Teologistudentar etterlyser unge stemmer: – Det er litt skummelt å ytre seg
DEN NORSKE KYRKJA: MF-studentar meiner debatten om organiseringa av Den norske kyrkja manglar stemma til dei som er framtida til kyrkja: dei unge.

– Dette kjem til å i stor grad prege arbeidskvardagen vår. Derfor må me snakke om det og koma til orde, seier Eline Bolstad Kunzendorf (26).
– Ja, me er glade i kyrkja og me håpar den kyrkjelege strukturen vil leggje til rette for at det skal vera fint for oss som prestar der, men også at den bidreg til liv i dei lokale kyrkjelydane, seier Andreas Aschim Næsheim (22).
Me sit i kantina på MF vitenskapelig høyskole i Oslo. Praten surrar rundt oss, frå studentar som kan studere samfunnsvitskap, berekraft eller diakoni. Men dei fem studentane som no vil hive seg inn i debatten om kyrkjeleg organisering i Den norske kyrkja (DNK) studerer alle teologi, og har planar om å bli prestar.
Dei er ein liten, ettertrakta gjeng. Det er mange år sidan ein fyrst ropa varsku om rekrutteringskrisa til kyrkjelege stillingar, og mangelen på prestar er spesielt stor.
– Viss det skal vera vits å sitje her i seks år så må ein vita at teologisk kompetanse blir verdsett, og at det også blir spegla av i strukturen, meiner Kunzendorf.
Ho reagerer på at det ikkje var nokon unge i Müller-Nilssen-utvalet som i mars i fjor la fram sluttrapporten om ei ny organisering av DNK, kalla Samhandling i en selvstendig folkekirke. Det synest fleire av teologistudentane er synd.
På spørsmål frå Vårt Land opplyser Kyrkjerådet at snittalderen i utvalet ligg på 58 år. Dei to yngste medlemmane er Oddbjørn Eide og Martin Enstad som begge er 46 år gamle.
Skummelt å ytre seg
– Korleis kyrkja er organisert i dag med dei ulike arbeidsgjevarlinjene og organa er verkeleg komplekst. Me har hatt fag om dette på skulen, og likevel skjønar me det ikkje fullt ut, så det er klart at det krev kompetanse, for all del. Men me har sett oss inn i dei nye forslaga til utvalet, og her er det er viktig at dei unge kjem til. Me kan ha andre perspektiv om korleis ein kan løyse organiseringa, me tenkjer på korleis kyrkja ser ut om 50-60 år, seier Næsheim.
Han meiner kyrkjeleg organisering er ei vanskeleg sak å engasjere seg i, sidan det er eit komplisert felt.
Guro Haave Reknes (23) dreg fram eit døme:
– Hadde det vore med ein teologistudent i utvalet ville det ført til at ein snakka om saka i kantina. Det ville pusha fram ein debatt hjå oss. Det som skjedde no var at saka blei lagt fram i media midt i eksamenstida, noko som er uheldig viss ein vil ha oss med i debatten.
Reknes påpeikar at ho ikkje meiner dette blei gjort med hensikt, men at det kan forklare at ein har mangla unge stemmer i fyrste del av debatten. Men no har dei fem teologistudentane hatt meir tid til å setje seg inn i Müller-Nilssen-utvalet sin rapport, og dei ynskjer å koma med sine perspektiv.

Kunzendorf meiner det er mange eldre som har engasjert seg i avisspaltene. Det trur ho det er fleire grunnar til.
– Det er mykje å setje seg inn i, og det kanskje enklare å uttale seg når ein har eit arbeidsliv bak seg fordi ein er fortruleg med dei kyrkjelege strukturane. For oss er dei framleis litt framande. Det er litt skummelt å ytre seg om eit så komplekst saksfelt, synest ho sjølv.
– Viss me som er innsausa i DNK, som prestebarn og teologistudentar heile gjengen, ikkje forstår korleis kyrkja er organisert, då er det mange som ikkje forstår det, trur Kunzendorf.
– Eit verdival
Reknes meiner det kan vera verdifullt med utanforblikket den yngre garde kan ha.
– Kva er eigentleg greia? Kva prøvar me å oppnå? er døme på spørsmål ho meiner ein kunne fokusert meir på.
– Det er eigentleg eit verdival. Det handlar om kva kyrkje me vil ha, seier Tobias Wang.
– Ja, kva kyrkje vil du ha?
Smånervøs latter blir etterfylgt av ei lita tenkjepause.
– Eit lokalt fellesskap der menneske kan få møte Jesus, landar Wang på.
Gruar seg til konflikthandtering
Men korleis organiserer ein best kyrkja for å bli, eller forbli, det? Og korleis sørgjer ein for at ho om 60 år blomstrar og dessutan er ein attraktiv arbeidsplass for framtidige arbeidstakarar?
Teologistudentane er i alle fall unisone i sitt ynskje om éi felles arbeidsgjevarlinje. Enklare konflikthandtering er ein av grunnane.
– Det er mange ting som verkar krevjande med å vera prest. Konflikthandtering er noko eg uroar meg for, fortel Kunzendorf.
Ho håpar det i framtida er éin felles leiar som kan gå inn og rydde opp i vanskelege tvistar.
Ein annan fellesnemnar er at ingen av dei er særleg oppglødde over tanken om prostifellesråd, altså eit nytt folkevalt organ mellom dagens lokale (soknet og fellesrådet) og regionale (bispedømet).

Vil ivareta lokalt engasjement
Det betyr i praksis at dei ikkje ynskjer nokon av forslaga i Müller-Nilssen-utvalet sin rapport, sidan deira mandat var å greie ut løysingar knytt til dette nye fellesorganet.
– Prostifellesrådet opplevast meir som å sjå på kyrkja som ei verksemd eller eit offentleg tenesteorgan, heller enn ei kyrkje, meiner Jon Olav Meling Kvamsøe (25).
Fleire nikkar ivrig. Dei er opptekne av kyrkja sin eigenart, og av lokal råderett, noko dei meiner er essensielt for å ta vare på engasjement og frivillige.
På lik linje med dei fleste teologar, også dei med fleire år på baken, er dei skeptiske til at biskopane ikkje skal ha arbeidsgjevarfunksjonar. Og dei fleste av dei ynskjer nok helst at den eine arbeidsgjevarlinja ein samlar seg om går via bispedømerådet.
– Det er grenser for kor mykje praktisk ansvar du kan ta frå ein biskop før ein ikkje lenger er ein biskop, meiner Kvamsøe.
– Dette handlar ikkje berre om at me skal bli prestar og vil ha gode arbeidsvilkår. Me skal leve i kyrkja også, seier Wang om diskusjonen som skal forme Den norske kyrkja for framtida.