«Det er vanskelig å sjå «Vår Far» som noko anna enn eit mistak»
BIEBELEN: Ein revisjon skal helst retta opp i mistak. Det er vanskeleg å sjå «Vår Far» i Matt 6,9 som noko anna enn akkurat det, eit mistak.

Ordskiftet om revisjonen av Bibel 2011 har so langt for det aller meste handla om ordval og formuleringar i bokmålsomsetjinga, og nynorsken har so godt som ikkje vorte nemnd.
Ein revisjon skal helst retta opp i mistak, og det er vanskeleg å sjå «Vår Far» i Matt 6,9 som noko anna enn akkurat det, eit mistak. Når ein har eigedomspronomenet ståande fyrst, skal det i utgangspunktet uttalast trykksterkt, og det trur eg ikkje er meininga her.
Bokmålet kan nok seiast å ha dekking for formuleringa gjennom dansk skrifttradisjon (i dansk har ein so godt som aldri eigedomspronomenet etterstilt), medan omsnuinga av rekkjefylgda på eigedomspronomenet og substantivet verkar berre rang og malplassert på nynorsk i so godt som alle andre tilfelle enn når det skal vera trykksterkt.

Mindre folkeleg
Målet med å setja inn «Far» i staden for «Fader» var å gjera språket meir folkeleg, men når ein har snutt om på ordfylgda, har ein heller oppnått det motsette. Det er tydeleg at det er gjort eit poeng ut av å føra nynorskversjonen nærast mogeleg bokmålsversjonen (som byggjer på dansk skrifttradisjon), det ville nok vore til det beste om båe omsetjingane heller tok utgangspunkt i norsk ordlegging.
Somtid har ein bruk for å setja eigedomspronomenet fyrst, nemleg når det skal vera trykksterkt og stå som ein motsetnad: vår far, men ikkje din far. Eg kan òg leggja til at ein har ein del faste vendingar der det skal vera føresett, til dømes «i våre dagar», men det er ikkje det me har å gjera med her. Meininga er vel at det skal vera tiltale til Faderen.
Mogleg løysing
No bør eg kanskje koma med eit framlegg til løysing på problemet. «Far vår i himmelen» verkar kanskje litt lite høveleg av di «far vår» ikkje er noko ein seier til vanleg i tiltale (altso til ein jordisk far), men kan ein heller ta etter Lukasevangeliet og kvitta seg med «vår» og samstundes tilnærma seg dei førre omsetjingane? Slik at det då gjerne vert: «Far, du som er i himmelen» («Far i himmelen» fungerer heller ikkje).
Nett no er bøna svært lite munnleg, og endå om ho vert nytta i liturgien i Den norske kyrkja, trur eg ikkje ho fester seg like godt i hjerneborken som den gamle gjorde. For oss som er vane med dei eldre omsetjingane, er det ikkje noko problem – me held fram som før. Medan den oppveksande generasjonen, eller dei som berre har vorte lærte opp i «Vår Far», kjem kanskje ikkje til å ha det like lett med å finna fram til bøna i ei spontan bønestund.