KrFs tapte moglegheit
KrFs toppleiing kunne tatt kontrollen over sin nye strategi. I staden var det ungdomspartiet som måtte ta styring. Dommen frå veljarane i første måling er lunken.
MODIG: Det er, uavhengig av standpunkt, imponerande korleis korleis ungdomspartiets nestleiar Constanse Borge har forsvart fleire kontroversielle KrF-vedtak i offentlegheita dei siste vekene, skriv kommentator Emil André Erstad.
Herman Frantzen
Mange heiv seg på hylekoret mot KrFs mange kontroversielle vedtak under landsmøtet nyleg. Til dømes var det lett for mange å vise motstand mot vedtaket om å forby Pride-flagg på norske skular. Men, som Danby Choi og Kristin Clemet begge var inne på, kunne det kanskje vere at KrF trefte nokon med sin nye strategi.
Som Clemet skreiv på si offentlege Facebook-side, er ikkje KrFs mål å bli eit stort parti eller bli likt i breie lag av det norske folk. Målet er å komme seg over fire prosent. Choi hevda i eiga avis at Høgre blei sjalu på KrF etter landsmøtet, fordi «dette er KrF på sitt beste».
Nytt og skarpare KrF