Slik reagerer dei på samlivsvedtaket i Metodistkyrkja
HOMOFILI: Årskonferansen til Metodistkyrkja i Noreg oppfordra biskopen til å vente med å sanksjonere prestar som vier homofile. – Eit bittelite skritt, meiner prest og rektor.

– Me har komme eit bitte lite skritt vidare.
Det seier Rektor ved Metodistkyrkjas teologiske seminar, Hilde Marie Øgreid Movafagh, om vedtaket om likekjønna vigsel som Metodistkyrkja i Noreg gjorde på helgas årskonferanse.
Årskonferansen vedtok å oppfordre biskop for Metodistkyrkja i Norden og Baltikum, som i dag er Christian Alsted, om å vente med å behandle klagesaker mot dei som vel å vie likekjønna par.
Movafagh meiner det er liten sjanse for at vedtaket kan føre til sanksjonar mot Metodistkyrkja i Noreg, men seier det godt kan hende at det vil skape reaksjonar.
– Men det er gammalt nytt. Til dømes vil ikkje Russland og Baltikum like den retninga me går i, men det har me lært oss å leve med, seier ho.
Sidan den norske greina av Metodistkyrkja er medlem i det internasjonale kyrkjesamfunnet United Methodist Church (UMC), har dei ikkje høve til å gjera endringar i lærespørsmål som strid mot moderkyrkja, utan å risikere sanksjonar.
Den høgaste styresmakta i UMC, generalkonferansen, skal i 2024, etter fleire utsetjingar på grunn av koronapandemien, diskutere samlivsetikk, og det er forventa at dei vil opne opp for likekjønna vigsel. Ein konservativ fløy har alt brote ut av det globale kyrkjesamfunnet og danna sitt eige.
Får behalde kyrkjebygg
På grunn av forventingane til generalkonferansen om to år fortel leiande tilsynsprest i Metodistkyrkja i Noreg, Knut Refsdal, at det ikkje verka logisk å vedta noko som strid direkte med kyrkjeordninga i UMC.
– Det hadde sett i gang ei rekkje juridiske prosessar som kunne tatt mange år å bli ferdig med. Det trur eg ingen orkar. Me har viktigare ting å bruke tida på. Derfor var det viktig å finne noko me kunne gjera innan dagens regelverk.
Refsdal er usikker på om ein kunne gått endå lenger innanfor regelverket.
– Men dette var så langt me kunne gå for å få til eit kompromiss alle kunne stille seg bak.
Metodistkyrkja i Noreg har i fleire år nytta ein konsensusmetode for å fatte vedtak på sine årskonferansar, heller enn ved avstemming.
Ingen ynskjer seg splitting, men det kan så klart hende at nokon vil gå ut
Svein Jacobsen Veland
Noko av kompromisset gjekk ut på at ein også vedtok å gjera det enklare for kyrkjelydar som ynskjer å forlate Metodistkyrkja i Noreg før år 2025 på grunn av opninga for å vie likekjønna.
– Viss kyrkjelydar gjer dette på ein ryddig måte vil me ikkje leggje hindringar i vegen for dei.
Refsdal fortel at ein skal utvikle retningslinjer for slike prosessar.
– Årskonferansen har sagt at dei vil vera rause i slike saker, mellom anna i kva som krevst av aktuelle kyrkjelydar for å få med seg kyrkjebygget om dei lausriv seg.
Gjer det enklare å forlate Metodistkyrkja
Svein Jacobsen Veland trur ingen eigentleg ynskjer seg ei kyrkjesplitting. Han var delegat på årskonferansen og er prest i Petrikirken på Kjølberg i Fredrikstad kommune. Sjølv var han nøgd med konsensusvedtaket.
– Trur du mange kyrkjelydar vil vurdere å forlata Metodistkyrkja i Noreg?
– Eg trur mange er midt i ein prosess kring desse spørsmåla, og at dei fleste vil sitje roleg og vente i fyrste omgang. Ingen ynskjer seg splitting, men det kan så klart hende at nokon vil gå ut.

Veland merka seg at fleire på årskonferansen verka som dei hadde hastverk, på begge sider av saka. Nokon med å setje i gang med full inkludering av skeive, andre med å ville melde kyrkjelydar ut av kyrkjesamfunnet.
Presten vil ikkje svara direkte på kvar han står i spørsmålet om likekjønna viing, men seier at han så langt står på kyrkjeordninga og er lojal til den.
– Eg lever godt med to syn, og kjem ikkje til å ta initiativ til å gå ut.
Tilsynsprest Refsdal anslår at ein vil få ein diskusjon om å trekkje seg ut hjå 4-5 kyrkjelydar av til saman om lag 45.
– Men me må berre vente å sjå. Me vil framleis vera ei kyrkje som rommar mangfald, og der det skal vera plass for å ha eit tradisjonelt ekteskapssyn, seier Refsdal.
Frustrerande
Silje Marie Halvorsen er prest i Metodistkirken i Fyllingsdalen i Bergen. Ho synest det er lettare å leve med kompromissvedtaket sidan ho følte at begge sider blei høyrt under årskonferansen.
– Eg synest det er veldig fint at me har komme eit godt stykke på veg. Eg forstår at me må vente på generalkonferansen, men det kan vera frustrerande.
Ho har endå ikkje snakka med kyrkjelyden i Fyllingsdalen om vedtaket, men seier dei fleste er ganske opne og at det er eit sterkt ynskje å bli verande i UMC. I tida framover ynskjer ho å leggje til rette for at kyrkjelyden skal snakke om samlivsspørsmålet og prosessen vidare.
Alle i saka legg også vekt på at diskusjonen på årskonferansen gjekk roleg og respektfullt for seg.