Bibelsprengt klassikar i ny norsk drakt

LITTERATUR: Bøkene har lenge vore nesten umoglege å få tak i, men no kjem Thomas Manns hovudverk, «Josef og hans brødre», ut på nytt i fire band. – Ein fantastisk og levande roman knytt til Bibelen, meiner ekspertane.

BIBELSK: Thomas Manns mest omfattande verk, «Josef og hans brødre», tar utgangspunkt i stoff frå Bibelen. Til høgre ser vi ei av dei mange kunstnariske framstillinga av scener frå bibelhistoria – Jacob Willemsz. de Wets «Josef sel korn i Egypt» (1660-talet).

Publisert Sist oppdatert

Thomas Mann er kjent for ålmenta som ein av dei fremste tyske forfattarane frå det tjuande hundreåret. Mange vil trekke fram storverk som Trolldomsfjellet og Buddenbrooks, som var viktig for at forfattaren fekk Nobelprisen i litteratur i 1929. Doktor Faustus og kortromanen – eller langnovella – Døden i Venedig er også blant dei mest kjente verka hans.

Likevel finst det fleire som meiner at det definitive hovudverket hans er tetralogien Josef og hans brødre, som tek utgangspunkt i den gammaltestamentlege forteljinga om Josef, son av patriarken Jakob. Filosof og tidlegare førstelektor ved Universitetet i Oslo, Kjell Madsen, er blant dei.

– For meg er Josef og hans brødre det sterkaste verket hans. Og det er utvilsamt det mest omfattande verket, seier Madsen om dei fire banda som kom ut på tysk mellom 1933 og 1943.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS