Tau kyrkje er eitt av få nye kyrkjebygg: – Vi vil vere ei drop-in-kyrkje

KYRKJEOPNING: Det blir bygd stadig færre kyrkjer i Norge. Ved å plassere si nye kyrkje midt i sentrum håpar Tau kyrkje å senke terskelen mellom bygda og det heilage rommet.

Martin Ivar Arnesen, sokneprest i Strand, nye Tau kyrkje
STOLT OG AUDMJUK: Sokneprest Martin Ivar Arnesen viser stålfasaden på Tau kyrkje. Nybygget er plassert midt i sentrum, med låg terskel for å kunne «stikke innom».
Publisert Sist oppdatert

– Det er litt magisk her, seier Martin Ivar Arnesen, sokneprest i Strand i Ryfylke i Rogaland.

Idet han opnar døra til kyrkjerommet, slår lukta av nytt tre imot ein.

Martin Ivar Arnesen, sokneprest i Strand, nye Tau kyrkje
STORSTOVE: Politikarane i Strand kommune har vore positive heile prosessen, seier soknepresten. Dei såg behovet for både ei kyrkje og eit samlingspunkt.

Det er berre nokre dagar sidan flunkande nye Tau kyrkje kunne ønske bygda velkommen inn – med blant anna ministerbesøk, Sigvart Dagsland-konsert og gudsteneste på programmet.

– Dette har kyrkjelyden jobba fram mot i rundt 15 år. Men plutseleg er vi her, seier soknepresten.

Mellom butikkar og bustader

På toppen av bygda Tau ruvar ei kvit trekyrkje mellom gardar og knausar.

For liten, for usentral og for lite tidsriktig var konklusjonen frå folk og kommunepolitikarar om den gamle Strand kyrkje.

Kyrkjebygging i Norge

  • Dei fleste kyrkjene i Norge er frå etter år 1800. Kyrkjebygginga skaut fart på andre halvdel av 1800-talet fordi formannskapslova frå 1837 fastslo at alle kommunar måtte ha plass til ein gitt del av innbyggarane i kyrkja.
  • Ifølge kirkesøk.no finst det 642 kyrkjer frå 1800-talet (6,4 bygd per år), 559 frå 1900-tallet (5,6 bygd per år) og førebels 54 frå 2000-talet (2,7 bygd per år).
  • Kjelde: KA og kirkesøk.no.

September 2021 står altså bygdas nye «storstove» klar. Kyrkja, med spir i stål, er bygd midt i sentrum, med pizzarestaurant, møbelforretning og daglegvarebutikk som naboar.

Martin Ivar Arnesen, sokneprest i Strand, nye Tau kyrkje
PIAZZA: Framfor Tau kyrkje blir det eit torg, som bind kyrkja saman med bygdas sentrum.

Framfor kyrkja kjem det snart eit kommunalt torg.

– Det er jo litt etter den italienske eller sør-europeiske tankegangen, at fronten på kyrkja vender in mot torget i byen. Vi blir verkeleg ein del av det pulserande livet, seier sokneprest Arnesen.

At Tau kyrkje ligg midt der folk bur – og handlar – er altså ein del av tanken bak plasseringa.

– No kan vi vere ei drop-in-kyrkje, som ei Sjømannskyrkje. Her skal det vere open dør, høgt under taket og låg terskel for å kome inn, seier presten.

– Denne kyrkja skal vere for mange. Ho skal vere nær folk, og for folk.

Martin Ivar Arnesen, sokneprest i Strand, nye Tau kyrkje
MODERNE: Lydanlegg og akustikk har vore blant det viktigaste å få perfekt i kyrkjerommet på Tau.

– Gror lokalt

Ei som har god oversikt over bygginga av nye kyrkjer i Norge, er Randi Moskvil Letmolie i KA. Ho er direktør for kyrkjebygg og eigedomsforvaltning, og karakteriserer bygginga dei siste tiåra som «moderat».

– Kyrkjene som blir oppført no, kjem gjerne i nye bydelar eller utbyggingsområde kor det blir fødd ein tanke om ei lokalkyrkje frå innbyggarane, utdjupar ho.

Martin Ivar Arnesen, sokneprest i Strand, nye Tau kyrkje
INNVIA: Herifrå forretta sokneprest Martin Ivar Arnesen og biskopen kyrkjas første gudsteneste sundag.

Men frå idéen blir fødd, til bygget står ferdig, kan det ta tid, seier Moskvil Letmolie. Slike prosjekt må inn i både kommuneplanar og økonomiplanar.

I snitt blir det no bygd éi kyrkje i året, ifølge KA-direktøren.

– Desse prosjekta startar lokalt, gror lokalt og blir finansiert lokalt. Og det er jo sånn folkekyrkja lever, seier ho.

– Slik eg oppfattar det, kjem nye kyrkjer ut frå behov – og ikkje minst engasjement. Det er mange eldsjeler i Kyrkje-Norge, som brenn for tanken og jobbar i årevis, seier KA-direktøren.

Livleg kyrkjelyd

I Tau kyrkje står ein 500 kvadratmeter kjellar tom – enn så lenge. Så fort lokala er klare, skal forsamlinga fylle dei med yrande liv, i form av barne- og ungdomsarbeid.

– Det er det som har vore målet – å bygge noko nytt, retta mot framtida, seier sokneprest Arnesen.

Martin Ivar Arnesen, sokneprest i Strand, nye Tau kyrkje
DETALJAR: Til og med stoffet på stolane har ein funksjon: Dei bidrar til akustikken.

I kyrkjerommet, med lyst tre oppetter veggene og blankt steingolv, kling ein akustikk som verken er tørr eller gjallar. Det har dei jobba for, seier presten, og klappar for å demonstrere. Lydanlegget er også investert i.

Martin Ivar Arnesen fortel at kommuneleiinga og den sittande posisjonen har vore viktige støttespelarar for å få realisert Tau kyrkje.

– Det var velvilligheit frå dag éin. Dei såg behovet for ei kyrkje og for ei storstove. Dette er begge deler.

– Eg kjenner på takksemd og audmjuke over å få ta del i dette, seier Arnesen.


Powered by Labrador CMS