Det vi aldri lærte av krigen
Når vi markerer at det er 80 år sidan frigjeringa av Noreg, er det openbart at krigen blir fjernare for oss.
KRIGENS VESEN: Krigsfilmar som «Nr. 24», fjorårets kinosuksess om motstandshelten Gunnar Sønsteby, slit med å seie noko essensielt om krigens vesen og brutalitet, meiner kulturredaktør Lars Petter Sveen.
Erlend Berge / Pål Ulvik Rokseth Filmweb
For min generasjon var alle krigar langt borte. Krigane i det gamle Jugoslavia på 1990-talet var små og interne, borgarkrigar som ikkje spreidde seg til andre land. Og konfliktane på det afrikanske kontinentet var for spesielt interesserte.
Var det noko vi hadde lært, så var det at den andre verdskrigen var eit sluttpunkt. Det var den siste og endelege gongen Europa stirte ned i avgrunnen og avgrunnen stirte tilbake. Dei opplyste demokratia var blitt einige om at noko liknande som dei to verdskrigane aldri skulle skje igjen.
Men la oss late som at det fanst ein gjennomsnittleg europear som hadde heile verdsdelens historie programmert inn i hjernebarken. Om vi spurde denne personen om hen trudde at Europa kan leve i fred i tiår etter tiår, kva for svar ville vi fått? Høgst truleg ville hen berre ha ledd av oss.