Israel må svare for sine brotsverk

Det er ikkje mogleg å ignorere dei alvorlege brotsverka Israel gjer seg skuldige i overfor palestinarane på Gazastripa. Det bør ikkje vere nokon tvil om at israelske leiarar vil bli stilt til ansvar.

Israels finansminister Bezalel Smotrich (t.v.) gleder seg over at rekordmange palestinske boliger ble revet på den okkuperte Vestbredden i fjor. Her er han sammen med statsminister Benjamin Netanyahu (t.h.) Foto: AP / NTB
TOSPANN: Tidlegare har det vore mogleg å skilje mellom utsegner frå ekstreme talspersonar som Bezalel Smotrich frå busettarrørsla og den offisielle politikken til Israel. Det blir stadig vanskelegare, skriv Vårt Land på leiarplass.
Publisert Sist oppdatert

Dette er en leder. Lederen gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innholdet.

Ein av dei mest ekstreme ministrane i den israelske regjeringa, finansminister Bezalel Smotrich, sa denne veka at Gaza vil bli «heilt øydelagt» og at palestinarane som bur der vil bli «konsentrert» i små område. Han representerer den ytterleggåande og høgreekstreme delen av busettarrørsla i israelsk politikk, men er per dags dato ein del av Benjamin Netanyahu si regjering.

Smotrich meiner det er snakk om få månader før heile Gaza er øydelagt, og at Israel kan «erklære at vi har vunne». Smotrich har som mål å etablere israelske busettingar også på Gaza. I talen som han heldt på ein konferanse for busettarar, sa Smotrich også at Israel vil annektere Vestbredden innan regjeringas periode er slutt, som vil seie innan oktober neste år. Det er heilt i strid med internasjonale konvensjonar og forpliktingar Israel har.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS