«Frimodig kyrkje ønskjer at kyrkja skal samla fulle hus»

KIRKEDEMOKRATI: Fråsegna om kva vi «ønskjer» er feil. Vi ønskjer at kyrkja skal samla fulle hus, der folk er motiverte av kyrkja sitt oppdrag.

VALGDELTAKING: Som ein liten ettertanke: Kva er poenget med å framstilla ei valdeltaking på 10 % pluss/minus som «demokratisk»? Er det ikkje heller ein skandale? spør Egil Morland.
Publisert Sist oppdatert

Karl Øyvind Jordell skriv i Vårt Land 18. juni at vi «vet at hvis Bønnelista og Frimodig kirke vinner fram, vil vi slippe strevsomme valgordninger. Og valgdeltagelsen vil synke til en tredel av hva den er nå. Det ser ut til å være det de to partiene ønsker.»

Egil Morland, Frimodig kirke.
Egil Morland, Frimodig kyrkje.

Eg er ein av dei som i om lag 25 år har ytra meg om dette spørsmålet. Samanfatta har eg stått for følgjande:

Bør vere gjennomgåande representasjon

Det bør vera indirekte val til bispedømeråd og kyrkjemøte, eller annleis sagt: Gjennomgåande representasjon, der soknerådet og lokalkyrkja er basis. Når kvart medlem i kyrkjemøtet også sit i eit sokneråd, veit dei kor skoen trykkjer. Dei skal også setja vedtaka ut i livet.

Frå fleire seminar i Kyrkjerådet hugsar eg spesielt at våre fremste valforskarar ikkje kunne seia at indirekte val er mindre «demokratiske» enn direkte. Heile sivilsamfunnet elles byggjer på indirekte val.

Kor og når skal valet skje?

Kyrkjevalet skal ikkje skje samstundes med politiske val, og slett ikkje i same eller nærliggjande lokale. Ein slik praksis vart samrøystes og med sterke ord avvist i innstillinga om det livssynsopne samfunnet (NOU 2013:1, s. 136). Eg har til gode å sjå at andre enn Human-Etisk Forbund ser kor prinsipielt viktig det er!

Ordninga med val knytt til kyrkjehuset etter ei gudsteneste har vore brukt sidan det første soknerådsvalet vart halde i 1923. Dette spring ut av sjølve kyrkjeforståinga: Kyrkja er forsamlinga av dei truande, der ord og sakrament vert forkynt og formidla på rett vis (lett omskrive etter CA 7).

Når skal vi alle bli meir opptekne av det valet som skjer kvar søndag enn av det som skjer kvart fjerde år?

Hevdar skjult motivasjon

Dette har det vore konsekvent argumentert for i heile den siste fasen av kyrkjereformer, like frå innstillinga «Same kyrkje – ny ordning» (1998–2002) til i dag. Her ligg motivasjonen for Frimodig Kyrkje. Men i staden for å referera tilgjengeleg dokumentasjon for denne opne motivasjonen, gjer Jordell krav på å kjenna den eigentlege: Lågare valdeltaking «ser ut til å være det de [to partiene] ønsker.» Han har pirka i oss før. Men eg har aldri sett at han har brydd seg med det vi faktisk har sagt om desse spørsmåla.

Fråsegna om kva vi «ønskjer» er feil. Vi ønskjer at kyrkja skal samla fulle hus, der folk er motiverte av kyrkja sitt oppdrag og engasjerte i val av kyrkja sine styringsorgan.

Og, som ein liten ettertanke: Kva er poenget med å framstilla ei valdeltaking på 10 % pluss/minus som «demokratisk»? Er det ikkje heller ein skandale?

Når skal vi alle bli meir opptekne av det valet som skjer kvar søndag enn av det som skjer kvart fjerde år? Det første kan faktisk gjera noko med kyrkja sin stilling i folket, det siste kan det slett ikkje.

Powered by Labrador CMS