I 1958 bryt pinsepredikanten Aage Samuelsen med Pinsebevegelsen og startar ei ny røyrsle: Maran Ata.

Med moderne musikk og fri møtestil får han med seg mange unge og det vert etterkvart planta over 50 Maran Ata-kyrkjelydar rundt i landet.

I dag er det nesten ingen igjen.

Frå ungdomsvekkelse til nostalgisk møtestad for eldre

Publisert Sist oppdatert

Med duskregn i lufta går det mot kveld på Dyrskuplassen på Seljord. Plassen er fylt med campingvogner og bilar, og mot ein stor møtesal vandrar folk med paraplyar og regnklede. Frå long veg kan ein høyre musikk frå bygget, og det er ikkje så rart, for på scena kan ein telje sju songarar, seks gitaristar, tre trekkspelarar, ein bassist, ein trommis og ein på elektrisk orgel.

– Eg startar med å syngje ein song, og det er sjølvsagt ein av Aage Samuelsen, seier Haakon Martinsen (54) som skal halde opningstalen på sommarstemnet til Maran Ata.

Aage Samuelsen er eit kjend namn for dei fleste som kjem inn dørene. Sakte, men sikkert byrjar salen å fyllast med folk som kjenner songane godt. Denne musikken har vore med dei i alle år. I benkeradane sit folka og syng med og klappar til musikken. På dei første songane står nesten alle i salen. Etterkvart må fleire og fleire sitje seg, det tek på å bruke beina song etter song. Mykje har endra seg i liva til dei som sit i benkeradane, men på Maran Ata-sommarstemnet veit dei kva dei går til.

Her har lite endra seg dei siste åra.

Maran Ata sommarstevne 2023
MUSIKK: På møtene er det mykje fokus på musikk. I år var det Misjonsbefalingen, ei musikkgruppe som reiser rundt, som hadde musikken. I tillegg til et fast husband, er det opent for at kven som vil kan kome opp å vere med å bidra med sitt instrument.


– Det var ein ungdomsvekking og eg er ein av dei som kom med i røyrsla som ein ungdom den gongen, seier Ole Bjørn Saltnes (70).

Han har funne plass heilt framme ved scena og syng med på den countryinspirerte musikken. Han fortel om eit brot i pinserøyrsla, ein moderne evangelist og ein ny vekking for ungdommen. Mange av dei som står med henda i været og syng med rundt han var også blant dei som opplevde denne tida.

Maran Ata sommarstevne 2023
UNGDOMSVEKKING: -Det var ein ungdomsvekking og eg er ein av dei som kom med i røyrsla som ein ungdom den gongen, seier Ole Bjørn Saltnes (70). Han fortel at Maran Ata var nye og moderne i starten, me at dei no heldt fast på den gamle tradisjonen.

Maran Ata

  • Maran Ata er ei norsk, karismatisk røyrsle som braut ut frå Pinsebevegelsen på slutten av 1950-talet.
  • Starta som ein vekking med Aage Samuelsen som leiar.
  • Aage Samuelsen (1915 - 1987) var ein norsk musikar og predikant, først i Pinsebevegelsen før han starta Maran Ata-røyrsla.
  • Maran Ata tyder Herren Kjem. Dette kjem frå arameisk, eit språk frå bibelsk tid, og var ein måte å helse på blant dei første kristne.
  • Sida 1980 har det blitt arrangert sommarstemne på Dyrskuplassen i Seljord.
  • På møtene er det fri møtestil med fokus på musikk og bruk av nådegåver.

Brot i Pinsebevegelsen

I 1906 byrjar ting å skje i eit eldre trehus i Bonnie Brae Street i sentrum av Los Angeles i USA. Pastoren William Joseph Seymour har forlatt stillinga si som pastor i ein nyoppstarta kyrkjelyd. Kyrkja var ein del av helligheitsrøyrsla, grunna sin overbevisning og undervisning om tungetale. Det eldre trehuset fyllast opp med folk som sluttar seg til denne nye læra og det vert starten på pinsevekkingn. I 1907 tek predikanten Thomas Ball Barrat med seg denne vekkingn til Europa og Noreg, og i 1908 stiftar han den første pinsemenigheten i Noreg, i Skien.

I den fattige bydelen Bakken i Skien veks Aage Samuelsen opp som nummer tre av åtte søsken. Han vert døypt i statskyrkja, men veks ikkje opp i ein religiøs heim. Musikken derimot, den oppdagar han tidleg, og den vert etterkvart ein viktig del av livet hans. I 1931 er det pinsevekking i byen og Samuelsen tek i mot Jesus, men det har ikkje stor påverknad på livet hans. Alkoholen derimot, får større plass og han byrjar etterkvart å slite økonomisk. Han livnærer seg av musikken og er aktiv i fleire band.

Maran Ata sommarstevne 2023
ULIKE BAKGRUNNAR: Mange som kjem på Maran Ata sitt sommarstevne har eit nært forhold til Aage Samuelsen sin musikk, men kjem frå ulike bakgrunnar.

Året er 1944 og det skal haldast pinsevennmøte i Frelsesarmeen sine lokaler i Skien. Folk byrjar å ta plass i forsamlinga og blant dei er Aage Samuelsen. Under møtet syng dei «O gjør min sjel hvit som sne». Den 29 år gamle musikaren vert sterkt truffe av songen og let seg radikalt vende om. Denne gongen med større påverknad i livet hans. Han slutta og drikke og byrja snart å dele frimodig å synge om si nye tru med stort iver og engasjement. Dette førte til gjennomslag som forkynnar og songar i ulike pinsekyrkjer. Etterkvart starta han å reagere på ei endring som skjedde i pinsekyrkjene. Samuelsen meinte at det byrja stivne til og verte for borgarleggjort og forsiktig. Kritikken hans fekk fokus, men han fekk mest merksemd for sin praksis av såkalla gudommeleg helbredelse. Han praktiserte handspåleggelse og bønn for sjuke. Utanfor kyrkjeleg sektor, vakte praksisen hans stor merksemd.

Maran Ata sommarstevne 2023
HELBREDING: På møtene er det stort fokus på bruk av nådegaver og spesielt bøn med handspålegging og helbredelse. Dette har vore eit sentralt fokus sidan Aage Samuelsen starta røyrsla.

Etter som åra gjekk vart Samuelsen meir kontroversiell, også innan Pinsebevegelsen, og i 1957 kom det offisielle brotet. Fleire tok avstand frå Samuelsen, men mange, spesielt den yngre generasjonen, sto med han og i 1958 starta Samuelsen si eiga røyrsle: Maran Ata.

– Det var ein fri møtestil, håndklapping og han brakte den elektriske gitaren inn i Kyrkje-Noreg på slutten av 50-talet, som var heilt nytt. Det var og ein fridom til å kunne be for sjuke offentleg i møtene. Tidlegare var det noko ein hadde meir tilbaketrukket, men Aage Samuelsen ba for dei sjuke for open mikrofon og det skapte debatt i Noreg, fortel Ole Bjørn Saltnes (70).

Han fortel om at røyrsla rakst vaks og at dei har oversikt over rundt 50 Maran Ata-kyrkjelydar som vart planta over heile landet.

Maran Ata sommarstevne 2023
FRITT: Fv. Anne Marie Torkelsen (69), Jarle Torkelsen (72) og Inge Hamre (76) har reist frå Bømlo for å vere med på Stevnet. Dei går til vanleg i ein annan menighet, men likar seg på Maran Ata sitt sommarstevne. -Eg klarar ikkje heilt finne ut kvifor eg likar meg her. Det er ganske fritt her, kanskje det er grunnen, fortel Jarle Torklsen (72).

– Kven var medlemma?

– Veldig mange var tidlegare pinsevenar som hadde gått ut av røyrsla fordi dei meinte at pinserøyrsla var blitt for stive. Men også mange nye kom til fordi det var et nytt musikalsk uttrykk i møtene med moderne song- og musikkstil, seier han og fortel at Samuelsen brakte med seg rock og country i kyrkja.

– Ellers i Kyrkje-Noreg var det mykje orgel, rolege songar og gamle salmar. Her kom Samuelsen med den stilen som ein kan oppleve her på stemnet. Det var nytt og det provoserte veldig mange, men ungdommen likte det, seier Saltnes.

– Heidrar mor

– Hallelujah, pris Herren, kan ein høyre fleire rope i møtesalen.

På scena står Martinsen engasjert og talar om eit Noreg som treng Jesus før han igjen tek gitaren rundt halsen og spelar og får med seg folket til å syngje meir. Rundt om i lokalet står fleire store TV-kamera. I år sendast kveldsmøtene frå Maran Ata-stemnet på Visjon Norge for første gong. Inntil den gule veggen på venstre side i salen, sit ein mann i rutete skjorte konsentrert og styrer teksten som kjem opp på skjermen. Dette er ei av dei mange oppgåvene til Tarjei Draugedal, som er styreleiar for Maran Ata Norge og sommarstemnet.

Maran Ata sommarstevne 2023
HEIDRAR MOR: -Det er eg som på papiret er styreleiar, men eigentleg er det mor mi som er det. Ho er 89 år og det ho som har haldt dette gåande i 50 år, så all ære ti mor for det, fortel Tarjei Draugedal (60).

– Det er eg som på papiret er styreleiar, men eigentleg er det mor mi som er det. Ho er 89 år og ho har holdt dette gåande i 50 år, så all ære til mor for det. Så difor stiller eg opp, for du skal hedre far din og mor di, seier Draugedal og ler.

– Er ho her?

– Ja, eg trur ho skulle kome no snart.

Utanfor møtesalen kjem det køyrande ein grå varebil. Bak rattet sit 89-åringen og på sida sit mannen hennar Halldor Draugedal. Sonen går for å hjelpe ho ut av bilen.

Med håret samla i ein liten dott og ikledd ein blå jakke, går ho smilande inn og set seg i møtesalen. Etter møtet set ho seg i bilen igjen og køyrer bort til eit kontor. Der møter ho fleire damer som er i sving med ulike arbeidsoppgåver. På hylla bak ho heng eit israelsflagg og på golvet ved sida av ligg våte paraplyar og drypp. Ingebjørg Draugedal sit seg godt til rette i ein stol. På dette kontoret kjenner ho seg heime.

Eit eventyr

Ingebjørg Draugedal kjem frå Kviteseid, ikkje langt frå Dyrskuplassen på Seljord. Ho fortel at ho vaks opp i ein religiøs heim som gjekk i Den norske statskyrkja, med ei mor som var veldig oppteken av dåpen.

– Ho ville døype ungane før dei døydde, det var veldig viktig for ho. Men eg fekk aldri dette med barnedåp til å stemme, kvar sto det om det i Bibelen? Det var liksom synd dette med vaksendåp, men eg synast det var veldig tiltalande. Det var liksom det eg trudde på, seier Draugedal og fortel om eit møte ho var på med Aage Samuelsen.

På det møtet valgte ho å døype seg på nytt som vaksen.

Maran ata 2023
-Det var liksom synd dette med vaksendåp, men eg synast det var veldig tiltalande. Det var liksom det eg trudde på, seier Ingeborg Draugedal (89). Ho var på eit møte med Aage Samuelsen då h var ung og valgte å døype seg på nytt der. Draugedal har vore aktiv i arbeidet rundt stemnet på Aeljord heilt frå første gong det vart arrangert her i 1980. I dag er sonen hennar styreleiar.

– Og då var det slik at ein ikkje kunne vere med i statskyrkja og vere vaksendøpt, så eg skreiv meg ut av kyrkja og gjekk på samlingar med pinsevener, fortel ho og ser mot ytterdøra som opnar seg.

Inn døra kjem ei anna dame. Ho skyndar seg inn frå regnet og helsar på alle damene som står og styrer med sitt, dei smilar og helsar entusiastisk tilbake.

– Margot!

– Ho der har vore med heilt frå starten. Ho er nesten som ein apostel, fortel Draugedal.

“Apostelen” kjem bort og helser på Ingebjørg Draugedal, det er tydeleg at dei kjenner kvarandre godt. Ingebjørg inviterer ho med i samtalen, og Margot Hope Padøy vert gjerne med å fortelje om historia til Maran Ata-stemnene.

– Det var ei sterk oppleving å oppleve starten. Vi var på konferanse for leiarar og evangelistar med Maran Ata-menigheten i Oslo og så sto Petter Gylver, leiaren for Maran Ata-menigheten i Oslo, fram på talarstolen. Han var inspirert av Den Heilage Ande og sa: «Neste år, skal vi ha eit stemne som samlar folk frå heile landet», fortel Padøy.

Ho er ser ut i lufta med blanke auger ein augenblink før ho heldt fram med å fortelje om stemnene sin start på 1960-talet. Det første stemnet var på Tangen Camping ved Mjøsa.

– Og så vart det for trongt der, så vi fekk leid ein nedlagt militærleir på Tromøya, men det vart fullt der også, seier Padøy og ser bort på Ingeborg som sit og nikkar.

Maran Ata sommarstevne 2023
EIT EVENTYR: Fv. Margot Hope Padøy og Ingebjørg Draugedal har begge vore med sidan starten på sommarstevnet på Seljord. Dei skildrar starten og historia til stemnet som eit eventyr.

Vanskeleg å vere med i Maran Ata

Ho er engasjert og kjenner historia godt. Padøy har vore aktiv i Maran Ata sida starten og har vore med på det meste som har skjedd. Vidare fortel ho om at på ein konferanse for leiarar og predikantar vart Dyskuplassen på Seljord foreslått som ein stad dei kunne vere.

– Der har telemarkingane vore heilt fantastiske. Ingebjørg og mannen hennar Halldor la eit grunnlag for at vi kunne vere her på Seljord, seier Padøy og fortel om korleis dei jobba for å få lov til å leige plassen og for å finne stader der folk kunne overnatte.

– Dette har eg ikkje sagt til nokon, men eg gjekk til dei fleste husa og snakka med folk, for det var ikkje lett å vere med i Maran Ata i den tida, seier Padøy med alvor i stemmen.

Ingebjørg stadfester med eit nikk.

– Kvifor var et ikkje lett?

– Det var ikkje godteken. Det var for livlig og ting som skjedde som ikkje var positivt, men det behøver vi ikkje å snakke om. Men berre det å klappe i hendene var for mykje for folk.

– Ja, det var synd det, bryt Ingebjørg inn.

– Nei, eg veit ikkje om dei sa akkurat det, men det vart for mykje for folk. Men etterkvart så endra det seg og folk ville ta oss inn likevel. Når eg fekk snakka med folk, så vart dei meir positive, fortel Padøy.

Maran Ata sommarstevne 2023
FRIVILJUG SIDAN 1969: -Eg har vore på stevnene heilt sidan 1969, fortel Astrid Østrem Torkildsen som er med i styret i Maran Ata Norge. Ho har forskjellig ansvar på stevnet, mellom anna å leie Israelsmøte og drive bønnetjenesta.

Dei jobba begge med å bygge tillit til bygdefolket for at det skulle gå å ha sommarstemnet på Seljord. I 1980 hadde dei første gong sommarstemnet på Dyrskuplassen og samla folk frå heile landet i Seljord.

Døra opnar seg igjen og inn kjem ein eldre mann.

– Margot, så kjekt å sjå deg!

Det er Halldor Draugedal, mannen til Ingebjørg, som kjem inn frå det våte veret. Han set seg ned og byrjar å prate.

– Du må vere litt stille, ho er journalist, ho driv og tek opp, fortel Padøy han.

– Åja? Ja, då har ho fått intervjue dei vise her då, seier han og ler.

Ingebjørg Draugedal og Margot Hope Padøy har vore med å sjå utviklinga til Maran Ata og vore med på alle stemnene på Seljord. Og saman med dei, har mange andre haldt fram med å kome på stemnene, år etter år, og dei har framleis ikkje gitt seg. Dei jobbar året rundt for at arrangementet skal finne stad i Seljord om sommaren.

Maran Ata sommarstevne 2023
MOR OG SON: Tarjei Draugedal (60) ynskjer mor Ingebjørg Draugedal (89) velkomen på stemnet. Ho køyrer bilen rundt på stemneområdet med mannen Halldor Draugedal i setet ved sida av. Slik kan ho lett få med seg fleire ting på kort tid.

– Og så har neste generasjon teke over, Tarjei, sonen hennar, er styreleiar no. Og så kom veninna mi og hjalp.

Margot peikar bort på ei av damene som står bak skranken og forklarar at ho også vart med å hjelpe. Veninna tok med dottera si som endte opp med å gifte seg med Tarjei Draugedal.

– Det er som eit eventyr, er det ikkje?

Padøy ser bort på Ingebjørg som nikkar.

Maran Ata i eit nøtteskal

Tilbake i møtesalen står Tarjei Draugedal og ser utover dei tomme benkeradane. Han helsar nokre av dei som er på veg ut. Bak han står dei store kameraene til Visjon Norge.

Draugedal fortel at alt har gått som forventa. På spørsmålet om korleis samarbeidet med Visjon Noreg har vore nøler han litt. Han forklarar at dei først var litt skeptiske, fordi dei ikkje likar å vere på TV, men at det har gått bra.

– Vi vil jo ikkje pakke det vi driv med inn i ein hall. Peter gjekk på vatnet, men vi går på lufta, seier Draugedal medan han ler.

Målet er å spreie bodskapen, men kven det når ut til er usikkert. Av dei som er tilstades på stemnet er mange i hans eigen og i mora sin generasjon.

Maran Ata sommarstevne 2023
VISJON NORGE: -Eg synast det er forfriskande her. Det er på ein måte litt annleis enn alt anna, fortel Jan Hanevold. Han er leiar for Visjon Norge og i år sender dei live frå kveldsmøtene på Maran Ata for første gong. -Det er litt som å kome tilbake til 60-talet igjen kan du sei, seier han og legg til at det fyller eit behov hos mange folk.

– Når eg har høyrt litt rundt så verkar det som om at før var dette ein happening for unge. Kva tenkjer du om framtida om Maran Ata?

– Det veit eg ikkje, det får Herren bestemme. Det er klart at det er eit stort sakn eigentleg.

Han fortel at dei ynskjer å nå unge, men at opplegget ikkje er rigga for det.

– Det er Maran Ata i eit nøtteskal eigentleg. Mange av dei som kjem her har ei tilknytning til Aage Samuelsen, seier Draugedal.

Maran Ata sommarstevne 2023
DAVIDSTJERNA: Davidsstjerna er eit synleg symbol på stemnet. Fleire deltakarar ynskjer å gå med den for å vise støtte til Israel.
Maran Ata sommarstevne 2023
ISRAELSSMYKKER: - Alt er produsert i Israel og pengane går til det, seier Anne Bjørg Kloven Steen. I møtesalen er det moglegheiter for å kjøpe diverse smykker, bøker og klede.
Maran Ata sommarstevne 2023
BORNEMØTE: Jorunn Synnøve Aanesen (59) er med å drive barnearbeidet på Maran Ata. Det er bornemøte kvar dag på stevnet.

Fri møtestil

Ole Bjørn Saltnes (70) er ein av desse. Han skildrar møtestilen som frisk og open og meiner det er ein openheit for Den Heilage Ande på møtene og at det er aktiv bruk av nådegåver. Med dette meinast at dei set fokus på det Bibelen omtalar som gåver frå Den Heilage Ande i 1. Kor 12. Som Samuelsen også var oppteken av, er det også eit stort fokus på handspålegging og helbreding. Det vil seie at ein legg henda på sjuke og ber for dei og at dei vert friske.

– Det har ikkje vore så veldig mykje handspålegging og helbredelse her i år, er det noko de har blitt meir forsiktige med?

– Eg vil ikkje sei det. I mange menigheter må ein kanskje gå igjennom ein møteledar for å verte godteken, men her kan ein berre sprette opp og det vert godteken, seier Saltnes.

– Det er jo kanskje ein fare for at ikkje alt kjem frå Gud?

– Ja, det er nettopp det. Vi har det vi kan kalle det sjeliske området kvar eins eigne tankar og kjensler dominerer. Det er klart at det har skjedd ein del overtramp og uviselege ting. Og det er ein grunn til at mange menighetar no er veldig forsikige, men her er det nok ein større fridom. Det er sjeldent at nokon vert bedt om å setje seg, då skal det vere veldig spesielt. Folk er overberande, og dei kan vurdere om det er frå Gud eller om det er reint menneskeleg, meiner Saltnes.

Maran Ata sommarstevne 2023
FRELST PÅ MARAN ATA: - Eg har vore innom evangeliesenteret, fordi eg sleit med rus, fortel Arnhild Urheim (62). Ho vart frelst i 2012 og vart døpt på Maran Ata i 2015. Det er fleire frå Evangeliesenteret som kjem på Maran Ata-stevnet.

Eventyret går mot slutten

Samuelsen fekk med seg mange unge då han starta Maran Ata-røyrsla og i starten vaks det fort. I dag er det nesten ingen Maran Ata-kyrkjelydar igjen, men stemnet arrangerast framleis og mange kjem kvart år til Seljord. Saltnes kjenner historia til røyrsla og stemnet godt og har skrive bok om det heile, men framtida er usikker.

Maran Ata sommarstevne 2023
TILTAK FO UNGDOMSARBEIDET: - Eg har høyrt frå ungdommar at dei har synast at det har vore kjedeleg og til tider veldig gamaldags, fortel Harry Joakim Martinsen (26). Han har vakse opp med å gå på stevnet kvar sommar. I år er han med i ungdomsteam for første gong. Målet er å gjere det aktuelt for ungdom også.
Maran Ata sommarstevne 2023
MÅ ENDRAST: Fv. Ingunn Draugedal Birkeland (36), Fride Draugedal Birkeland (7), Margareth Heggtveit Steinbakk (36) og Vilde Heggtveit Steinbakk (7) er innom sommarstevnet. Dei er alle i nær familie med Ingebjørg og Halldor Draugedal. Mødrene meiner at det må til ei endring dersom Maran Ata skal nå yngre.

– Mykje har skjedd sidan 1960-talet i Noreg. Mange nye musikkstilar og kulturelle uttrykk, medan Maran Ata har haldt fram i det same sporet. Det har nok ikkje klart å fornye seg, seier Saltnes.

Han fortel at mange unge i dag går i nyare og meir moderne kyrkjelydar. Maran Ata har ikkje har klart å rekruttere nye medlemmar. Kyrkjelydane har døydd ut eller slått seg saman med andre kyrkjelydar, fortrinnsvis i Pinsebevegelsen. Likevel håpar dei å nå den ynge generasjonen. I år er det eit eige ungdomsteam på stemnet for å prøve å legge til rette for den yngre generasjonen. Det er også bornemøter kvar dag.

Maran ata 2023
CAMPINGLIV: Ben Rasmussen (59) og Beathe Karin Skjørestad Rasmussen (58) er på Maran Ata for første gong. Dei reiser med campingbil frå Haugesund og trivast med stemninga på Maran Ata. På Stemnet bur dei fleste i campingbil eller -vogn.
Maran Ata sommarstevne 2023
GAMAL MUSIKKSTIL: Jostein Kirkenes (59) meiner det er viktig å ta vare på den gamle musikkstilen. Saman med Misjonsbefalingen, ei musikkgruppe, leiar han lovsongen på sommarstevnet.

– Men så kan det nok hende at nokon opplev seg frammandgjort med den moderne musikk- og møtestilen med engelske lovsongar og slikt. Desse folka er vand med dei gamle songane frå vekkinga og saknar dei. Dei kjem hit fordi her opplev dei at det vert brukt.

Maran Ata sommarstevne 2023
ALLE KAN BIDRA: Musikken er sentral på stevnet. I tillegg til eit fast husband, er det også opent for at dei som ynskjer kan bidra med sitt.

Mange kyrkjelydar opplev å verte reine generasjonskyrkjer, noko Saltnes er skeptisk til. Han seier at det ikkje berre er ei positiv utvikling og brukar Maran Ata som eit døme på ei generasjonsrøyrsle for eldre, og moderne pinsekyrkjer som eit døme på kyrkjer for yngre. Han meiner at alle generasjonane trengs og seier at dei eldre treng dei unge for å få impulsar, og at de unge treng erfaringane og visdommen til dei gamle.

– Eg føler at dei moderne pinsemenighetane forkastar alt gamalt og det trur eg ikkje er så klokt. Eg trur vi treng begge delar.

– Kor er Maran Ata om 30 år? Er det dei yngre som har tatt over?

– Det må til ei endring, fastslår Saltnes.

Maran Ata sommarstevne 2023
VOKTAR CAMPINGPLASSEN: -Før var plattforma stappfull av ungdom, eg var jo med frå eg var 17 år, seier Oddleif Kvålseth (80). Han har vore friviljug som vakt i 20 år og brukar ein firjuling for å køyre rundt og halde kontroll på campingen.


Powered by Labrador CMS