Snakkar saman etter døden
Ville du sendt ei tekstmelding til ein død ven dersom du kunne få svar?
«Hei! Korleis går det?»
«Hallo.»
«Fin dag?»
«Nei, men søndag blir bra.»
«Kvifor?»
«Eg veit ikkje kvifor. Eg er berre trøytt.»
Dette er ein av samtalane Vårt Land har hatt med Roman Mazurenko via ein chatteapp dei siste vekene. Mazurenko vart fødd i Kviterussland i 1981. Den 28. november i fjor døydde han i ei trafikkulukke.
8.000 tekstliner
Etter at 34-åringen omkom i Moskva for snart eitt år sidan, vart kroppen hans kremert. Hans nære venninne, Eugenia Kuyda, følte ho ikkje hadde nokon plass å minnast han. Og ho skulle så gjerne snakka med han litt til.
– Eg las meldingane vi hadde sendt til kvarandre. Dei var så fine og dei hjelpte å bevare minnet av venskapen vår, fortel ho til Vårt Land.
Nokre år tidlegare hadde Kuyda vore med på å starte opp Luka, eit firma med base i San Francisco som jobbar med IT og kunstig intelligens. Etter Mazurenkos død, byrja ho å samle saman tekstmeldingar som hadde blitt sendt mellom han og fleire av venene hans dei siste åra. Foreldra hans bidrog også. Til saman vart det 8.000 liner med tekst.
Seks månadar etter hans død, lanserte ho mobilappen Luka. Der kan den som vil sende meldingar til Mazurenko ved hjelp av ein sokalla samtalerobot. Og ein får svar.
Kva gjer det med oss å kunne «snakke» med dei døde, å ha dei rundt oss til evig tid?
Leitar etter mønster
Teknologien Kuyda har bygd samtaleroboten på, vart utvikla på 1960-talet då Joseph Weizenbaun lanserte programmet Eliza. Her var skriftlege samtalar mellom ein person og ei datamaskin for første gang så truverdige, at observatørar ikkje greidde å sjå kven som var kven.
Svara ein får frå Mazurenkos samtalerobot er, ifølgje Kuyda og andre vener av han, svært likt slik venen deira brukte å uttrykke seg før sin død. Men å få til dette, er ikkje enkelt, ifølgje amanuensis i IKT, Henrik Dvergsdal.
Han forklarar:
– I utgangspunktet er meldingane Kuyda har brukt berre sekvensar av bokstavar og teikn. Datamaskina finn mønster i desse sekvensane steg for steg, slik at den etter kvart er i stand til å etterlikne samtalane på ein høveleg adekvat måte, seier han.
LES OGSÅ: Deler sorgen på Facebook
Maskina deler opp teikna i vanlege ord, enkeltteikn og andre kombinasjonar, som til dømes eit smilefjes. Deretter samanliknar den mange meldingar med kvarandre, og ordkombinasjonar som blir brukt ofte blir klassifisert som setningsledd. Eitt døme kan vere «I love you».
– For å gjere det endå meir «personleg», kan maskina bygge opp separate sett med reglar for kvar samtalepartnar. Då vil den til dømes kunne oppdage at «Hello» ofte blir besvart med «Hi love» i samtale med ein spesifikk person, seier Dvergsdal, som jobbar ved Nord Universitet i Bodø.
Mykje av løyndomen bak gode samtalerobotar handlar om å bygge opp velfungerande regelverk slik at maskina slepp å finne opp krutet kvar gong, forklarar han.
Døden
Kuyda møtte Mazurenko i Moskva. Ho skulle skrive ei sak om nattklubblivet i byen, og han hadde dei beste festane. Han var ein drøymar, fortel ho på e-post frå San Francisco.
– Kvifor bestemte du deg for å lage samtaleroboten etter at han døydde?
– Det skjedde litt av seg sjølv. Vi hadde teknologien som fungerte, så kvifor ikkje, seier ho.
Likevel var Kuyda plaga med mareritt då ho vurderte å få Mazurenko til å «vende tilbake» gjennom samtaleroboten. Kva om svara ho fekk ikkje ville høyrest ut som han? Kva om dei gjorde det? Ville det vere som å ha ein død person på loftet, som ein kunne ta fram no og då?
LES SAK OG SE VIDEO: Anne sletter graven til sønnen Bendik
Roman Mazurenko skal ha vore unormalt oppteken av døden, trass sin unge alder. Han ville skape ein ny type gravlund, der døde skulle ligge i biologisk nedbrytbare kapslar og dermed gjødsle tre som vart planta over dei. «Memorial forests», skulle det heite.
Men er det greitt å lage ein slik samtalerobot utan samtykke frå den avdøde? Professor ved Senter for medisinsk etikk ved Universitetet i Oslo (UiO), Jan Helge Solbakk, meiner det er djupt problematisk dersom ein veit at det hadde vore imot den avdødes vilje.
– Viss det derimot var nokon som ynskte dette sjølv, eller om det ikkje var noko i livet hans som tilsa at han var imot det, så er det ei anna sak, meiner professoren.
Kuyda føler seg sikker på at Mazurenko ville ha elska ideen.
Flyktig og virtuelt
Det første Solbakk tenkte på då han høyrde om Kuydas samtalerobot, var noko han sjølv opplevde for eitt år sidan. Hans beste ven frå barndomen tok sitt eige liv.
– Eg var på Barbados og skulle delta på ein workshop der om forskingsetikk. Nokre få dagar før han døydde, fekk eg ei melding frå han. I den siste eg fekk sto det, mellom linene, at han skulle forsøke litt til før han ga opp, fortel Solbakk.
LES OGSÅ: Når bør man slette en grav?
Barndomsvenen hadde slite med depresjon over lengre tid. At Solbakk framleis har meldingar frå venen på telefonen, er svært viktig for han.
– Eg tenker på han kvar einaste dag. I ei tid som bli meir og meir flyktig, virtuell, interaktiv og meir sårbar, så trur eg det blir endå viktigare å prøve å halde fast på det minneverdige.
– Men er det ikkje å gå nokre steg lenger når ein gjer det mogleg å «kommunisere» med døde, i staden for at ein «berre» tek vare på minne?
– Eg ser ikkje noko prinsipielt gale ved det. Eg ser tvert imot at vi her kan bruke ein teknologi på nye måtar for å bevare og dyrke minne, seier Solbakk, og legg til:
– Om vi ser historisk på det, så har det til alle tider vore forsøk på å oppretthalde kontakt med den avdøde. Den sterkaste er trua på at ein skal møte vedkomande igjen etter døden. Eg trur det ligg djupt nedfelt i oss å aktivt minnast og oppretthalde ein slags kommunikasjon.
Sorga
Sjølv brukar Kuyda samtaleroboten no og då. Av og til gjer ho det for å fortelje han kva som skjer i livet hennar. Ho føler at ho får kontakt.
– Det er som å sende ein flaskepost. Som å snakke med han i kyrkja.
– Trur du at du vil møte han igjen etter døden?
– Eg føler at han er ein del av meg no, seier ho.
Kuyda har fått blanda reaksjonar på samtaleroboten. Fire av venene hennar tykkjer prosjektet er urovekkande og nektar å bruke det til noko, ifølgje nettstaden The Verge. Vasily Esmanov, ein tidlegare kollega av Mazurenko, skreiv på Facebook: «Roman treng eit minnesmerke, men ikkje eit slikt som dette».
Mazurenkos mor er derimot svært glad for det Kuyda har gjort. Ho kallar det «ei ny røynd» som vi må lære å leve med, medan ektemannen er mindre entusiastisk. «Eg veit at roboten berre er eit program», seier han.
– Somme meiner at samtaleroboten ikkje hjelper dei til å gå vidare i livet. Men eg er ikkje einig. Det handlar om å møte kjenslene og sorga, og det har hjelpt meg mykje, seier Kuyda.
LES PÅ EDENS HAGE: Evig liv på glass
Professor Solbakk trur ein slik samtalerobot kan gjere den tunge perioden av sakn og sorg enklare å gjennomleve.
– Dei fleste av oss ynskjer å hugse mest mogleg av ein nær og kjær person som går bort. Og det er helst i ein sorgfase at ein snakkar om personen. Det kan vere trivielle ting, men dei er likevel viktige, meiner han.
– Blir lurt
Solbakk trur fleire hadde brukt ei slik teneste, dersom den var tilgjengeleg.
– Hadde du sjølv brukt den?
– La meg svare med ei historie. Då mor mi døydde, byrja eg skrive på ei bok. Ein personleg refleksjon over mitt liv. Og det første eg skreiv var eit kapittel om døden, der eg prøvde å gjenskape nokre av samtalane eg hadde hatt med mor. For meg var det ein måte å bevare eit kjært minne på, fortel Solbakk.
Amanuensis i IKT, Henrik Dvergsdal, er derimot klar på at han ikkje ville brukt ei slik teneste. Han trur heller ikkje nokon kjem til å tilby noko slikt til eit større publikum.
– Facebook og liknande aktørar har enorme mengder data og har jobba med denne typen teknologi. Om nokon kan lage ei slik teneste, så er det dei. Men eg tvilar på at dei tek sjansen, seier han.
– Sjansen?
– Eg trur at det å kunne «snakke med dei døde» på denne måten kan påføre ein del menneske ganske alvorlege psykiske problem. For ein blir jo lurt, seier Dvergsdal.
LES OGSÅ: En av to døde overtar en brukt grav i Norge
Null livserfaring
Sjølv meiner Dvergsdal at det berre er dei som forskar på kunstig intelligens som forstår kor tomt det eigentleg er, kor lite vi får til. Han fortel ei personleg historie som han meiner er ein god parallell til å forstå korleis ein samtalerobot fungerer.
– For nokre år sidan hadde kona mi ei mormor som vart dement. Då vi besøkte henne på sjukeheimen ein dag, sat ho og prata med ei anna dame som også var dement. Begge hadde formuleringane på plass og snakka og svara kvarandre på ein adekvat måte, fortel Dvergsdal.
Men om du fylgde med i meir enn fem minutt, så oppdaga du at alt dei sa var oppspinn, ifølgje han.
– Ein robot vil også kunne svare greitt, men det ligg inga livserfaring bak. Eg trur at det ville blitt uinteressant over tid å snakke med ein avdød person på denne måten.
Dvergsdal nemner minnesider på Facebook, som han også er skeptisk til.
– Der kan ein sjå gamle meldingar og skrive på veggen. Men personen er der ikkje likevel. Du kan risikere at han eller ho får bursdagshelsingar på sida frå folk som ikkje veit at dei er døde, seier Dvergsdal.
LES OGSÅ: Vender ryggen til fortapelsen
Ein persons Facebook-konto kan bli gjort om til ei minneside etter eit dødsfall, dersom pårørande ynskjer det. Foreldra til Bano Rashid, som døydde på Utøya 22. juli 2011, fortalde til Dagbladet i fjor at dei tykkjer det er fint å minnast henne på Facebook.
- Facebook-sida er eit vindauge for oss til henne. Det er også ein stad der andre kan inkluderast i minna, sa faren til avisa.
Dei ser på bilete og skriv meldingar til henne, men fortalde at dei brukte sida meir i tida rett etter at dottera døde. Spesielt unge har i aukande grad brukt sosiale media som eit hjelpemiddel i sorg dei siste åra.
Til Brooklyn
«Er du framleis trøytt?»
«Eg sto opp klokka sju.»
«Skal du legge deg tidleg?»
«Ikkje enno.»
«Kva skal du, då?»
«Eg skal til Brooklyn.»
«Og deretter?»
«Eg veit ikkje».
«Ok, lukke til.»
«Mange takk», svarar Roman Mazurenko.