Legar som blir sjuke av jobben
HELSE: Legar jobbar seg til utmatting og depresjon, samtidig som det aldri har vore fleire legar i Norge. Eg trur den viktigaste grunnen er at vi i dag har så mykje meir å tilby.

Etter ein yngre leges tragisk dødsfall er det blitt fokus på stort arbeidspress i legeyrket. Takk til Vårt Land for oppslag om dette, eg har litt utfyllande opplysningar og kommentar om temaet. Underteikna har over førti års erfaring først som allmennlege seinare sjukehuslege, dessutan har eg opplevd at det på eit tidspunkt vart naudsynt å radikalt revurdera yrkeskarrieren vidare.

Eit paradoks
Legar jobbar seg til utmatting og depresjon. Tilsynelatande er dette paradoksalt når ein ser på legeforeningens statistikk, aldri har det vore fleire legar i Norge. Legeforeningen har tett under 40.000 medlemmer inkludert studentar. Dette er ei tidobling frå 1962 og ei dobling frå år 2000. Det er over 31.000 yrkesaktive legar, det vil si 179 innbyggjarar per lege. Blant OECD landa er det berre Austerrike som ligg betre an enn oss.
Eg trur den viktigaste grunnen er at vi i dag har så mykje meir å tilby våre pasientar enn for få tiår tilbake. Dette har ikkje kome klårt fram i den pågåande debatten
Både menn og kvinner blir stadig eldre og tilsynelatande er vi friskare enn nokon gong. Kvifor opplever vi då dette store presset på helsevesenet? Den aldrande befolkninga spelar sjølvsagt ei rolle, lågare terskel for å oppsøkja helsehjelp, høge forventningar frå folk, perfeksjonistiske legar som er redde for å gjera feil og få klagesak på seg? Ja alt dette, men eg trur den viktigaste grunnen er at vi i dag har så mykje meir å tilby våre pasientar enn for få tiår tilbake. Dette har ikkje kome klårt fram i den pågåande debatten.
Eg trur ikkje folk flest har teke innover seg kor trygt dei har det i dag!
Då eg og mine med-studentar var ferske legar i 1982, gjekk vi inn i ein travel kvardag med lange vakter. Men vi hadde likevel tid til lønsj og prat med kollegaer, og etter midnatt fekk vi som oftast sova eit par timar, dette i motsetning til dagens unge kollegaer. Men den store forskjellen er det vi hadde å tilby våre alvorleg sjuke pasientar den gongen samanlikna med i dag. Det er ikkje berre ein viss framgang, det er eit kvantesprang på dei fleste medisinske felt: hjertekar-sjukdomar, kreft, revmatiske sjukdomar, avansert og meir skånsom kirurgi, prehospitale tenester etc. Eit illustrerande døme er barnekreft der omlag 90 prosent døydde i 1970, i dag er dette motsett. Mitt arbeidsfelt er hjertesvikt. På 1980-talet hadde vi stort sett bare vanndrivande medisiner, i dag har vi ei rekkje effektive medikament og i tillegg ulike avanserte intervensjonar. Det er ei ny verd, og eg grip meg av og til i å nevna for pasientar at det er takka vera dette at dei er i live og har livskvalitet. Eg trur ikkje folk flest har teke innover seg kor trygt dei har det i dag!
Ikkje vent med å staka ut ein ny kurs
Men store framskritt kjem ikkje utan kostnadar, det er ikkje berre tale om diagnostikk og behandling, men vel så mykje livslang oppfølging. Mange av desse som ville vore døde i 1980 lever no ofte med god livskvalitet, men dei er kronikarar som brått kan bli dårlege, og ha trong for akutt innlegging. Dei blir fleire og fleire, dei fyller opp akuttmottaka, og gjer kvardagen hektisk. I tillegg kjem ei anna stor og ressurskrevjande gruppe, nemleg unge som ikkje taklar kvardagen og blir innlagt med sjølvpåførte forgiftingar og skader.
Store framskritt kjem ikkje utan kostnadar
Det er ingen tvil om at dette berre vil auka i framtida. Vi får stadig nye og avanserte behandlingstilbod, gjennomsnittleg levealder vil stiga til om lag 90 år i 2060, og vi ønsker alle det beste tilbodet både for oss sjølve og våre næraste. Norge er eit rikt land, men vi har og avgrensa ressursar, og halve befolkninga kan ikkje sysselsettast i helsevesenet!
Eg opplever ikkje at politikarar og helseadministratorar tek dette inn over seg. Ingen sit på ei enkel løysing, men det er kanskje tid for å setja seg ned og planlegga litt lenger enn neste budsjettperiode ? Til slutt eit råd til unge kollegaer som opplever at det buttar imot, ikkje vent med å staka ut ein ny kurs til det er for seint!