Nigerianske delstatar stengjer skular etter Boko Haram-kidnappingar
KATSINA: Skular i fleire delstatar nord i Nigeria blir stengde på ubestemt tid frå onsdag etter ei massekidnapping av skulebarn utført av jihadist-gruppa Boko Haram.

I Katsina, der 333 studentar vart kidnappa fredag, blir skulane stengde. Dei nærliggjande delstatane Zamfara, Kaduna, Jigawa og Kano følgjer etter.
Styresmaktene i Zamfara seier skulane blir stengde på grunn av angrepet i Katsina. Kano har ikkje oppgitt nokon grunn, medan Jigawa og Kaduna skuldar på koronapandemien.
Boko Haram har teke på seg ansvaret for kidnappingane i Katsina. Gruppa seier dei gjorde det fordi vestleg utdanning er antiislamsk.
Boko Haram har i årevis kjempa for å innføre eit strengt islamsk styresett i Nigeria. Gruppa stod òg bak bortføringa av 276 jenter frå ein skule i Chibok nord i Nigeria i 2014.
Minst hundre av desse jentene er framleis sakna.
(©NTB)