Søndag ringjer kyrkjeklokka i Sædalen for fyrste gong

Dei går frå å døype folk i ein skitten gymsal, til ei moderne kyrkje

– Vi fekk til det vi drøymde om

Publisert Sist oppdatert

– Denne kyrkja byrja dei å drøyme om då eg prøvde å lære å gå, midt på 60-talet.

Arne Tveit er kyrkjebyggsjef i Bergen. Han smiler breitt når han snakkar om den nye kyrkja i Sædalen.

– Og eg var ikkje påtenkt, legg sokneprest Leidulf Øy til.

I bakgrunnen er det støy frå arbeidarar. Det er mange rom i det nye kyrkjebygget, og i dei fleste av dei er arbeidarar som jobbar på spreng for å få kyrkja klar til opninga på søndag.

Sædalen kirke.

Dåp med lukt av sveitte

Våren 2006 bestemte Øy og ein gjeng frivillige seg for at dei ville skape ein møtestad i Sædalen. Staden hadde hatt ein stor befolkningsvekst, med nye bustadfelt og nye vegar, men kyrkja var ikkje til stades i dette.

– Så vi hang opp plakatar og inviterte til barnekor, og det kom 80 born med føresette på første øving.

– Det var veldig overveldande.

Same haust byrja dei å ha gudstenester i gymsalen på Nattland skule.

Sædalen kirke.
MØTESTAD: Sokneprest Leidulf Øy håpar den nye kyrkja både kan vere ein møtestad for det kvardagslege og det heilage.

– Det lukta sveitte og det var skittent, men dei klarte til og med det å lage det der «annleis-rommet».

Leidulf Øy er engasjert når han skildrar forsamlinga, som saman har stelt i stand gudsteneste på diverse stader alle desse åra.

No, 18 år seinare, og etter ein lang prosess med arkitektar, entreprenørar og planlegging, sit han i den nye kyrkja i Sædalen.

Heilt frå starten av planlegginga har kyrkjelyden drøymt om å klare å kombinere den kvardagslege møtestaden, og ein møtestad for noko større, i den nye kyrkja.

Sædelan kirke

Kyrkjelyden er vant med at det er «folka som er kyrkja» og Øy fortel at han er spent på korleis det vert når kyrkjebygget no vert ein større del av det.

– Vil folk føle seg framand?

– Eg trur ikkje det, og eg håpar ikkje det. Men eg trur vi må jobbe litt for det.

Ei kyrkje full av liv

Tveit er ivrig når han fortel om korleis ein søndagsskulelærar forklarte visjonen deira til arkitektane, som skulle konkurrere om å få teikne kyrkja.

– Det er eit bygg som skal vere ei kyrkje full av liv, ein møtestad til glede for Gud og menneske. Der du skal ha eit kyrkjerom der du møter det heilage, og eit kyrkjetorg som er hjartet i huset.

I tillegg skulle det vere moglegheit for aktivitet i kyrkja heile tida.

Sædalen kirke.
KLATREVEGG: Kyrkjebyggsjef i Bergen Arne Tveit er engasjert når han viser kyrkjetårnet som no er tomt, men som skal verte eit klatre- og budrerom.

«Ei kyrkje full av liv», teikna av Hille Melbye Arkitekter, KOHT Arkitekter og TAG Landskapsarkitekter, stakk av med denne sigeren og fekk teikne kyrkja.

Øy fortel at alle i juryen var einige om at vinnaren skilte seg ut. Mellom anna fordi dei hadde klart å utnytte arealet så godt.

Kritisert av arkitekturopprøret

Den nye kyrkja er moderne og minimalistisk, med fleire smarte løysingar som skal gjere det lett å skilje romma frå kvarandre.

– Denne kyrkja har nærmast treft innertiar på det kyrkja skal vere i våre nærmiljø i dag, seier Øy.

Men dette har ikkje alle vore einig i. Då det i 2021 vart annonsert kven som skulle teikne kyrkja, gjekk Audun Engh i Arkitekturopprøret hardt ut mot teikningane i ein artikkel i NRK. Han meinte kyrkjebygget minna om ein bensinstasjon eller eit kjøpesenter, og at det var ein moderne kasse utan andelege og religiøse kvalitetar.

Sædalen kirke.
FLEKSIBEL KYRKJE: Den nye kyrkja er ei moderne kyrkje med store opne flater og vindauger, og ulike moglegheiter for å skilje rom frå kvarandre så dei kan fungere til ulikt bruk.

Tveit smiler litt når dette temaet kjem opp.

– Vi er ikkje ute etter å bygge ei 1800-talskyrkje med arkitekturen frå den tida. Vi skal bygge ei kyrkje i 2020-stil som tek vare på all aktiviteten som skal vere her.

Sædalen kirke.
GUD I ALLE ROM: – Gud skal vere levande i alle romma i dette bygget, seier Tveit som meiner dei har fått til det dei drøymde om.

Han legg til at dei også er miljøtårnsertifisert og at dette også er avgjerande for korleis dei bygg kyrkja.

– Det ser ut som ei kyrkje, det er fleksibelt, og det er solceller på taket og bergvarme.

Tek vare på nokre tradisjonar

Både Øy og Tveit meiner det kjem tydeleg fram at dette er ei kyrkje. Øy meiner den minimalistiske og moderne stilen, med store reine flater og vindauger, vil invitere til andelege opplevingar.

– Den reine forma trur eg vil få mange til å tenkje «okey, her er eg midt i dette annleis-rommet. Eg er midt i livet, men på same tid kan eg ta eit steg til sides».

Sædalen kirke.
KYRKJEPARK: Utanfor kyrkja er ei eit stort område med myr, her er det bygd ein park med vegar, open for at alle skal kunne bruke den.

Og i det moderne, er det også teke tradisjonelle grep.

– Soknerådet har vore veldig tydeleg på at symbolikken i kyrkjerommet skal vere slik at alle skjønar at dette er eit kyrkjerom.

Dei har eit sterkt ynskje om ei fleksibel kyrkje som kan brukast til mykje, men likevel skal kyrkjerommet bere preg av å vere meir høgtideleg.

Sædalen kirke.
BERRE EI KLOKKE: Til fordel for ein klatrevegg i kyrkjetårnet, valde dei å ha ei kyrkjeklokke i den nye kyrkja.

– Alteret er fastmontert. Det er jo ein tradisjon i vår kyrkje at alteret er eit sentrum i eit kyrkjerom. Det skal ikkje berre vere eit lett bord som vi kan flytte rundt.

Eit spesielt samarbeid

Tveit fortel om eit fint samarbeid med arkitektar som har skapt ei fleksibel kyrkje, men trekk fram entreprenøren som ein viktig samarbeidspartnar.

– Dei har hatt den same draumen om at dette skal verte eit godt kyrkjebygg.

– Det har vore heilt spesielt, legg Øy til.

Sædalen kirke.
STRAMT BUDSJETT: Arkitektane fekk 50 millionar å bygge for. Med musikkinstrument, møblar, kunst og anna utstyr var prisen på alt rundt 85 millionar.

Nede i kyrkjerommet har flygelet akkurat blitt avduka. Magnus Mjelstad har sitte seg på pianokrakken og rommet fyllast av gospelsongen «Soon and very soon».

Han er leiar for entreprenørfirmaet som står bak bygget.

– Eg har gledd meg like mykje som dykk til å få flygelet på plass.

Mjelstad er sjølv kristen, og meiner at dette har hatt noko å seie for prosessen.

– Det er jo klart at det å bygge ei kyrkje er veldig spesielt. Dei fleste veit jo ikkje kva eit kneleskammel er, eller skjønar kanskje ikkje symbolikken i ei kyrkje.

Sædalen kirke.
SISTE INNSPURT: Søndag opnar kyrkja i Sædalen. Dei siste dagane har dei jobba på spreng for å få alt klart til festdagen.

Det som har vore spesielt her, fortel han, er at dei har hatt ei forståing for kva kyrkja skulle bli brukt til.

– Eg trur andre hadde klart det bra, men eg trur det har hjelpt oss i dialogen og i samspelet mellom byggherre og entreprenør, at vi har hatt den forståinga.

Powered by Labrador CMS