«Presten Burdin kritiserte krigen – fekk yrkesforbod»
UKRAINA: Den krigsvelsignande russisk-ortodokse kyrkja har skrive ut globalt yrkesforbod til prest som frå dag éin har kritisert brutaliteten i Ukraina.

Den russisk-ortodokse presten Viktor Ioann (Johannes) Burdin er av eit kyrkjeleg tribunal i Russland funnen skuldig i «blasfemi mot kyrkja» og for å ha vore ulydig mot biskopen og patriark Kirill.
Burdin og familien kom seg for få veker sidan til Bulgaria. Burdin visste at han, dersom han ikkje reiste frå hus og land, risikerte rettssak og fengsel for «å ha diskreditert den russiske hæren».

Den 16. juni blei Burdin så kjent skuldig i «blasfemi» av eit kyrkjeleg tribunal i bispedømet Kostroma, knapt 40 mil nordaust for Moskva. Før Burdin kan livnæra seg og familien som prest i Bulgaria, måtte han anka yrkesforbodet inn for den økumeniske patriarken av Konstantinopel. Patriarken godkjende i januar 2019 at ein del av den russisk-ortodokse kyrkja i Ukraina reiv seg laus frå Moskva-patriark Kirill. Men for Burdin var svaret negativt. Patriarken kunne ikkje, fekk Burdin vita, setja til sides eit yrkesforbod. Han kunne derimot ha intervenert dersom Burdin var blitt fråkjent retten til å vera prest.
Protesterte straks
Berre timar etter Putins fullskala invasjon i Ukraina den 24. februar i fjor samanlikna Burdin og ein pensjonert kollega krigen med Tysklands overfall på Polen i 1939: «Lat oss ikkje gjenta brotsverket til dei som ønskte Hitlers handlingar velkomne 1. september 1939.» Det var klar tale mot Putin som grunngjev «spesialoperasjonen» med kamp mot ukrainske nazistar. Då Burdin i ei gudsteneste 6. mars i fjor så minna om bodet «Du skal ikkje drepa», kom politiet. Berre dagar etter at Putin hadde signert lover som forbyr å «diskreditera hæren», blei Burdin bøtelagt. Nokre veker seinare kjende han seg pressa ut av jobben i landsbykyrkja.
Sjølv om Burdin har kome seg vekk frå faren for russisk fengsel, stramar Kirills menn grepet der dei kan. At Burdin ville bli nekta å vera prest, såg klart ut etter dokumentet som vart lagt fram for tribunalet 16. juni. «At blasfemi mot kyrkja og dei heilage ikkje let seg sameina med å vera prest, er ei sjølvinnlysande sanning».
Burdin har stått rakrygga opp for evangeliet. Kan den krigerske patriarken Kirill verkeleg hindra han å vera prest utanfor Russland?
Ingen blind lydnad
Burdin svarar i eit Telegram-intervju at han anerkjenner hierarkiet og den åndelege autoriteten til biskopen. Men, legg Burdin til: «Biskopens kall er å sikra at trua til kyrkja er rein. Ein biskop som av ein eller annan grunn har forvilla seg vekk frå evangeliet, kan ikkje lenger vera autoritet for flokken». Han avviser at han må leva i blind lydnad til biskop og patriark når dei velsignar ein blodig angrepskrig.
Burdin har stått rakrygga opp for evangeliet. Kan den krigerske patriarken Kirill verkeleg hindra han å vera prest utanfor Russland?
Det er bortkasta krefter å ta saka opp med Kirill. Men eg ber kyrkjeleiarar med kontaktar i det økumeniske patriarkatet om å ta opp Burdin-saka. Han må sikrast retten til å vera kyrkjeleg sanningsvitne mot Putins terror i Ukraina.