Kvite kristne lener seg mot Trump. Det same gjeld ikkje svarte
USA-VAL: Nye tal avdekker eit religiøst raseskilje i USA i forkant av presidentvalet.

Sist veke fridde den amerikanske presidentkandidaten Donald Trump til kristne veljarar under eit møte i North Carolina. Der snakka han om eiga tru, han oppmoda kristne veljarar om å stemma, og kalla motstandar Kamala Harris for det «verste marerittet» for både evangelikale og katolikkar.
Men religiøsitet påverkar amerikanske veljarar på ulikt vis, avdekker den amerikanske nettavisa Axios.
Nettavisa publiserer ferske tal som viser at kvite amerikanarar som ofte går i kyrkja, har større tilbøyelegheit til å stemma på Trump. Blant svarte veljarar har religiøs deltaking motsett effekt: Den senkar sannsynet for å stemma på Trump.
Nettavisa omtaler funna som eit «God gap», eller eit «Guds-skilje», der religiøs deltaking påverkar veljarane ulikt.
76 prosent av religiøse kvite vil stemma på Trump
I undersøkinga blir registrerte veljarar spurt om kven dei ville stemt på om det var presidentval i dag.
Svara viser at:
- Av kvite veljarar som sjeldan eller aldri går i kyrkja, svarer 43 prosent at dei vil stemma på Donald Trump. Blant dei som går i kyrkja ein gong i veka eller oftare, er prosenten oppe i 76.
- Svarte som ofte går i kyrkja, er mindre tilbøyelege til å stemma på Trump. Heile 85 prosent av religiøse svarte, vil stemma på Kamala Harris. Ho har også fleirtal blant svarte som går sjeldnare i kyrkja, men her er talet nede i 76 prosent.
- Blant latinamerikanarar liknar tendensen den til kvite. Dei som ofte går i kyrkja, er meir tilbøyelege til å stemma Donald Trump enn dei som ikkje går ofte i kyrkja.
Tala er henta frå The American Values Survey som vart utført via internett frå 16. august til 4. september. Målinga er basert på svar frå 5.027 vaksne i alle USAs delstatar.
Den amerikanske nettavisa Axios vart grunnlagt i 2016 av tidlegare Politico-journalistar.
Trump opna for at Gud greip inn
Banda mellom religion, rase og politikk har ei lang historie i USA.
Sidan 1980-talet har kvite evangelikale kristne mobilisert støtte til republikanske presidentkandidatar, skriv Axios. Svarte kyrkjer har vore knytt til demokratane sidan borgarrettsrørsla på 1950- og 1960-talet.
Donald Trump omtalar seg sjølv som presbyterianar, men snakkar sjeldan om personlege religiøse erfaringar eller teologi, skriv Axios. Eit unntak er i North Carolina førre veke, då han opna for at Gud redda han frå kulene, då han vart utsett for eit drapsforsøk i juli.
Kamala Harris vaks opp med tilknyting til både ei svart baptistkyrkje og til eit hindutempel. Ho har sagt at ho ber kvar dag.
– Eg vart oppdregen til å tru på ein kjærleg Gud, til å tru at trua di er eit verb, du lever trua di, sa ho under eit folkemøte sist veke.