Vil styrke forholdet til Forsvaret: Gjev dei ny biskop
DEN NORSKE KYRKJA: Oslo-biskopen skal ikkje lenger ha tilsyn med feltprestane. Årsaka er eit auka fokus på kyrkja sitt bidrag i krig og krise.

Preses har «ei særleg rolle i kyrkja nasjonalt og kan bidra til å i endå større grad vareta relasjonen mellom kyrkja og forsvaret på eit nasjonalt nivå», står det i sakspapira til Bispemøtet som vart samla denne veka i Oslo.
Alle biskopane i Den norske kyrkja (DNK) sit i Bispemøtet, som normalt har møte tre gonger i året.
Dei har altså bestemt at det ikkje lenger skal vera biskopen i Oslo som har tilsynsansvar for DNK-vigsla prestar som er tilsette i Forsvaret, såkalla feltprestar. Frå og med 1. april skal preses, som no er Olav Fykse Tveit, ha dette ansvaret.
Det er 37 prestar som er vigsla i Den norske kyrkja som i dag jobbar i Forsvarets trus- og livssynskorps. Før heitte dette Feltprestkorpset.
Krigsscenario

I sakspapira til Bispemøtet blir det lagt vekt på at kyrkja ynskjer å styrke rolla ho har i den norske totalberedskapen.
I dette omgrepet ligg både militært og sivilt arbeid for å førebyggje, planleggje for og handtere kriser, væpna konflikt og krig.
AT DNK ser på kor ansvaret for prestar tilsette i Forsvaret ligg, blir sett på som ein del av dette arbeidet.
I 2023 skreiv Kyrkjerådet at «krigsscenario ikkje er ein del av Den norske kyrkje sine eksisterande beredskapsplanar. Det er eit behov for å ta tak i og skildre ein kyrkjeleg beredskap knytt til krig og oppfylging av flyktningar».
Rusta for ei usikker framtid
Litt av bakteppet for at dette ansvaret i dag ligg på biskopen i Oslo er at det fram til 1998 var hovudstadsbiskopen som også hadde rolla som preses. I tillegg argumenterte ein for at det var naturleg, sidan hovudkvarteret til Forsvaret ligg i Oslo bispedøme.
Men alt i 2009 foreslo både Presteforeningen og det som då heitte Feltprestkorpset at preses skulle overta tilsynsansvaret.

I 2020 var saka også oppe til drøfting i Bispemøtet, men ein landa på å halde fram med ordninga der Oslo-biskopen sit på tilsynsansvaret for feltprestane. Men ein meiner det har komme nye moment sidan den gong, og i sakspapira til Bispemøtet denne veka, legg dei særskilt vekt på ein rapport som kom i fjor.
Den er frå Totalberedskapskommisjonen og heiter «Nå er det alvor, rustet for en usikker fremtid». Den peikar på at trus- og livssynssamfunn kan bidra med viktig ekspertise og tilgang på frivillige og lokale under kriser.
Dette meiner Oslo-biskopen
I eit notat frå i desember i fjor har sjefen for trus- og livssynskorpset gjeve støtte til at preses overtek ansvaret.

Det viktigaste for korpset sjølve skal vera at det er éin biskop som har tilsyn med alle feltprestane.
Ein har nemleg også vore innom tanken på å spreie tilsynet geografisk basert på teneste- eller bustad til feltprestane, slik at alle biskopane ville delt på oppgåva.
Dette er slik tilsynet fungerer for andre spesialprestar i dag, som til dømes sjukehus- eller fengselsprestar.
I sakspapira kjem det også fram at noverande Oslo-biskop, Kari Veiteberg, støttar at preses overtek tilsynsansvaret.