Fellesskap i sorga
ANMELDELSE: Arne Lygres nye bok viser fram styrken i vennskap, lausrive frå familieband og generasjonsband.
NYDELEG: Det er ikkje gitt at eit teatermanus vil fungere i bokform. Men Arne Lygres nye teaterstykke, «Ikkje ein lyd», er nydeleg som bok, skriv Vårt Lands kritikar.
Tine Poppe
Kva er ein heim? Kva vil det seie å høyre til ein plass? Og kva vil det seie å tilhøyre nokon?
Det er sentrale spørsmål i den nydelege vesle boka til Arne Lygre, Ikkje ein lyd, som nett no blir sett opp på Det norske teatret. Og å lese stykket, fungerer særs godt.
Vi møter sju personar, kanskje dei er i førtiåra eller i slutten av trettiåra, som har ulik tilknyting til kvarandre. Somme er sysken, andre er barndomsvener. Nokre er gamle kjærastar. Nokre har alltid budd i bygda, andre har skapt seg eit liv i storbyen, eller utanlands, før dei kom hit. Nokre har flakka rundt. Og når nokre av dei vender tilbake, blir historiene om dei nøsta opp i. Det blir også historiene til dei som blei att.