Ei uheldig omsetjing

BIBELOMSETJING: Ei ny bibelomsetjing må vere tydelig på at Paulus si utfordring går til fedrene.

BORNA SI SIDE: Den ugifte Paulus viser si innsikt i dynamikken i ein familie, og stiller seg tydeleg på borna si side, skriv Kjartan Ruset.
Publisert Sist oppdatert

Med både farsdag og bibelomsetjing i fokus (VL 11. nov), vert det ekstra tydeleg at to viktige ord av Paulus har fått ei uheldig omsetjing i 2011-bibelen, som ein må vone ikkje gjentek seg i den nye revisjonen som er på trappene.

I to av sine «hustavler» framhevar Paulus det fjerde bodet med tanke på borna. Men så snur han på det, og gjer det klart at det fjerde bodet også forpliktar fedrane (her sitert etter 1978-Bibelen): «De fedrar, vekk ikkje sinne og trass hjå borna, men gjev dei den oppseding og rettleiing som er etter Herrens vilje» (Ef 6,4); «De fedrar skal ikkje stella dykk såleis med borna at dei vert arge og misser motet» (Kol 3,21).

Kjartan Ruset
Kjartan Ruset er pensjonert sokneprest

Paulus gjev far ei utfordring

I sin likestillings-iver har 2011-omsetjinga bytt ut ‘de fedrar’ med ‘de foreldre’. Vår tid er vel ikkje så kjønnslikestilt at det ikkje er nettopp far som mest står i fare for å utøve hard kustus mot borna. I alle fall var det slik i ein patriarkalsk kultur på Paulus si tid. Dess viktigare er det at Paulus vert lest akkurat slik han meinte det: å gje far ei utfordring i høve til borna.

Den ugifte Paulus viser med dette si innsikt i dynamikken i ein familie, og stiller seg tydeleg på borna si side

Det er ikkje urimeleg at Paulus her talar utifrå eiga røynsle. Han fortel sjølv (Fil 3) at han var oppdregen som farisear, eit utdanningsløp som kunne starte frå 8-årsalderen. Såleis kan han ha kjent på kroppen kva ei urimeleg streng oppseding kan vekke av sinne og trass i eit barn.

På borna si side

Den ugifte Paulus viser med dette si innsikt i dynamikken i ein familie, og stiller seg tydeleg på borna si side. At orda hans får stå slik dei er meinte, med sin brodd mot patriarken, er dess viktigare i ein bibel som elles gjev mangfaldige uttrykk for antikkens patriarkalisme.

Powered by Labrador CMS