Danske Morten Meldal blant vinnarane av nobelprisen i kjemi
NOBELPRISENE: Årets nobelpris i kjemi går til danske Morten Meldal (68) og Carolyn R. Bertozzi (55) og K. Barry Sharpless (81) i USA.

Prisen handlar om ein funksjonell måte å byggje molekyl på gjennom såkalla klikk-kjemi, skriv Kungliga Vetenskapsakademien i ei pressemelding.
Sharpless vinn sin andre nobelpris i kjemi. Han vann også i 2001.
– Årets kjemipris handlar om å ikkje gjere det så vanskeleg og i staden gå ut frå det lette og enkle. Sjølv om ein vel ein enkel veg, så kan ein byggje avanserte og brukande molekyl, seier formannen i Nobelkomiteen for kjemi, Johan Åqvist.