Tid for å sluke kamelar
KYRKJELEG ORGANISERING: Vel vitande om at det er ei oppskrift på å få uvener i alle leirar, vågar eg meg frampå med eit forslag til fordeling av kamelar i det vidare arbeidet med kyrkjeleg organisering.

For den som skal drive endringsleiing er det vesentleg å forstå kompleksiteten i motkrefter. Samtidig er det ei leiaroppgåve å gjennomføre endringar. Den norske kyrkja er no der at ny kyrkjeordning må kome, og ho må kome fort, om kyrkja ikkje skal forvitre av medlemssvikt, rekrutteringsvanskar og ressursøyding.
Det kjem til å gjere vondt! Men alternativet til organisasjonsutvikling er som kjent ein sakte død. I slike situasjonar er ein real hestehandel å føretrekke framfor eit dyrt kompromiss. Eller når me først er i dyreriket, det handlar eigentleg om kamelar.
Vel vitande om at det er ei oppskrift på å få uvener i alle leirar, vågar eg meg frampå med eit forslag til fordeling av kamelar. Så får heller lesaren bera over med litt for bastante «bør» og «må» i det som no kjem.
Arbeidsgjevarspørsmålet og lokalkyrkja
Dette er kamelen som har vakse seg størst. Ingen vil gje frå seg arbeidsgjevaransvaret. Men slik saka no står, er det liten tvil om at det er biskopane og prestane som kjem til å måtta sluke denne kamelen. Når det går opp for Kyrkjemøtet at sentralisert felles arbeidsgjevaransvar ikkje let seg realisera utan å saksøkje sokn som ikkje frivillig gjev arbeidsgjevaransvaret frå seg, vil dette alternativet ikkje kunne få fleirtal. Dermed må også presten få soknet som arbeidsgjevar.
På lokalnivået er det fellesråda som bør sluke ein kamel. Evalueringa av kyrkjelova av 1996 syner at to sideordna organ på lokalnivået ikkje vart nokon suksess. No bør all makt leggjast til eit soknestyre som erstattar noverande sokneråd og fellesråd.
Soknestyret kan sjølv vurdere seg kompetent nok til å sitje med arbeidsgjevaransvaret, eller dei kan gå saman med andre soknestyre og etablere eit fellesråd som får oppgåva på delegasjon. Alternativt kan sokna slå seg saman, og heller opprette lokale underutval. Dette kan sjå ulikt ut frå stad til stad. Leiingsstrukturen i den lokale kyrkjestaben bør også avgjerast lokalt. Her kan det vera ope for både fagleiing og generalistleiing.
Prostar og administrasjon
Kamelen prostane må sluke er at det må bli færre av dei når dei no ikkje skal vere arbeidsgjevarar. Opp mot to tredeler av dei bør kunna frigjerast til vanleg presteteneste. Det vil redusere rekrutteringskrisa og frigjere 50-60 millionar kroner på årsbudsjettet. Bispedømerådet vil heller ikkje lenger ha meiningsfulle oppgåver og bør avviklast.
Kamelen prostane må sluke er at det må bli færre av dei
Asgeir Sele
Utan arbeidsgjevaransvar for andre enn seg sjølv, bør staben på Kirkens hus i Oslo kunne reduserast vesentleg. For å sikre maktbalansen mellom den synodale sida av kyrkja og den episkopale, bør Kyrkjemøtet og Bispemøtet sidestillast, og Bispemøtet bør ha arbeidsgjevaransvaret for dei som utgjer støttefunksjonane til biskopane.
Tilsynet
Den eldste leiingsfunksjonen i kyrkja er tilsynet. Denne rolla har bibelske røter som kjem tydeleg fram i vigslingsliturgien til prestane. Nokre av dei andre tenestegruppene kan oppleva det som å sluka ein kamel når eg no føreslår at denne rolla må styrkast, også lokalt. I tillegg må det i ny kyrkjeordning vera ei tydeleg linje til det translokale tilsynet, altså biskopen.
Organisatorisk kan biskopane høyre til på sentralnivået, men geografisk høyrer dei til i bispedøma saman med stiftsdiakon, stiftskateket og stiftskantor. Prostane bør også ha Bispemøtet som arbeidsgjevar, men bør lokaliserast i kvar sin del av bispedømet. Den viktigaste oppjusteringa av tilsynet er likevel at det må gjerast i stand til å vera proaktivt, ikkje berre ein reaktiv funksjon der biskopen kjem farande når noko har gått gale.
Med alle kamelar slukte, kan kyrkja starte den lange prosessen med å byggje ein kultur der demokratiet tek dei viktige avgjerdene, og der tilsynet stimulerer ei positiv kontinuerleg utvikling i kvardagen.