Den avslørande abortdebatten
POLITIKK: SV sin fellesskapstanke forsvinn når det står om livet.

Dette er ei spalte om tru, ikkje om politikk. Det er likevel tallause tangeringspunkt, og ein skal ikkje skygga unna når skjeringspunktet vert smertefullt.
SV har med vårens abortutspel verkeleg utfordra mange, også på måtar som opphevar vanlege skiljeliner i den såkalla abortdebatten. Mange har kritisert SV for forslaget om å utvida abortgrensa gjennom å avskaffa nemndene, også mange som har eit anna synspunkt enn mitt tradisjonelle kristne syn, at livet må vernast heilt frå det vert unnfanga.

Eit ekko frå fortida
Litt av grunnen kan vera at dei gammalmodige debattmomenta hjå SV ropar på allmenn korrigering, og ikkje berre ut frå klassisk kristentru.
Kommentator i avisa Dag og Tid, Eivor A. Oftestad, sette nyleg fingeren på at mens mykje har endra seg innan fostermedisin og fosterdiagnostikk i tiåra sidan abortdebatten på 70-talet, viser vårens debatt at SV sin argumentasjon står stilt. Oftestad viser at det er eit ekko frå fortida når SV framleis insisterer på at fosteret er ein del av kvinnekroppen, og at kvinna dermed rettmessig er heilt suveren når det gjeld å definera kva verdi denne delen av henne skal ha.
SV-retorikken definerer sjølve hovudpersonen ut av fellesskapet
Sofie Braut
Vi ser døme på dette overalt i SVs resonnement. Til dømes hos partileiar Audun Lysbakken: «Enhver utvidelse av selvbestemmelsen er et skritt i riktig retning» (VG 29/4). Eller som to representantar frå Sosialistisk Ungdom, Sigve Fredriksen og Hans Christian Andersen Knudsen oppsummerte i eit Aftenposteninnlegg 30.april: «SV stemte (…) for å flytte makt fra nemnd til kvinne.»
SV-retorikken definerer sjølve hovudpersonen ut av fellesskapet, og søkjer samtidig å omdefinera og redusera ein av dei viktigaste etiske diskusjonane i samtida vår til ein rein maktdebatt.
Kva slags fellesskap vil SV ha?
Det vert i denne samanhengen naturleg å stilla spørsmål ved kva fellesskapstanke SV eigentleg promoterer. Er det eit fellesskap som er berekraftig, nærværande og påliteleg også i møte med dei krevjande situasjonane i livet? Er det eit fellesskap prega av tillit?
For å forklara nærare: Også SV ser ut til å legga til grunn at abort er ei vanskeleg sak. I slike saker er det nærliggande å tenka at fellesskapet, ikkje berre den einskilde sin tilgang til personleg nettverk, skal spela ei rolle.
Det er freistande å minna om at nemnda ikkje er mellomaldarprestar, men kvalifisert medisinsk personell
Sofie Braut
Omgrepet «fellesskap» florerer i SVs program, og gjestar du SV på nett finn du fort ut at dette med fellesskap er ein nøkkel.
For å sitera programmet: «noe av det beste med Norge er små forskjeller og sterke fellesskap». Langt meir interessant enn slike utsegn, er likevel å undersøka kva berekraft orda har inn i konkrete saker. Viktige etiske og moralske spørsmål er nettopp der idear vert prøvde.
SV står for eit flyktig fellesskap
I lys av vårens abortutspel ser det ut for at SV står for eit flyktig fellesskap, programmert til å dra seg unna akkurat i det mennesket treng det som mest.
Fosterets rettsvern er nemleg avhengig av eit fellesskap som argumenterer for det, og reknar med fosteret som part i saka om det har livsrett. Det burde vera unødvendig å nemna det for eit parti som SV, men som alle svake og stemmelause grupper, treng fosteret vern forankra i eit sterkt fellesskap.
Det er vanskeleg å tru på SV sin fellesskapsvisjon, når kvinna og barnet ho ber på potensielt vert overlatne til seg sjølv
Sofie Braut
Kvinna, på si side, er også avhengig av eit fellesskap som kan hjelpa henne til å navigera i svært krevjande etiske farvatn. Forsøket på å seia at dette berre dreier seg om makt og ikkje etikk, er retorisk alkymi; det er utdatert og er svakt fagleg fundert. Forsøket på å isolera kvinna i valsituasjonen er også ein mildt sagt merkeleg manøver frå eit fellesskapsorientert parti.
Kor vert tilliten til fellesskapen av når ein treng han som mest? Når eit liv kan avhenga av han?
Fellesskap berre til festbruk
Eimen av inkvisisjon heng tung rundt SV sin omtale av abortnemnd. Tilliten til at fellesskap og fagpersonar vil oss vel, ser ut til å fordunsta i iveren etter individualistisk reform og forenkling.
Det er freistande å minna om at nemnda ikkje er mellomaldarprestar, men kvalifisert medisinsk personell som, trass i at dei godkjenner langt dei fleste seinabort-søknadane, også reddar liv. Korleis kan det vera uvesentleg? Dei bidreg også med fagleg innsikt i ein særs krevjande situasjon, der fleire omsyn bør takast med.
Det er vanskeleg å tru på SV sin fellesskapsvisjon, når kvinna og barnet ho ber på potensielt vert overlatne til seg sjølv i ein situasjon som heilt openbert treng ein tredjepart. Dessutan, korleis står det til med realismen i menneskesynet dersom tanken til SV er at eg som kvinne i denne situasjonen brått er ufeilbarleg, og aldri kan koma til å trenga både korrektiv og hjelp?
«Vi trygges gjennom sterke fellesskap og velferd», heiter det i partiprogrammet til SV. Men om fellesskapet berre er til festbruk, og vert redusert til rein individualisme når det står om livet, då er det faktisk SV som verkeleggjer 80-talets Thatcherisme: «There is no such thing as society».