Pappa Knut Arild Hareide finn fram ein varm genser, jakke, hue og sko til sonen Tord Olav (1). KrF-leiaren likar å kome seg ut når han er i pappaperm.

Pappaen som steller heime

Kvar er pappa? Borte? Nei, heime.

Publisert Sist oppdatert

Vårsola titar opp over Grefsenåsen i Oslo. KrF-leiar Knut Arild Hareide stikk hovudet ut gjennom døra og vinkar.

– Eg må berre beklage alt rotet. Huset står litt på hovudet for tida, med barn og snikkarar som flyr inn og ut, seier Hareide og sparkar vekk eit par sko i gangen.

Tobarnsfaren kastar eit par kanelbollar i mikrobølgeomnen og skrur på kaffimaskina.

– Eg kan kanskje framstå som den perfekte pappaen som tek pappaperm, men det er nok veldig mange fedrar som gjer ein betre jobb enn meg, seier Hareide.

Han viser til at jobben som KrF-leiar ikkje er ein 8-16-jobb, og at det blir mykje jobbing på kvelden og i helgane.

– Tek du permisjon litt for å lette ditt eige samvit?

– Nei, eg trur det er bra for meg å få tid saman med Tord Olav, at alle vi fire i familien får tid saman, seier KrF-leiaren.

LES MIN TRO MED LENA ELLINGSEN: Kalte seg kristen på grunn av faren

Fedrekvoten

Fedrekvoten – som er dei vekene av foreldrepermisjonen som er øyremerkt til far – vart innført av Gro Harlem Brundtlands regjering i 1993. Den gong var den på fire veker. Sidan har den auka gradvis, fram til sommaren 2014. Då kutta Solberg-regjeringa kvoten frå 14 til ti veker.

I 2014 tok 68,2 prosent av norske fedrar ut heile fedrekvoten eller meir, ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå. Tal for 2015 blir offentleggjort seinare i år.

LES OGSÅ: – Pappapermen er en revolusjon for far, mener Susanne Kaluza


Tida i pappaperm skapte noko mellom meg og Sara. Det er bra å få like lang tid med Tord Olav.

– Knut Arild Hareide, KrF-leiar


Tek lenger permisjon

Den første statsråden i ei norsk regjering som tok ut pappaperm, var Aps Johan Jørgen Holst, som då var utanriksminister. Det var i 1994. Sidan har mange toppolitikarar gjort det same.

Ifølgje Hareide har han fått nesten berre positiv respons frå andre i toppleiarjobbar på at han tek ut pappaperm. Då dottera Sara vart fødd for to år sidan, var han i pappaperm i 12 veker.

Det same gjer han no med sonen Tord Olav, sjølv om det berre er ti veker som er obligatorisk for far.

– Det er eit signal eg har lyst å sende ut til andre. Men eg gjer det også fordi eg hadde ei veldig flott periode førre gong. Det skapte noko mellom meg og Sara. Det er bra å få like lang tid med Tord Olav, trur politikaren.

LES OGSÅ: «Du er en rollemodell enten du liker det eller ikke»

Endra meining

I vår har fedrekvoten vorte heftig debattert.

KrFU-leiar Ida Lindtveit og eit mindretal i KrFs programkomité foreslo nyleg å fjerne heile fedrekvoten. Det gjorde også Henrik Asheim (H) under Høgres landsmøte for to år sidan. Då argumenterte han for at fjerning av kvoten ville gi makta over permisjonstida tilbake til familien. Men no har han snudd.

– Det er på grunn av personlege erfaringar. Eg er i den alderen der vener får barn, og eg har også ein bror som har fått ei lita dotter. Dei har fortalt at mitt prinsipp om valfridom for familien ikkje er så lett å ta med seg inn i møte med arbeidsgjevaren, fortel Asheim til Vårt Land.


Pappapermisjon i andre land

  • Storbritannia: Fedre får to vekers permisjon med 90 prosent lønn.
  • Danmark: Far må ta to vekers permisjon, men kan ta meir.
  • Sverige: Far får 60 dagar av foreldrepermisjonen. Fedre får også 10 arbeidsdagar lønna i forbindelse med barnets fødsel.
  • Hellas: To dagar permisjon til far.
  • Italia: Far har tre månadar med delvis lønna permisjon, avhengig av forhold i arbeidsavtalar.
  • Tyskland: 12 månadar som kan takast ut av anten mor eller far, med opptil 65 prosent av lønna.
  • Spania: 15 dagar av foreldrepermisjonen kan overførast til far.
  • Sveits: Tre dagar med lønna permisjon til far.
  • Russland: 20 vekers permisjon med opp til 100 prosent av minstelønn. Deretter kan ein ta permisjon inntil barnet er 18 månadar gammalt, med ei avgrensa støtte som avhenger av om det er første, andre eller tredje barn. Kan takast av mor, far eller andre omsorgspersonar
  • Nederland: Fedre har rett til to dagars permisjon med full lønn. Både fedre og mødre kan ta opp til 26 ukers ulønna permisjon inntil barnet er åtte år. Dette gir skatteletter som veg opp for deler av lønnstapet.
  • Finland: 22,5 veker som kan delast mellom mor og far, med 80 prosent lønn.
  • Frankrike: Fedre har 14 dagars permisjon med full lønn

Kilde: Aftenposten, 2012


Høgre-politikaren innsåg at det han såg på som valfridom eigentleg ville vere ein tvang for far, som sannsynlegvis ville tatt ut ein mindre del av permisjonen enn han ville, utan fedrekvoten.

– Er dagens pappaer så dårleg rusta at dei ikkje klarar å stå i mot press frå partnar og arbeidsplass?

– Nei, dei er ikkje det. Men det er nokre mekanismar i samfunnet som forfordelar både kvinner og menn. Mange kvinner opplever for eksempel hersketeknikkar på arbeidsplassen, men det kan også gjelde menn. Menn møtast gjerne med andre krav til kor mykje tid dei kan bruke med barna, seier han.

LES OGSÅ: Gir far større plass i reklamer

Vil ha omkamp

Sjølv om tal dei siste åra viser aukande oppslutning om fedrekvoten, viser tal frå Nav at menn tok ut 47 dagar permisjon i gjennomsnitt i 2015, medan talet for året før var 49.

Desse tala førte til at Trine Skei Grande, som gjekk med på Solberg-regjeringas reduksjon av fedrekvoten i 2014, tok til orde for ein omkamp om pappapermisjonen i mars i år.

Partifelle Abid Raja har leia eit utval i Venstre som fredag 31. mars la fram forslag til ny oppvekstpolitikk, som skal vedtas på partiets landsmøte i april.

– Vi vil styrke fars rettar og gjere far til ein meir likestilt omsorgsperson. Derfor foreslår vi å gi far 15 vekers pappaperm, sa Abid Raja til Dagsavisen.


Eg tenker først og fremst at det er eit stort privilegium å få vere pappa i Noreg i 2016

– Atle Ottesen Søvik, studiedekan ved Menighetsfakultetet (MF)


LES OGSÅ: Atle Ottesen Søvik forsto Gud på ny måte da han selv ble far

Utvalet foreslår å tredele foreldrepermisjonen med 15 veker til kvar forelder, og gi 16 veker som foreldra kan dele fritt.

– Då slepp far å krangle med mor og arbeidsgjevar. Det er bra for barn, det er bra for mor og det er bra for likestillinga, meiner Raja.

Foreldre har i dag rett til totalt 49 veker foreldrepermisjon.

LES OGSÅ: «Dobbel lykke med tvillinger»

Starta pappablogg

– Eg tenker først og fremst at det er eit stort privilegium å få vere pappa i Noreg i 2016, seier Atle Ottesen Søvik.

Han er dekan på Menighetsfakultetet i Oslo. Rundt han syklar Kristian (7) og Jenny (snart 5). Minstemann Andreas (2) et brødskive i sandkassa. Det regnar lett, latteren sit laust.

– Det er så godt tilrettelagt her i landet, både økonomisk og sosialt. Du kan ha tid til å vere med borna dine. Det blir støtta og sett opp til. Så først og fremst er eg utruleg glad og takksam, seier trebarnsfaren, som nettopp er ferdig i pappaperm med den yngste sonen.


Mange tykte det var særs morosamt å lese om ein uerfaren pappa i permisjon

– Ole Martin Knudsen, pappabloggar


Det er Ole Martin Knudsen einig i. Men då han vart pappa for første gang for fem år sidan, var han svært usikker då pappapermen nærma seg.

– Men mor var kanskje endå meir usikker. Så eg starta ein blogg slik at ho kunne sjå at alt gjekk bra heime, fortel han.

LES OGSÅ: Sophie Krüger hører ikke på foreldrenes musikk

Bloggen Superpapsen er ein av få pappabloggar i Noreg, og vart kåra til årets pappablogg i fjor. Knudsen og kona har to barn på to og fem år.

– Mor vart kanskje ikkje roa av bloggen, men mange tykte det var særs morosamt å lese om ein uerfaren pappa i perm, seier han og ler.

Knudsen brukte pappapermen til mellom anna å vere med på babysang, pappakveld på barselyoga og bereseleballett. Ting han ikkje ville gjort om han ikkje dreiv ein blogg der han kunne fortelje om det.

– Kva er ein ideell pappa i dag?

– Det er mange måtar å vere det på. Det viktigaste er engasjementet. Du kan ikkje berre vere han som sørgjer for mat på bordet, seier Knudsen.

– Det betyr ikkje at du må ligge på golvet og rulle rundt. Men ein må vere oppteken av borna, meiner pappabloggaren.

LES OGSÅ: – Menigheter stjeler babysangkundene våre

Få forventningar

Han trur det stillast andre forventningar til far i dag enn til dømes på 1950-talet, då mødrene styrte i heimen.

– Far må vite kva borna gjer i kvardagen. Når dei skal på fotballtrening, når dei skal hentast, kva vener dei har, kva dei gjer på skulen. Han må ha oversikt på linje med mamma, seier han.


Det blir stilt for lite forventningar til far

– Atle Ottesen Søvik, studiedekan ved Menighetsfakultetet (MF)


LES OGSÅ: Dagens pappa er omtrent som på 1800-tallet

Samtidig trur han mødrer kjenner meir på forventningspresset enn fedrar. Det er Atle Søvik einig i.

– Dersom ein pappa kjem med barn som har skeive klede og ikkje ser ut på håret, så er det framleis mor folk tenkjer på. Eg trur mødrer møter mange fleire forventningar om at dei skal sjå bra ut og at barna skal vere stelt. Eg tykkjer eigentleg det er for lite forventningar til far, seier MF-dekanen.

– Kvifor trur du det er slik?

– Det er vel kanskje fordi folk er vant til at menn er sluskete, medan damer får det til. Men eg føler det er både menn og kvinner som har høgare forventningar til kvinner.

LES OGSÅ: «Kjære pappa, jeg kommer til å bli kalt hore»

Ny tid

Tord Olav (1) er vaken og pappa Knut Arild Hareide prøver å finne ein varm genser, jakke, hue og sko. Joggevogna kjøpte han under førre permisjon.

– Der sit du fint, seier han og trekk att glidelåsen på varmeposen.

Eittåringen smiler idet vogna set fart opp grusvegen. Hareide tykkjer papparolla har blitt forbetra mykje dei siste åra.

– Den er mykje meir involverande og mange har betre høve til å vere den typen pappa ein ynskjer, seier han.


Pappa var heime i tre månadar og så ut i ni månadar igjen. Det er mykje borte.

– Knut Arild Hareide, KrF-leiar


Hareide trur hans eigen pappa ville tykt at pappaperm er fantastisk, om han var pappa i dag. Men det var ei anna tid og rolle for 40 år sidan. Ei anna forventning.

– Då pappa fekk sitt første barn, jobba han på båtane til Wilhelmsen. Det vil seie at han såg min eldste bror første gang då han var eit halvt år. Pappa var heime i tre månadar og så ut i ni månadar igjen. Det er mykje borte, seier Hareide.

Så valde faren å seie opp jobben og fann seg arbeid i heimbygda.

– Det var eit verdival. Han ville vere meir til stades i våre liv, seier Hareide.

LES OGSÅ: Sokneprest ba butikken i bygda slutte å selge prevensjon

Arbeid kom først

Ifølgje Ragnar Hareide (82) var det få forventningar til far då sønene vaks opp. KrF-leiaren er den yngste av fem brør, som vaks opp med far Ragnar og mor Tordis Hareide på Bømlo.

– Arbeid gjekk føre alt. Steinar, storebroren til Knut Arild, vart fødd heime midt på natta. Dagen etter gjekk eg på arbeid, medan kona mi var att åleine heime, fortel 82-åringen.

Sjølv om Ragnar Hareide fekk seg jobb i heimbygda, var han ein travel mann. Han var engasjert i kommunestyret og formannsskapet, i tillegg til trafikknemnda og skulestyret. Han fortel at han var med i ei nemnd som skulle greie ut om det var nødvendig med barnehage på Bømlo.

– Vi fann ut at vi ikkje trengde det. Det var fleire damer som satt i nemnda òg, seier han.


Ungane får mykje meir kontakt med faren i dag

– Ragnar Hareide, far til Knut Arild Hareide (KrF)


LES OGSÅ: Fem barn fortel om pappaen sin

I dag angrar 82-åringen på at arbeid kom i første rekke.

– Når ungane er små, så får du lære og sjå mykje, og gle deg over dei. Det fekk ikkje vi, seier han.

Han tykkjer dagens papparolle er mykje betre.

– Ungane får mykje meir kontakt med faren. I dag forstår ungane at dei har både ei mor og ein far.

Powered by Labrador CMS