Kristne leiarar i lomma på makta
IRAN: Leiarar for godkjende kristne minoritetar i Iran kallar demonstrantar for «giftige soppar» og «kreftsvulstar» – og vert utnytta i ayatollah-propagandaen.

Demonstrasjonane som prøver å velta det brutale regimet i Iran, har skapt djup splitting mellom leiarar for godkjende kristne minoritetar, og kristne som risikerer liv og helse i gate- og nettprotestar.
Det sjia-muslimske regimet godkjenner tre religiøse minoritetar – kristne, jødar og Zarathustra-tilhengjarar. Dei kristne har to representantar i parlamentet, dei andre minoritetane har kvar sin.

Dei armenske og assyriske kristne på kanskje 20-25.000 menneske får praktisera trua, men berre i heimar og kyrkjebygg og på eigne etniske språk. Å dela kristen tru på farsi (persisk) er forbode. Ei rekkje assyriske og armenske kyrkjer som har teke imot konvertittar, som det er blitt mange av i Iran, er blitt stengde, og pastorar er blitt fengsla eller pressa ut av landet.
Ei spørjeundersøking har opna for at det kan vera så mange som ein million hemmelege kristne i landet. På line med bahaiane vert dei rekna som «kjettarar» og ein trussel mot ayatollah-styret.
Fleire titals unge assyriske og armenske kristne i og utanfor landet har gått saman for å visa at dei ser heilt annleis på demonstrasjonane enn dei regimetru kristentoppane i Teheran
Kristen protest
For to månader sidan sende 300 kristne ut eit opprop til støtte for demonstrasjonane som starta etter at den unge kurdiske Mahsa Amini døydde i hendene på det brutale moralpolitiet fordi ho brukte hijaben «feil».
Dei 300 var tydelege på at dei ville vera med i protestar «mot den 43 år gamle blodtørstige smitten i samfunnet vårt», ein klar referanse til den islamske revolusjonen i 1979. Målet er, skreiv dei, «ein fullstendig revolusjon». Signaturane kom frå leiande folk i uregistrerte kyrkjer. Då 40-50 unge frå den godkjente assyriske minoriteten gjekk ut i gatene eller støtta demonstrasjonane på nettet, åtvara assyriske kyrkjeleiarar og den assyriske representanten i parlamentet dei unge mot å demonstrera.
Aller hardast var eit tidlegare medlem av parlamentet, Yonathan Betkolia. I eit lengre intervju i statlege media brukte han ord som «giftig sopp» og «kreftsvulst». Kristne som protesterer, «må opererast vekk (...) frå det kristne samfunnet i Iran», sa han.
Leiarane til dei to kristne minoritetane vart henta inn til eit møte med etterretningstenesta. Dei måtte signera erklæringar og gje frå seg lister over demonstrantar, skriv Stefanusalliansens partnar Article18 som har eit breitt kjeldenett i Iran.
Då 40-50 unge frå den godkjente assyriske minoriteten gjekk ut i gatene eller støtta demonstrasjonane på nettet, åtvara assyriske kyrkjeleiarar og den assyriske representanten i parlamentet dei unge mot å demonstrera
Utnytta av regimet
Regimet brukar no åtvaringane frå leiarane av dei godkjende kristne samfunna i propagandaen. Etterretningstenesta sender ut erklæringar som minner om fråsegnene frå dei armenske og assyriske kyrkjene i Teheran, skriv Article18.
Men fleire titals unge assyriske og armenske kristne i og utanfor landet har gått saman for å visa at dei ser heilt annleis på demonstrasjonane enn dei regimetru kristentoppane i Teheran. I videoar i sosiale media gjev dei full støtte til dei som protesterer ikkje berre mot hijab, men mot heile regimet. Dei unge kristne repeterer slagordet for den nye revolusjonen: «kvinner, liv, fridom».
Det er desse unge som er dei sanne representantane for kristne i Iran. Kristne leiarar som forsvarar ei tyrannisk makt er like ille i Iran som i Russland.