Nei til sentralstyrt kyrkjekonsern

ORGANISERING: Her kjem ein appell til kyrkjeråd og kyrkjemøte frå dei som har skoa på: Me ønskjer ikkje eit sentraltstyrt kyrkjekonsern!

Bjørgvin, kirkelig organisering, debatt
LOKAL KYRKJE: «Sokna er ikkje små underavdelingar i konsernet Den norske kyrkja. Sokna er sjølvstendige rettssubjekt», skriv rådsleiarar i Bjørgvin bispedømme. Dei er bekymra for ei sentralisering av Den norske kyrkja.
Publisert Sist oppdatert

Vår tilnærming til organiseringa av kyrkja, til liks med det store fleirtalet av høyringsinstansane, er at me ønskjer ei arbeidsgjevarlinje i kyrkja. Spørsmålet blir dermed, i si enklaste form, om prestane skal flyttast til fellesråda som arbeidsgjevarar eller om alle dei andre skal flyttast til kyrkja sentralt.

Ei luthersk folkekyrkje tek utgangspunkt i det allmenne prestedømmet, i kyrkjelyden, i soknet. Det er difor ikkje utan grunn at soknet i tiår har vore sjølvstendige rettssubjekt og at fellesråda har vore arbeidsgjevarar for dei aller fleste kyrkjeleg tilsette, på sokna sine vegne.

Etter at det no har vakse fram eit sterkt og velbegrunna ønskje om å samla alle kyrkjeleg tilsette hos ein arbeidsgjevar, blir det frå nokre hevda at det er betre å flytta alle dei andre tilsette frå fellesrådet til den sentrale arbeidsgjevaren, enn å la også prestane få den lokale arbeidsgjevaren.

I det store og heile er jo arbeidsgjevaransvar eitt av dei viktigaste leiingsverktøya me har

Samskaping skjer ikkje på Teams

Ei slik overføring av arbeidsgjevaransvaret til kyrkja sentralt vil utan tvil representera ei storstilt sentralisering av kyrkja. Det som blir sagt om delegasjon av myndigheit har me diverre god grunn til å tru er fagre ord – sikkert både alvorleg og godt meint – men dei vil ikkje bli nokon realitet.

Rettssubjektet Den norske kyrkja kan sjølvsagt ikkje sitja med alt rettsleg ansvar, utan myndigheit. Dette kjem også fram i den eine juridiske vurderinga som opnar for slik overføring av arbeidsgjevaransvar. Dei set nemleg som ein føresetnad at ein ikkje delegerer mykje og brukar heller ord som «bemanningsentreprise». Det blir tydeleg tilrådd at verken tilsetjing eller handheving av avtaler bør delegerast, men at tilsettingsråda kan ha lokal representasjon(!) Her er me redde for at rommet for lokale tilpassingar blir sterkt avgrensa. I det store og heile er jo arbeidsgjevaransvar eitt av dei viktigaste leiingsverktøya me har.

Det er også grunn til å stilla spørsmål ved om norske kommunar like lett løyver pengar til ei «bemanningsentreprise» i Bergen eller Oslo som dei kanskje kunne gjera om den lokale kyrkja ønskjer ei halv diakonstilling til for å fylla eit konkret behov – til dømes for flyktningar frå Ukraina. Det er som kjent når folk møtest at samskaping skjer – det skjer ikkje på Teams!

Sokna er sjølvstendige rettssubjekt

Motargumenta mot å samla all kyrkjeleg tilsetjing lokalt er i stor grad kjende og forståelege utfordringar – som også i stor grad har det til felles at det er vanskeleg å forstå at dei blir løyste ved sentralisering av arbeidsgjevaransvaret. Felles rammer, samordning og ei kyrkje som heng saman let seg truleg best løysa gjennom med andre ord tenesteordningar og tilsyn. Det er til dømes lite som tyder på at det er kaos i skule eller helseteneste, sjølv om dei tilsette har lokale arbeidsgjevarar og sentrale rammer og tilsyn.

Sokna er ikkje små underavdelingar i konsernet Den norske kyrkja. Sokna er sjølvstendige rettssubjekt

Det blir også stadig hevda at fellesråda generelt er for små til å vera arbeidsgjevarar. Dette er sikkert sant for nokre av dei, men då er dei truleg også for små i dag. Det er difor nærliggjande å stilla spørsmål med kvifor det ikkje har vore reagert tidlegare. Gjeld ikkje dei same krava alle yrkesgrupper? Det viktigaste her er å finna gode ordningar for dei fellesråda som treng og ønskjer det. Både lokale samarbeidsløysingar og sentrale tenesteleveransar er kjende metodar i samfunnet elles.

Mange, både i Oslo og «provinsen», ser ut til å tenka at dette må kyrkjemøtet og heiltidstilsette avgjera. Men ein slik tanke byggjer etter vårt skjønn på eit feil bilete av kyrkja si oppbygging. Sokna er ikkje små underavdelingar i konsernet Den norske kyrkja. Sokna er sjølvstendige rettssubjekt, som i dag er arbeidsgjevar for fleirtalet av dei kyrkjeleg tilsette. Og sjølvstendige rettssubjekt som er arbeidsgjevarar tenker me det er naturleg vil ta sine eigne avgjerder i spørsmålet om dei vil overføra dette ansvaret til andre eller ikkje.

Sokneråds- og fellesrådsleiarar i Bjørgvin bispedømme:

Grethe Lunde, Alver

Dag-Olav Bjorøy, Øygarden

Dag Sele, Stord

Rune Garmann, Masfjorden

Helge Ulvestad, Sogndal

Kari T. Hovland, Eidfjord

Gullborg Kongestøl Aasgaard, Samnanger

Einar Skeie, Kaupanger

Helge Dykolbotn, Austrheim

Leif Inge Underdal, Aurland

Lisbeth Henriksen, Kvam

Anders Dahl, Stord

Anne Karin Brugrand, Lærdal

Powered by Labrador CMS