Dei innsette ved Bastøy fengsel er takksame for at dei har fått oppleve å gå pilegrimsleia til Nidaros­domen. For dei har det vore ei indre vandring like mykje som ei ytre. På bildet ser vi fengselsbetjentane Ronny Stolen og Yvonne Hansen 
(delvis skjult), Fidan, fengsels­prest Kjell A. Nyhus og Berhané. Foto: Glen Musk

– Livet beveger seg til fots

Det er 20 år sidan ­nyopninga av pilegrimsleia mellom Oslo og ­Trondheim, og talet på p­ilegrimar i Noreg berre aukar og aukar. ­­– Pilegrimsvegen var noko vår tid trong, meiner ­tidlegare pilegrimsprest.

Publisert Sist oppdatert

‘Dette er noko av det råaste eg har vore med på i heile mitt liv’, seier André, ein av fem innsette ved Bastøy ­fengsel som har gått pilegrimsleiden for ­første gong.

Vårt Land møter dei i Nidarosdomen. Dei har vandra i ti dagar og lagt 16–17 mil bak seg frå dei starta på Dovrefjell, til dei nådde målet sitt, Nidarosdomen i Trondheim, i dag. Fengselsprest Kjell A. ­Nyhus, offiser i Frelses­armeen og kapellan i Halden fengsel, 
Marit Skartveit, og to ­fengselsbetjentar, har gått saman med dei.

– Då eg kom inn her, ­måtte eg halde tårene ­tilbake, ­fortel André.

Det å kome fram til katedralen gjorde sterkt inntrykk på fleire i gruppa, og dei vil derfor gjerne ha samtalen med oss inne i kyrkja.

Vilje

Inne i Domen set vi oss i ein ring, ikkje ulikt, ser eg for meg, slik dei har sete når dei har hatt samlingar på kveldane for å snakke om dagens vandring. Vi høyrer organisten spele i bakgrunnen, og det er stille ei god stund før nokon svarer på det første spørsmålet mitt, om korleis turen har vore. Stemninga er nokså sakral då ein annan innsett, Fidan, fortel at han og ein av fengselsbetjentane har gått mest heile turen i crocks. På grunn av gnagsår.

– Dei har ’crocksa’ gjennom snø og myr og elver og skog, seier Marit Skartveit og ler.

Ho kan avsløre at dei har kjøpt gnagsårplaster for sikkert 1000 kroner.

Gruppa frå Halden og Bastøy fengsel nærmar seg Trondheim etter å ha vore på vandring langs pilegrimsleia i ti dagar. Foto: Glen Musk
Gruppa frå Halden og Bastøy fengsel nærmar seg Trondheim etter å ha vore på vandring langs pilegrimsleia i ti dagar. Foto: Glen Musk

Gruppa frå Halden og Bastøy fengsel nærmar seg Trondheim etter å ha vore på vandring langs pilegrimsleia i ti dagar. Foto: Glen Musk

Desse gutta ser ut til å vere nokså godt trente, men turen har visst vore tøff likevel.

– Det er trist at det er over, men også godt, for det er veldig slitsamt å gå seks–åtte timar kvar dag med tung sekk. Fleire av oss i gruppa spring jo halvmaraton og er i relativt god form, men dette blir noko heilt anna, seier André.

– Må ein vere i god form?

– Det er sikkert ein fordel, men eg trur det handlar meir om viljestyrke. Noko som motiverer deg. Anten det er høgare maktar eller noko anna, svarer Fidan.

LES OGSÅ: Undringen viktigere enn målet

Fellesskap

Sjølv om dei går i tagnad om dagen, har dei fått snakka mykje om opplevingane dei har hatt undervegs etter at dei når målet for dagens vandring.

– På kveldssamlingane spør vi kvarandre: Har det vore lykke, smerte? fortel Fidan, som meiner desse samtalane har vore eit viktig tillegg til sjølve vandringa.

Berhané, ein tredje innsett, er samd i at fellesskapet på turen har vore viktig.

– Undervegs har eg fått ­mange svar på mystiske spørsmål frå gruppa utan at dei veit det sjølve. Eg identifiserer meg med dei gjennom historiene deira, og lærer slik mykje om meg sjølv. Det er utruleg at ein kan utfylle kvarandre på ein slik måte, seier han.

– Ein får tid til å tenkje mykje og det opnar for fine samtalar, legg André til.

– Gjennom dei har eg innsett kva som er viktig i livet. For meg er det å vere med familien, leve eit normalt A4-liv og rett og slett nyte livet.

Berhané har med seg eit flagg som påminning om kva som er viktig på turen. På flagget står det: «Selvinnsikt og bedre valg. Brorskapet.» F.v: Fidan, fengselsbetjentane Yvonne Hansen (delvis skjult) og Ronny Stolen, fengselsprest Kjell A. Nyhus og Berhané. Foto: Glen Musk
Berhané har med seg eit flagg som påminning om kva som er viktig på turen. På flagget står det: «Selvinnsikt og bedre valg. Brorskapet.» F.v: Fidan, fengselsbetjentane Yvonne Hansen (delvis skjult) og Ronny Stolen, fengselsprest Kjell A. Nyhus og Berhané. Foto: Glen Musk

Berhané har med seg eit flagg som påminning om kva som er viktig på turen. På flagget står det: «Selvinnsikt og bedre valg. Brorskapet.» F.v: Fidan, fengselsbetjentane Yvonne Hansen (delvis skjult) og Ronny Stolen, fengselsprest Kjell A. Nyhus og Berhané. Foto: Glen Musk

Pause

Ei slik pilegrimsvandring kjem ikkje ut av det blå for desse fangane, for fleire av dei har allereie vore med på ein såkalla klosterretreat, sett i gang av Nyhus og Skartveit i 2013. Kvart år har dei lagt til rette for at fengselsinnsette skal få høve til å leve tre veker som om dei var i kloster. Slik får dei ein pause frå kvardagen i fengselet og høve til å reflektere over dei store tinga i livet. Ei pilegrimsvandring var ei naturleg vidareføring av opplegget, og dei har jobba med å få det til i alle fall i eit års tid. Og turen har vore over all forventing.

– Det var som å kome inn i eit eventyrland ­mange stader, seier André, som også fortel at han sakna naturen med ein gong han kom inn i Trondheim by.

Marit Skartveit trur også ­sjenerøsiteten dei møter på gard­ane langs pilegrimsleia, er viktig for opplevinga.

– Det er noko med å bli tatt imot, folk har opna dørene sine for oss, for framande.

For Fidan har nærleiken til ­naturen og det enkle livet på vandring gitt han eit nytt perspektiv på livet.

– Det er det denne reisa har betydd for meg først og fremst, ho har lært meg å sette pris på det ein har og ikkje be om for mykje.

LES OGSÅ: Muslimdreperen i Santiago de Compostela

På grunn av gnagsår valde Fidan å vrake fjellstøvlane og fullføre turen i crocks. Foto: Glen Musk
På grunn av gnagsår valde Fidan å vrake fjellstøvlane og fullføre turen i crocks. Foto: Glen Musk

På grunn av gnagsår valde Fidan å vrake fjellstøvlane og fullføre turen i crocks. Foto: Glen Musk

Endring

Ifølgje Arne Bakken, tidlegare pilegrimsprest i Nidarosdomen og på Hamar, er det nettopp det som kjenneteiknar pilegrimen: Han skal vere open for endring. I boka Pilegrimsvandring før og nå skildrar han pilegrimen som ein som er bevisst på at det å vere pilegrim betyr å bryte opp frå det trygge og det kjente, og at den ytre vandringa også er forventa å inne­bere ei indre vandring.

– Om vegen er lang eller kort, det handlar 
om oppbrot, veg, mål og vegen heim, seier Bakken, og ­siterer ein engelsk leksikonartikkel: «Ein pilegrim vender aldri heim utan å ha mista ein fordom».

Pilegrimsvandring før og nå vart utgitt i 1997 til opninga av den nye pilegrimsleia St. Olavsvegane til Trondheim. ­Merkinga av leia byrja i 1994, eit ­initiativ sett i gang fordi det utover på 1980- og 1990-talet byrja kome fleire og fleire ­pilegrimar til ­Nidaros – eit fenomen ein ikkje hadde sett på lenge. På den tida var Bakken kapellan i ­katedralen.

– Fleire og fleire som ­besøkte domkyrkja, byrja kalle seg ­pilegrimar. Først var det flest ­svenskar, kledde som og ­tydeleg inspirerte av mellomalderpilegrimane. Dei såg at dette ikkje berre var historie, men at det også kunne handle om deira liv, seier han.

Byrjinga

Bakken vart snart involvert i arbeidet med pilegrimsleia, i samarbeid med riksantikvaren og Direktoratet for naturforvalting.

– Vi tok utgangspunkt i folket som kom for å vere i det heilage rommet på sine eigne premiss, og legge til rette for at dei som ville, kunne få vere pilegrimar.

Det som kjenneteikna pilegrimen i mellomalderen, var ei enkel, grå drakt og ein vandrestav med to ­kuler. Dei skulle vere lette å kjenne att, fordi dei hadde ­privilegium som andre reisande ikkje ­hadde. Folk var plikta til å gi dei overnatting og mat. Ein 
kunne også få betalt for å gå for andre, og det var det som fekk Martin Luther til å reagere og forby skikken ­etter reformasjonen. Heller enn å gjere ei slik vandring, skulle ein gå til nesten sin, eller til Bibelen.

No verkar det som mange likevel saknar sjølve 
vandringa, endå tradisjonen har vore nokså 
daud i hundrevis av år.

– Alle tusenårsovergangar har vekt opp ting i folk. Folk byrja søke etter noko, etter tradisjonar som ein måte å tolke livet sitt i dag på. Og då låg pilegrimstradisjonane der. Kulturminna fekk ny verdi og interesse. Pilegrimsvegen var noko vår tid trong.

LES OGSÅ: Her kan du besøke sju pilegrimsmål med ett dagskort på bussen

Å kome fram til Nidarosdomen var ei kjensleladd oppleving for fleire. Her får fengselskapellan og offiser i Frelsesarmeen Marit Skartveit ein god klem av ein av sine medvandrarar framfor Nidarosdomen. Foto: Glen Musk
Å kome fram til Nidarosdomen var ei kjensleladd oppleving for fleire. Her får fengselskapellan og offiser i Frelsesarmeen Marit Skartveit ein god klem av ein av sine medvandrarar framfor Nidarosdomen. Foto: Glen Musk

Å kome fram til Nidarosdomen var ei kjensleladd oppleving for fleire. Her får fengselskapellan og offiser i Frelsesarmeen Marit Skartveit ein god klem av ein av sine medvandrarar framfor Nidarosdomen. Foto: Glen Musk.

Interesse

I dag, 20 år etter opninga av pilegrimsleia frå Oslo til Trondheim, viser statistikken frå Nidaros pilegrimsgård at 70 prosent av dei som går, er utanlandske, og blant dei flest tyskarar, nederlendarar og svenskar. Om lag ein tredjedel er norske.

Det mest interessante vi kan lese av statistikken, er likevel aukinga 
av talet utdelte Olavsbrev, frå 165 i 2010 til 1045 i 
2016. Talet registrerte pilegrimar til Nidaros er meir enn seksdobla dei siste sju åra.

– Kvifor er folk så interesserte, trur du?

– Mykje i dag handlar om augeblikkets tilfredsstilling. Men det kan ta tid å lækje sår og sorg. Ei slik vandring tillèt oss å arbeide på ein ny måte med livet vårt, og gjere oss bevisste på vårt forhold til verda, naturen, og til Gud. Den ytre verda snakkar mykje tydelegare til vår indre når vi går ei strekning der vi veit at vi har eit tydeleg mål.

Han trur også mange har lengta etter fleire måtar å uttrykke trua si på enn gudstenesta.

– Det å vandre, bruke føtene, er òg ein måte å be på. Det blir sagt at livet beveger seg til fots.

Men det er også ein del som går, som ikkje er ­religiøse.

– Om pilegrimen ikkje er religiøs, kva skil pilegrimen frå turisten, eller nokon som går ei DNT-merkt rute i Trollheimen?

– Det er nok mange som går for å reflektere over private ting som ikkje er knytte til tru. Men vegen opplevast annleis når ein veit at det ligg ein heilag stad i enden av vandringa. Kanskje vil det også gi dei eit anna syn på ikkje-religiøsiteten deira.

LES OGSÅ: Pilegrimsgiganten Santiago de Compostela

Historiske linjer

Trine ­Neumann-Larsen ved Nasjonalt pilegrimssenter er overtydd om at aukinga dei siste åra handlar om eit veksande behov for stille og for det enkle. Sjølv om ein fjelltur sjølvsagt også kan skape lommer i kvardagen til refleksjon, er ­pilegrimsvandringa som fenomen 
annleis fordi forventinga om ­refleksjon er så innebygd.

– Ei ­pilegrimsvandring kan også vere ­fysisk krevjande og ein må tenkje på alt det praktiske rundt på same måte som fjellvandraren.

Nyhus og Berhané diskuterer figurene på Vestfronten av Nidarosdomen, heilagmålet i enden av pilegrimsleia. Foto: Glen Musk
Nyhus og Berhané diskuterer figurene på Vestfronten av Nidarosdomen, heilagmålet i enden av pilegrimsleia. Foto: Glen Musk

Nyhus og Berhané diskuterer figurene på Vestfronten av Nidarosdomen, heilagmålet i enden av pilegrimsleia. Foto: Glen Musk

Forskjellen, meiner Neumann-Larsen, ligg både i det at målet er ein heilag stad og at ei pilegrimsleie er ein gamal historisk veg.

– Det at ein kan føle ei tilknyting til dei menneska som gjekk her for hundrevis av år sidan, tilfører ein heilt annan dimensjon. Det speler inga rolle kven du er i ditt vanlege liv. Ved å vere pilegrim blir du møtt og du møter andre på ein annan måte enn du har moglegheit til i kvardagen.

Ho meiner også at hjartevarmen og gjestfridomen blant folk i bygdene langs leia og dei som opnar gardane sine for pilegrimane, er viktig.

At pilegrimane blir møtt på ­denne måten, trur ho heng saman med det universelle ved pilegrimsvandringa. Alle dei ­store religionane på verdsbasis har sine pilegrimsstader, og i ­islam er ­pilegrimsvandringa til og med eit religiøst påbod.

Fokus

Jamvel om turen for dei fleste av dei innsette ikkje var religiøst motivert, har medvitet om kva ein pilegrim er, vore eit viktig utgangspunkt for vandringa.

– Eg las ein del på førehand om kva ei pilegrimsvandring kan bety. Eg har hatt endring og sjølvinnsikt i fokus heile vegen, eit ønske om å endre meg frå slik eg har levd før, fortel Berhané.

– Men vi har blitt tilbydde ein buffé av kunnskap om kva som er godt og vondt, der ein kan velje kva ein vil ta med seg vidare i livet. Dette gjeld jo spesielt for oss som kanskje har gjort ting vi angrar på, seier Fidan.

I mellomalderen la mange i veg på pilegrims­vandring med håp om å få tilgiving for syndene sine, bli friske frå sjukdom eller andre ting. Ofte påla dei seg ekstra straff undervegs ved at dei fylte sekkane sine med tunge steinar. Denne gruppa har hatt med seg ein liten stein kvar frå Dovrefjell, som dei la frå seg på Olavsalteret då dei kom fram i ettermiddag. Tanken er at steinen kan stå for noe som er tungt å bere som ein kan legge frå seg ved målet.

– Ser de annleis på framtida etter ­
denne turen?

– Absolutt, svarer Berhané raskt.

– Eg vil ommøblere heile livet mitt.

Powered by Labrador CMS