Ikkje greitt!
KJØNNSIDENTITET: Å bli kritisert og stilt til ansvar overfor kristne brødre og søstre for korleis ein er skapt, går på menneskeverdet laust.

Rikke Grevstad Kopperstad har i eit innlegg i Vårt Land teke til orde for å drøfte innhaldet i omgrepet «trygge rom». Hadde ho teke bryet med å gå tilbake til Visjonsdokumentet vi vedtok i 2018, ville ho sett at dette er klart definert der:
Kyrkja skaper trygge rom:
- Alle menneske har ukrenkeleg verdi.
- Kyrkja deltek i arbeid mot undertrykking og alle former for vald og overgrep.
- Kyrkja fremjer språk for, og samtale om, grenser, makt og seksualitet.
- Kyrkja deltek i meetoo-bevegelsen, torsdager-i-svart og tilsvarande.

Ikkje greitt
Når Rikke (vi har vore kollegaer i bispedømerådet såpass lenge, at eg tillét meg å bruke førenamn) nok ein gong hevdar at ho blir «krenka» for å kome fram med meiningane sine – og at meiningsytringar også burde vore inkludert i «trygge rom», så er det grunn til å peike på nokre forhold. Ingen har nekta Rikke å ha slike haldningar; Voltaire har jo sagt det ganske greitt: «Eg er usamd i meiningane dine, men vil til døden forsvare retten din til å hevde dei!». Men når meiningane bryt med det første punktet i det vi vedtok på Kyrkjemøtet i 2018, er det grunn til å påpeike dette.
Mange med lhbt-bakgrunn har slite lenge med sjølvrespekt og å halde på barnetrua i møte med at ein har ei anna legning eller kjønnsuttrykk enn det fleirtalet har. Når enkelte hevdar å ha monopol på «sanninga», og brukar dette som eit maktmiddel, er dette ikkje greitt!
Å få fortalt at ein ikkje finst («da jeg [Rikke] på et annet kirkemøte sa at det bare finnes to kjønn») er ikkje greitt – og slik eg ser det er det heller ikkje bibelsk grunnlag for ein slik kategorisk påstand. Ein blir ikkje krenka fordi ein blir imøtegått på påstandane sine, men når meiningane går på menneskeverdet laust for dei det gjeld, så må dette påtalast.
Det er ikkje ein kristen dyd å først trykke sine medmenneske ned i søla, for så å tilby seg å reise dei oppatt!
Gud vil det beste for oss
Eg er ei enkel sjel, og for meg er dette enkelt: Eg trur på ein Gud som har skapt oss akkurat slik Han vil vi skal vere. Og Han kjenner oss fullt ut, både våre sterke og svake sider. Og Han har gjeve oss seksualiteten som ei god Guds gåve.
Eg nektar å vere med på ein argumentasjon om at Han skulle ha skapt oss med «ein tårn i kjødet», at Han skal ha skapt oss med ei legning eller eit kjønnsuttrykk som ein prøvelse for oss – noko vi skulle fornekte og ta avstand ifrå? Tvert imot trur eg at Han ønskjer det beste for oss, og det er grunnen til at eg var med på vedtaket om likekjønna vigsel i kyrkja; slik at også kristne med lhbt-bakgrunn skulle få høve til å love evig truskap overfor Gud og den ein ønskjer å dele livet med!
Kvar av oss skal vi svare for våre haldningar og handlingar ein gong. Men å bli kritisert og stilt til ansvar for korleis ein er skapt overfor (for så vidt) velmeinande kristne brødre og søstre er ikkje greitt. Eg stolar på at Guds nåde er større enn den nåden desse kan framvise!
Skaparverket er mangfaldig
Rikke snakkar om «biologiske fakta» og framhever faren med å presentere «skadelege teoriar» for barn og unge. Å drive haldningsskapande arbeid i skule og barnehage er ikkjeå spreie skadelege teoriar – det handlar om folkeopplysning. Når ein tek omsyn til alder og utviklingsnivå, så trur eg at dei aller fleste greier å sjå kva dette dreier seg om – sjølv om enkelte visst meiner at seksualitet framleis er noko ein ikkje bør snakke om i skulen.
Så lenge «homo» er det mest brukte skjellsordet i norsk skule, så er det faktisk behov for å snakke ope om at ikkje alle passar inn i hetero-normen, og at enkelte også har eit kjønnsuttrykk som kan verke framandt. Det er ikkje slik at denne undervisinga strir mot «biologiske fakta», den er heller eit uttrykk for at naturen (og Skaparverket) er meir mangfaldig enn det folk trur!
«Kva er sanning?», sa Pilatus. Når enkelte hevdar å ha monopol på dette utan å sjå at Bibelen må lesast med kjærleiken sine briller (1. Kor 13, 1-3), så er det problematisk. Ein kan lett falle for freistinga til å leite etter «flisa i auget til bror sin», utan å sjå kva dette gjer med den ein vil prøve å «rettleie». Det er ikkje – og må heller aldri bli - ein kristen dyd å først trykke sine medmenneske ned i søla, for så å tilby seg å reise dei oppatt!