Far dømt for å ha drukna dotter i dåpsbasseng
USA: Ein mann er dømt til elleve år i fengsel for å ha drukna den fire år gamle dottera si i eit dåpsbasseng i ei katolsk kyrkje i California, medan han var rusa på metamfetamin.

Førre veke blei ein amerikansk mann dømt til elleve år i fengsel for forsettleg drap på si fire år gamle dotter. Det skriv den amerikanske avisa Christian Post.
Hendinga skal ha skjedd i ei katolsk kyrkje i byen Healdsburg i California i 2016.
Etter å ha røykt det narkotiske stoffet metamfetamin, og gått utan søvn i tre døgn skal han ha byrja å tru at han og hans to yngste barn blei angripne av vonde krefter. Han gjekk saman med dottera på fire og sonen som då var 9 år, dei vel to kilometrane til St. John katolske kyrkje, for å leite etter ein prest.
Trudde heilagt vatn ville drive vekk vonde krefter
Då han ikkje fann ein prest skal faren ha tatt med seg barna til det krossforma dåpsbassenget i kyrkja. Det var fylt med om lag 60 cm vatn, og han trudde det heilage vatnet ville drive vekk dei vonde kreftene han meinte hadde tatt plass i han sjølv og borna.
Han fortalde politiet at han drakk av vatnet, og bad borna sine gjera det same. Ifølgje ein rapport frå tilsynsverja skal han ha hevda at han berre gav dottera vatn, og at han aldri dukka ho under vatnet, ifølgje Christian Post.
Vidare sa han at han meinte håret hennar lyfta seg oppover då han gav ho vatn. Dette skremte han og fekk han til å gje ho meir vatn med handa si. Etter ho drukna skal han ha bore kroppen hennar til den nærmaste politistasjonen og bedt om hjelp. Sonen var vitne til det heile.
Viser ein viss grad av anger
Ifølgje lokalavisa KTUV skal mannen ha stått naken på parkeringsplassen utanfor politistasjonen og ropa «hjelp» og «politi» på spansk. Dottera skal ha vore fullt påkledd, medan sonen berre hadde på seg ein shorts.
Etter hendinga har han fått psykisk helsehjelp ved eit sjukehus. Han blei teken med tilbake til politiet i 2019, då legar konkluderte med at han igjen var ved god psykisk helse.
Han skal seinare ha vist ein viss grad av anger, då han har vedkjent at han hadde «ei rolle i ulukka».