Jula blir aldri meir ringt inn
MIDTAUSTEN: Det er ti år sidan jula blei ringt inn for aller siste gong i storbyen Mosul i Nord-Irak. Blir Midtausten tømt for kristne?

Kristne er på 20 år blitt redusert til ein ørliten minoritet i Irak. Før 2003 var det 1,3 millionar kristne i Irak. Dei utgjorde vel 5 prosent av eit folketal på 24 millionar. I dag er det berre kring 200.000 kristne igjen, av 44 millionar – mindre enn 0,5 prosent av folket.

Kristendomen kom til Irak med apostlane for 2000 år sidan. Kristne her har levd i det persiske imperiet og under ulike muslimske herskarar sidan 600-talet. Forfølging og diskriminering har gått i bølgjer.
Diktatoren Saddam Hussein hadde enkelte kristne i regjeringa. Men gradvis vart islamiseringa forsterka på 1980- og 90-talet. Moskear som vart bygde med pengar frå Saudi-Arabia og andre land i Golfen, spreidde radikale idear som sette også kristne under hardare press.
Då Saddam etter Golfkrigen på 90-talet brutalt gjekk laus på kurdarane som hadde gjort opprør nord i Irak, brende han også kyrkjer og kristne landsbyar og dreiv kristne på flukt. Men ei flyforbodssone stogga Saddam. Dei kurdiske områda i nord er dei einaste områda der kristne har vendt tilbake etter å ha blitt fordrivne. Den sjølvstyrte kurdiske regionen som kom ut av opprøret, skulle bli ei redning også for mange kristne i Irak.
Terror og folkemord
Så kom den amerikanske invasjonen i 2003. Svært mange kristne flykta ut av landet, frå blodige militsangrep, drap og borgarkrig. Andre kristne flytta nordover. Ut av kaoset vaks så IS.
I juni 2014 kom IS til den nordlege storbyen Mosul. Eit IS-ultimatum tømde byen for kristne – det var framleis innpå 40.000 av dei. Berre nokre titals er i dag tilbake. Kyrkjene, unnateke ei, ligg i ruinar.
Moskear som vart bygde med pengar frå Saudi-Arabia og andre land i Golfen, spreidde radikale idear som sette kristne under hardare press
I dag bor det kristne i berre sju av Iraks 18 provinsar, og det er aktive kristne samfunn i berre tre – i den sjølvstyrte kurdiske provinsen (dit mange flykta) og på den tilgrensande Ninive-sletta der ein god del tusen har vendt attende etter flukta frå IS i 2014.
I nabolandet Tyrkia førte folkemordet frå 1915 til at dei store kristne folkegruppene – armenarar, assyriske kristne og greske kristne – vart redusert til ein ørliten minoritet. I Irak har eg intervjua både armenske og assyriske kristne som er etterkomarar av menneske som overlevde folkemordet i Tyrkia. Dei brukar all si tid på å skapa håp, for å sikra at Irak ikkje blir tømt for kristne.
I Syria er talet på kristne på 20 år halvert. Det ein gong sterke kristne samfunnet i kaotiske Libanon vert sterkt svekka av utvandring.
Gamle røter, sterkt press
Også den største kristne minoriteten i Midtausten, den koptiske i Egypt, er under press, også frå utvandring. Egyptiske kristne reknar si historie tilbake til at Maria, Josef og Jesusbarnet flykta til Egypt for å unngå dei massive drapa på gutebarn under kong Herodes.
I Gaza har det også vore kristne i 2000 år. I Det nye testamentet les vi at apostelen Filip var på veg til Gaza då han let ein egyptisk hoffmann sitja på.
Etter at islamistiske Hamas tok makta i 2007 og Israel og Egypt innførte blokade, er to tredjedelar blitt borte. Den tragiske krigen kan føra til at Gaza kan bli tømt for kristne for godt. Den vesle minoriteten kristne i Aust-Jerusalem, Betlehem og resten av Vestbreidda blir mindre og mindre under det massive trykket frå konflikten mellom Israel og dei palestinske naboane. Det vil vera tragisk om området der kristendomen oppstod, endar som eit museum over 2000 års kristen historie.
Det er illevarslande at til dømes Noreg har slutta å støtta hjelpearbeid i Irak for kristne og andre som overlevde IS-terroren. Skal sårbare offer for den amerikanske invasjonen og seinare IS overlatast til seg sjølve?
Vender islam ryggen
På den andre sida: Medan dei historiske kyrkjene kjempar for å overleva, skjer det viktige endringar. I land som Tyrkia og Irak gror det fram protestantiske kyrkjer av folk som har gått over frå islam. Aller sterkast er fenomenet i Libanon som har teke imot langt over millionen av flyktningar frå terror og krig i Syria og Irak. Mange muslimar er blitt ateistar, dei orkar ikkje meir terror i Allahs namn. Men i Libanon opplever mange kyrkjer stor pågang av menneske som søkjer både hjelp og ein annan himmel over sine liv enn religiøst grunngitt vald. Ikkje få har lete seg døypa.
Det er illevarslande at Noreg har slutta å støtta hjelpearbeid i Irak for kristne og andre som overlevde IS-terroren
Også på Den arabiske halvøya – islams heimland – kjem menneske med muslimsk bakgrunn til kristen tru. Det skjer jamvel i Saudi-Arabia. Men i islams heimland skjer dette framleis i løyndom.
Den arabiske halvøy kan skriva si kristne historie også tilbake til dei første tiåra etter Jesu fødsel. Paulus sitt første reisemål etter omvendinga på vegen til Damaskus var Arabia (Gal 1,17). Nye arkeologiske funn – som Emiratane viser fram – kastar lys over den kristne historia før islam. Emiratane har også nyleg opna sitt oppsiktsvekkjande religiøse prestisjeprosjekt: Abrahams Familiehus består av ein moské, ei kyrkje og ein synagoge – tre likeverdige gudshus på same tomt.
Kyrkjer i islams heimland
Den arabiske halvøy er også arena for ei anna viktig utvikling: Tiåra med gigant-import av gjestearbeidarar frå Asia har gitt Emiratane, Qatar og naboland minst fire millionar kristne. Det er bygt kyrkjer i alle land unnateke Saudi-Arabia. Det skjer dessutan eit aktivt arbeid for å spreia biblar i islams heimland.
Krigens og terrorens mørke heng over Det heilage landet. Det kristne fotfestet i Midtausten er mange stader under beinhardt press. Det må vestlege kyrkjer og styresmakter ta hardt innover seg. Men på uventa måtar gror det opp nye kristne samfunn.