Vigeland: – Ja, det blir ny møtehelg

VEKKING: Førre helg samla det seg 1400. No bekrefter arrangøren ny møtehelg i juni.

På kort tid har de kristne møtehelgene på Vigeland vokst seg ut av to lokaler. Hlegen 19.-21. mai ble møtene lagt til Lindesneshallen. Den har kapasitet for 1.400 personer.
BLIR NY MØTEHELG: Arrangøren ønskjer å arrangere neste møtehelg i Lindesneshallen, slik som i førre helg.
Publisert Sist oppdatert

Sist helg var Lindesneshallen fylt til randa, då Normisjon-forsamlinga på Vigeland arrangerte møtehelg på nytt. Samlinga av drygt 15 menneske til søndagsmøta i meinigheita, har vakse i stor fart etter ei møtehelg i november.

Fredag og laurdag kunne Vårt Land rapportere om full sal, noko som svarer til 1400 menneske.

– Tenk, det er nesten like mange i hallen her no som det er innbyggjarar i Vigeland, sa Geir Norum frå podiet laurdag kveld.

– Ein del ting skal klaffe

Norum er styremedlem i Vigeland bedehus, og kan fredag bekrefte at det blir ny møtehelg.

– Ja, det blir det. Men vi har ikkje sett datoen heilt enda. Det er ein del ting som skal koordinerast og klaffe, men det blir ei møtehelg til i juni, i alle fall, seier Norum.

Datoane klare i neste veke

Nærmare datoar blir bestemt i begynninga av neste veke, og Norum fortel at informasjon blir publisert på Facebook-sida deira.

Blir det i Lindesneshallen da også?

– Ja, det er det vi prøver å få til, seier han.


Powered by Labrador CMS