Tid til å få og ta vare på barn

OPPVEKST: Vi må legge betre til rette for at det å få barn og ta vare på dei blir eit val det lønner seg å ta.

BARN: God støtte i form av jordmorteneste, tilbod om foreldrekurs, fleire heimebesøk og døgnopen rådgjevingstelefon kan vere med å førebyggje noko av det stresset ein kan oppleve som nybakt forelder, skriv Anne Kristin Bruns.
Publisert Sist oppdatert

Vi les at jordmødrer og helsesjukepleiarar er alvorleg uroleg for mødreomsorga, totalpresset på parforholdet og stresset rundt dei fødande som skal sendast heim så raskt som mogleg. For med stadig lågare fødselstal og stort press på familieøkonomien, kan det vere vanskeleg å sjå at samfunnet verdset dei som gjer «verda si viktigaste jobb». Dei som bruker tid og krefter på å investere i neste generasjon.

Sjølv er eg mor til fire, med ein mann som hadde ein jobb som innebar dag- og kveldsjobb og ein del reising. Difor valde eg å jobbe mindre for å investere i barn og familie, og for at kvardagen skulle gå i hop. Når eg etter at borna var vaksne skulle sjå kva eg eventuelt skulle få i pensjon vart eg heilt sjokkert. Eg opplevde at samfunnet ikkje hadde verdsett den jobben eg hadde gjort. Eg har ikkje fått ein einaste klapp på skuldra frå «samfunnet».

Anne Kristin Bruns mener det er viktig at vi snakker sammen om abort, vi kan ikke ligge i hver vår skyttergrav.
Anne Kristin Bruns er politiker for KrF i Stavanger.

Eg angra sjølvsagt aldri på valet eg gjorde, men det burde strengt tatt ikkje vore slik. Eg meiner at det må leggjast betre til rette, slik at dei som har små barn ikkje taper inntekt, karrieremoglegheiter og særleg pensjonspoeng.

Oppfølging

Når ein vel å starte familie og få barn, er dette ein stor overgang for oss alle. Då kan det vere godt og viktig at ein erfarer at det er eit apparat rundt ein som kan bidra støttande også før fødselen. Erfaringar frå mellom anna Oslo viser at eit besøk før fødselen fører til at foreldra og helsesjukepleiar blir kjende, noko som skaper tillit og tryggleik. Det blir enklare for foreldra å stille spørsmål og dele ulike tankar og bekymringar, også etter barnet er født.

Det er også viktig at helsesjukepleiar kjem raskt på besøk etter fødselen, særleg sidan opphaldet på fødeavdelinga no er kortvarig. Spørsmål om amming, samspel mellom foreldre/barn og andre utfordringar kan drøftast tidleg.

Når ein vel å starte familie og få barn, er dette ein stor overgang for oss alle. Då kan det vere godt og viktig at ein erfarer at det er eit apparat rundt ein som kan bidra støttande også før fødselen.

Urettferdig

Når svangerskapspermisjonen er over og ein skal tilbake til jobben er det faktisk svært urettferdig at mange foreldre i dag må ta ulønt permisjon, fordi ein ikkje vil ha barnet så tidleg i barnehage. Det er urettferdig på fleire måtar. På den eine sida mister ein pensjonspoeng, og på den andre sida er det urettferdig for dei som ikkje har høve til å ta ulønt permisjon. Den tredelte permisjonsordninga vi har i dag legg ikkje opp til eit system som er godt for familien. Det er lite rom for valfridom, noko KrF vil ha.

For å møte ein stressande kvardag for småbarnsforeldre foreslår Stavanger KrF at vi prøver ut ei ordning der ein jobbar 90 prosent, men får 100 prosent løn. I fyrste omgang vil vi at dette skal gjelde tilsette i Stavanger kommune med barn opp til to år. Vi gjer dette for å minke stresset på barnefamiliar, og for at ein skal få litt meir tid til det viktigaste.

For oss i KrF er det viktig å gje småbarnsfamiliar moglegheita til å få tid til det viktigaste

Eit val som lønner seg

Det er slik i dag at vi som samfunn må leggje betre til rette, slik at det å få barn og ta vare på dei blir eit val det lønner seg å ta.

God støtte i form av jordmorteneste, tilbod om foreldrekurs, fleire heimebesøk og døgnopen rådgjevingstelefon kan også vere med å førebyggje noko av det stresset ein kan oppleve som nybakt forelder.

For oss i KrF er det viktig å gje småbarnsfamiliar moglegheita til å få tid til det viktigaste. Det vil kunne vere ei god motvekt til det tidspresset og økonomiske stresset mange småbarnsfamiliar opplever i dag.

Powered by Labrador CMS