Politibetjent David Lee sorterer i riflene som han og andre etterforskarar fann heime hjå Brent Nicholson.

Fann 5.000 våpen i eitt hus

Det er ingen grenser for kor mange våpen ein amerikanar kan eige. Men færre døyr av våpen i USA no enn før.

Publisert Sist oppdatert

Ein dag i november kom etterforskarar heim til Brent Nicholson i Chesterfield, ein liten plass på USAs austkyst. Dei trakka forbi gamle dekk, rustne maskiner og medtekne bilar, som fylte hageflekken framfor huset.

Så opna dei døra.

– Eg veit ikkje om nokon har oppdaga eit så stort lager hjå nokon før, seier den lokale sheriffen, Jay Brooks, til Reuters.

LES OGSÅ: «USAs politikere lukker øynene for virkeligheten»

I Nicholsons hus fann dei våpen overalt – i stova, på gangen, på soverommet. På alle moglege flater. Rifler, hagler og mindre handvåpen. I garasjen var det endå meir.

Seks veker etterpå kan etterforskarane konstatere at Nicholson hadde 5.000 våpen innomhus.

Skyteepisodar

Den offentlege debatten i USA er nok ein gong prega av skyteepisodar.

Sist onsdag vart 14 personar skotne og drepne under eit juleselskap på eit helsesenter i San Bernardino i California, då eit ungt ektepar opna eld med automatvåpen. 14 andre vart sendt til sjukehus med skotskadar. Gjerningspersonane skal ha hatt kontakt med kjende terrormistenkte, og ei kjelde nær etterforskinga sa torsdag at skytinga vert behandla som eit terroråtak.

LES OGSÅ: Obama kjente pastor som ble drept i kirkemassakre

I november vart tre menneske drepne ved ein abortklinikk i Colorado. I oktober drap ein mann ni personar på ein høgskule i Oregon.

Lista er lang. 36 menneske er blitt drepne av skytevåpen i USA i 2015, melder Politiken. Kvar einaste dag.

Færre døyr av våpen

Hittil i år har det vore 354 masseskytingar i USA, fordelt på 220 byar i 47 delstatar, viser tal frå Shootingtracker. Samtidig er det generelt sett færre amerikanarar som døyr av våpen i USA i dag, skriv den amerikanske storavisa Washington Post.

Ifølgje avisa er dette del av eit skifte som starta for to tiår sidan.

LES OGSÅ: Vel å be, ikkje stramme våpenlovene

I 1993 var det var det sju drap med våpen per 100.000 innbyggjar i USA. Det viser analyser gjort av Pew Research Center. I 2013 hadde dette talet minka til 3,6, noko som inneber 11.208 våpendrap.

Analysen viser også at tal på offer som har vorte utsett for kriminalitet med våpen, men berga livet – som til dømes ran – har også gått ned dei siste tjue åra.

Fem grunnar

Washington Post-bloggar Max Ehrenfreund listar opp fem grunnar til nedgangen av dødsfall.

– Meir politi: I New York, til dømes, meiner forskarar at rekruttering av fleire politifolk bidrog til at byen hadde ein større nedgang av kriminalitet enn andre stadar.

– Bruk av datamaskiner: Politiet har dei siste åra byrja å bruke datamaskiner til å samle informasjon om kriminalitet. I dag blir New York sitt datasystem brukt i politiavdelingar over heile landet. Ein nyleg studie viser at slike system reduserte drapsraten med 11 prosent.

– Mindre alkohol: Amerikanarar drikk ikkje så mykje som før – 21 prosent mindre i år 2000 som i 1980.

– Mindre bly: Etter Clean Air Act i 1970, vart det forbode å selje drivstoff med bly i USA. Bly er giftig og kan påverke oppførselen til små born som kjem i kontakt med det. Økonom Jessica Reyes meiner at lovendringa hadde stor effekt og har ført til ein nedgang av kriminalitet.

– Betre økonomi: Når folk har meir pengar å rutte med, kan dei mellom anna installere innbrotsalarm i huset sitt eller ha større sjanse for å tene pengar på lovleg vis. Dette kan påverka kriminalitetsnivået, men det er usikkert i kor stor grad.

Tatt for tjuveri

Det er framleis eit mysterium for etterforskarane kvifor Brent Nicholson ville ha tak i 5.000 våpen. Dei prøver å finne ut om han rett og slett var veldig oppteken av våpen eller om han var del av ei forsyningsline av ulovlege våpen som går frå staten Sør-Carolina og opp til New Jersey og andre nordlege statar.

Mange av dei 230.000 våpna som blir stolne kvart år i USA følgjer denne ruta.

LES OGSÅ: Slik endret finnene skolene etter massakrene

Nicholson har tidlegare vore i fengsel fleire gongar før på grunn av tjuveri.

21. oktober i år vart han stoppa på grensa til Nord-Carolina, med tjue rifler og ni handvåpen i bilen. Fleire av dei var stolne. Dette førte til at politiet kom på døra hans nokre dagar seinare.

Familietradisjon

Chesterfield er ein stad der alle kjenner alle. Al Padgett, ein nabo, skildrar Nicholsons våpenlager nærast som ein familietradisjon.

– Alle visste at han kjøpte våpen. Det gjorde også faren og bestefaren, fortel han til Reuters.

– Han samla på dei, men eg såg aldri at han selde dei. Ikkje ein einaste gong. Han gjorde alle ei teneste ved å halde våpna vekk frå gatene.

Sheriff Brooks har eit litt anna syn på saka. Nicholson hadde mykje tjuvgods i huset. Sheriffen veit framleis ikkje kor mange av våpna i huset som var stolne, sidan mange manglar serienummer og er umogleg å spore.

Det same problemet har oppstått etter skyteepisoden i San Bernardino sist onsdag. To rifler og to handvåpen vart brukt. Alle kjøpt på lovleg vis, men det er usikkert korleis dei til slutt hamna i hendene på gjerningspersonane.

Våpenkontroll

President Obama støttar bakgrunnssjekkar av dei som kjøper våpen, og får støtte frå presidentkandidatar frå eige parti. Republikanarar på si side ynskjer ikkje meir kontroll enn det er i dag.

Ingen av synspunkta vil setje grenser for kor mange våpen ein person kan eige.

Powered by Labrador CMS