går vidare til kapellet som dei tidlegare bebuarane og familiane deira brukar til gudstenestene sine i dag.

Bak i rommet står eit gammalt trøorgel. Hansen-Ekenes kan fleire kunstar enn å tolke og køyre, og lyden av «No takka alle Gud» blir eit passande bakteppe for vidare utforsking av rommet.

Mangarano
På trøorgelet i kapellet er det tydelege spor etter kontakt med nordmenn. Ei rekkje fjøsnissar ynskjer oss ei god jul frå snøkledde landskap.

Framme, bak talarstolen, heng eit bilete av det som truleg er ein norsk misjonær. Bakpå står årstalet 1918 i handskrift.

I dag er det ikkje misjonærar som står for forkynninga på gudstenestene her. Men den vesle forsamlinga på Mangarano har ikkje nokon fast prest knytt til seg, derfor må dei sjølve ta ansvar for å få tak i prest til gudstenester med nattverd eller dåp.

Det kostar rundt 75 kroner per besøk, fortel Hansen Ekenes. Ei stor investering for ei forsamling der dei fleste har dårleg råd.

Det blir derfor lenge mellom prestebesøka her. No er det to månadar sidan sist, fortel Julienne.

Men ho trør til sjølv med forkynning under lekmannsgudstenestene dei held kvar sundag.

Mangarano
Kapellet er framleis i bruk, sjølv om kyrkjelyden ikkje har råd til prest meir enn nokre få gonger i året.

Det er tragisk at mange bustadar står ubruka. Noko av grunnen til denne handlingslamminga frå kyrkja si side er at folk, utan grunn, fryktar at det framleis er spedalsksmitte i veggane

Arild Bakke, tidlegare representant for NMS på Madagaskar

Vil ikkje sitje i same kyrkjebenk

– Då bebuarane flytta ut herifrå var det meininga at den spedalske kyrkjelyden skulle integrerast i den lokale kyrkja, men både synodepresidenten og den lokale presten sette seg imot det, seier Julienne.

For medan folk godtek å treffe dei tidlegare Mangarano-bebuarane på torget eller andre stadar i friluft, er det mange som er redde for å sitje side om side med dei i kyrkjebenkane under ei heil gudsteneste. Sjølv om dei ikkje lenger er sjuke eller smittsame.

– Folk flyttar seg viss dei kjem og set seg, fortel Julienne.

Mangarano
Rundt Mangarano ligg det frodige jordbruksområde. Fjellet i bakgrunnen blir av nordmenn kalla «Sukkertoppen».

Ho trur også det faktum at mange av dei ikkje har råd til å leggje noko særleg i kollektkorga gjer at dei ikkje er ynskt velkomne som medlemmar av kyrkjelyden.

Ei rekkje smårollingar har funne ut at det er utlendingar på besøk og spring høglydt og fnisande rundt beina våre.

Etter ei stund mistar Julienne tolmodet og ber dei med streng stemme om å finne ein annan stad og leike.

– Det er spanande med besøk, seier ho litt unnskyldande, og forklarar at dei truleg er etterkommarar av dei 17 tidlegare sjuke bebuarane som framleis bur i området.

Hygieneartiklar og lesestoff frå 90-talet

Bygget som kanskje i størst grad gjev ein inntrykket av å trø inn i ein tidskapsel, er «Søsterhjemmet».

Mangarano
– Folk ser på lang avstand at dette er eit «utlendingshus», fortel Kristoffer Hansen Ekenes om Søsterhjemmet. Det handlar både om stil og god kvalitet.

Me går ned langs det som på eit eller anna tidspunkt må ha vore ein imponerande allé. Til og med trea som viser veg ned til hovudinngangen har sett betre dagar.

Alle vindauga er stengt med turkise trelemmar og fasaden hadde nok trengt meir enn eitt målingsstrøk for å nærme seg prakta frå hundre år sidan.

Det var her dei norske «sjukesystrene» budde.

– Men no er det meir enn tjue år sidan nokon budde her, fortel Hansen-Ekenes.

Ei rå lukt slår mot oss i det dørene blir opna. I det Julienne opnar dei doble vindauga strøymer ljoset inn, og stablar med møblar, godt innsurra i spindelvev blir synlege. Også her har røvarar tatt for seg av inventaret, kan Julienne fortelje.

Me går opp i andre etasje. På badet står ei flaske Date-såpe som kan få kvar ein frå milleniumsgenerasjonen i Noreg til å mimre tilbake til barndommen.

Inne på soverommet ligg det tett i tett med spor etter dei siste nordmennene som budde her.

Språk- og biletbruken på NMS si årbok frå 1977 toler ikkje dagens ljos og auge like godt som det mannakorna, stigespelet og UNO-kortstokken gjer.

Mangarano
Søsterhjemmet kan by på eit assortert utval lesestoff.

Vil flytta inn att

Manglande vedlikehald gjer at me på grunn av tryggleik ikkje kan gå inn i alle rom. Taket har hol og sprekkar fleire stadar.

Huset er eigentleg av god standard, samanlikna med mykje av det som blir bygd i dag, fortel Hansen-Ekenes. Det same gjeld bustadhusa.

Mangarano
Det har ikkje budd folk i misjonærbustaden «Søsterhjemmet» på tjue år.

Husa dei siste bebuarane fekk hjelp til å byggje då Mangarano blei nedlagt er av langt simplare sort.

– Det har vore eit ynske frå dei å få lov å flytta inn att i husa på Mangarano, seier Julienne.

Ho lenar seg mot trapperekkverket og ser ikkje ut til å bry seg nemneverdig om det knirkar, trass i at det er det einaste som står mellom ho og eit fall på fleire meter.

Ho fortel at dei sende ein søknad til den førre kyrkjepresidenten, om å få ta i bruk att husa, men dei har ikkje fått svar.

I mellomtida har dåverande kyrkjepresident døydd av covid, og ein ny har tatt plassen hans.

IMP-NMS-A08-1041. 'Søster Almas begravelse, Mangarano 6/7 1918' ('Deaconess Alma's funeral, Mangarano July 6, 1918'). Alma Jensen was a missionary in Madagascar from 1910-1918. She died in Antsirabe, Madagascar on July 5, 1918. Pastor Sigvardt Lauritz Wetterstad was a missionary in Madagascar from 1887-1919. He married Constance Amalie, maiden name Jacobsen, in Antsirabe, Madagascar on October 29, 1889. Olaf Stokstad 1876-1957, was a missionary in Madagascar from 1903-1921. He died in Oslo, Norway on November 2, 1957. He married Helene Christiane 1877-1960, maiden name Holm, in Farafangana, Madagascar on July 6, 1905. She died in Oslo, Norway on December 16, 1960.
Diakonisse Alma Jensen frå Fredrikstad var misjonær på Madagaskar frå 1910 til ho døydde 5. juli 1918, 41 år gamal. Dagen etter blei ho gravlagt på Mangarano, med misjonærar og barneheimsbarna til stades.

Prioriteringar for ei fattig kyrkje

Me takkar for omvisinga og byrjar på den mildt sagt humpete vegen tilbake til Antsirabe.

Misjonær Hansen-Ekenes synest det er trist å sjå det store anlegget forfalle.

– Men er det rett å be ei lutfattig kyrkje om å setje av store midlar til å halde ved like alt dette?

Han ventar ikkje på svar:

– Neppe.

Mangarano
Alma Jensen er den einaste norske misjonæren som er gravlagt på Mangarano.
Powered by Labrador CMS