Lova betyr lite for aborttala
ABORTLOV: Den som trur at lova påverkar tala på abortar og seinabortar, tar feil. Det lover derimot påverkar, er kor mange abortar som vert illegale.

Abortutvalet har byrja arbeidet sitt med å leggja grunnen for ei ny abortlov. Slaget står om utvida rett til sjølvbestemming for kvinner.
Abortlover er viktige for å trygge og regulere tilgangen til sikker og god behandling. Det er på tide å gi gravide kvinner som ynskjer abort, den same retten til autonomi og helsehjelp som andre pasientar.
Den som trur at lova påverkar talet på abortar og seinabortar, tar derimot feil. Det er det tiltak som lettare tilgang til prevensjon, tidleg abort og fosterdiagnostikk som er med på å regulere.
Aborttala har aldri vore lågare. Tala på seinabortar grunna sosial indikasjon, er halvert på 10 år.
Gjer nesten kva som helst
Det lover derimot påverkar, er kor mange abortar som vert illegale. Kvinner som treng abort, gjer nesten kva som helst for å oppnå det. Det veit vi frå multiple historier verda over. Dei er villige til å setja livet sitt i fare, dersom det å unngå ein fødsel er viktig nok for dei. Dersom rammene for abort vert for snevre eller vanskelege, tyr kvinner til ulovlege og potensielt utrygge metodar.

Ingen er usamde i at det luraste og beste for alle partar, er å ta abort så tidleg som mogleg dersom ein treng ein abort, eller at det å ta abort seint i eit svangerskap, ikkje er nokon god ide. Det er både abortmotstandarar, abortrettsforkjemparar og ikkje minst kvinner som tar abort, samde om. Difor tar kvinner også abort så tidleg dei kan.
Små skilnader i seinabortar
For alle land samla vert over 91 prosent av alle abortar utført før veke 12-13. Andelen tidlege og seine abortar er nokså lik i land som har relativt god tilgang til abort, uavhengig av lovene deira. Dei små skilnadene som finst, skuldast heilt andre faktorar.
Kvinner som treng abort, gjer nesten kva som helst for å oppnå det
Tal for 2018-2019 viser at i Noreg skjer 3,2 prosent av abortane mellom veke 12 og 18, og 1,2 prosent frå veke 18. I USA skjer 6,4 prosent av abortane mellom veke 13 og 18, og 1,8 prosent frå 18 veker.
Grunnen til at USA ligg litt høgare enn land som dei nordiske og Storbritannia, handlar om finansiering. Når kvinner sjølve må finne pengar og abortklinikkar før dei kan få tatt abort, vil litt fleire vera over 12 veker før dei får tatt abort.
Vi skal i staden halda fram med å forenkle tilgangen til abort, prevensjon og diagnostikk, slik at vi får færre og tidlegare abortar
Grense ved 22 veker
Å setja ei grense for sjølvbestemming ved 22 veker, er derimot fornuftig av medisinske grunnar. Behandlingsmetodane forandrar seg i løpet av svangerskapet, og årsaka til at nokon søker abort etter veke 22, er betydeleg meir samansett enn tidlege abortar.
Når abortmotstandarar roper varsku om at den gamle amerikanske lova eller den nye lova i New Zealand opnar opp for at ein kan ta abort fram til fødsel, så gløymer dei å fortelje at det gjer også den norske lova. Alle gode lover tillet at ein kan avbryte svangerskapet når som helst, dersom det gjeld kvinna sitt liv. Dersom det er eit ynska svangerskap, gjer ein det ein kan for å berge barnet. Andre gongar gjeld det foster som ikkje er levedyktige.
Alternativet er at lova krev at kvinner må gå gravide til over ein viss svangerskapslengde, sjølv om dei kan verta alvorleg sjuke og døy av det. Som ein ser av dei amerikanske tala, fører ikkje slike lover til fleire seinabortar. Det er ein del av skremselspropagandaen og forsøket på å skamme kvinner og abortrettsforkjemparar.
Stadig færre seinabortar
Aborttala har aldri vore lågare enn dei er i dag, og det skuldast at unge kvinner er betydeleg betre på å unngå uplanlagde svangerskap. Ein antar at dei både er flinkare til å bruke prevensjon og at dei har gått over til meir langtdisverkande prevensjon. Konsekvensen av det er at talet på seinabortar innvilga grunna kvinna sin livssituasjon har vorte meir enn halvert dei siste 10 åra.
92 prosent av alle abortar i Noreg er utført før veke 10. Etter at ein fekk medikamentell abort i 1998, auka den andelen betrakteleg. Før ein fekk medikamentell abort, vart rundt 40 prosent av abortar utført før veke 9. Etter innføringa av medikamentell abort, auka den andelen raskt til over 80 prosent.
Når det gjeld seinabortar, vert dei fleste utført i veke 13-14, bortsett for ei opphoping i veke 18-20. Årsaka til det siste er ikkje at kvinner ynskjer å ta abort så seint eller utset det. Årsaka er tidspunktet for rutineultralyd, som er lagt til veke 18 i svangerskapet. 80-90 prosent av alle abortar etter veke 18, er utført grunna sjukdom hjå fosteret, og ein trur at talet på abortar etter veke 18 vil verta halvert når ein no innfører rutineultralyd ved veke 13.
Myter og frykt
Dette er dei reine fakta kring abort, men det er mange myter og frykt knytt til å utvide retten til sjølvbestemming for kvinner. Dette er ikkje noko nytt. Vi såg det før innføringa av lova på 70-talet også. Det var ein gjennomgåande påstand og frykt frå motstandarane at aborttala skulle stige når kvinner fekk bestemme sjølve. Det har ikkje skjedd. Aborttala var i mange år relativt stabile, før dei har gått drastisk ned sidan 2008.
Av og til kan det virka som om motstandarane av auka sjølvbestemmelse er styrt av ugrunna frykt. Alternativt er dei eigentleg ikkje så interessert i realiteten, av di det styrande er å følge sinnelaget og verdisynet som seier at abort ikkje bør finnast – ikkje konsekvensen av lovene. Dei ynskjer at samfunnet skal påleggja kvinner som treng abort, ein ekstra terskel.
Ofte vil dei hevda at dei snakkar fosteret si sak, og at av etiske grunnar må ein ha restriktive lover for å signalisere at samfunnet ikkje ynskjer abortar. Indirekte er det å hevde at kvinna er fosteret sin fiende, men i realiteten er kvinner dei viktigaste beskyttarane av foster og barn. Noko som gjer at kvinner tar få abortar og helst tidlege dersom dei får sjansen til å styre det.
Rettar som andre pasientar
I staden er det uetisk å frata kvinner som treng abort, retten til god og trygg behandling, eller dei same rettane til autonomi og privatliv som andre pasientar har. Det er svært inngripande å krevja at dei skal blottleggja seg sjølve til to framande menneske for å få ta abort når dei treng det.
Det er på tide å gi kvinner tillit og utvide sjølvbestemmingsretten. Det påverkar ikkje aborttala. I staden skal vi halda fram med å forenkle tilgangen til abort, prevensjon og diagnostikk, slik at vi får færre og tidlegare abortar.