Slik blir nye Sædalen kyrkje

KYRKJEARKITEKTUR: No får bustadsområdet Sædalen i Bergen endeleg si eiga kyrkje. Fagjuryen var samrøystes i si vurdering av kva bidrag som var best.

Sædalen kirke
VINNAR: Slik ser vinnarframlegget i design- og anbodskonkurransen for nye Sædalen kyrkje i Bergen ut.
Publisert Sist oppdatert

Ein samrøystes jury meiner bidraget “En kirke full av liv” teikna av Hille Melbye Arkitekter, KOHT Arkitekter og TAG Landskapsarkitekter best har løyst oppgåva med å teikne Sædalen kyrkje. Entreprenør blir K. Nordang Entreprenør.

Det skriv Bergen Kyrkjelege Fellesråd i ei pressemelding.

Sædalen ligg i Fana bydel i Bergen, og har ei siste 15–20 åra hatt omfattande bustadutbygging. Dei har mangla ei eiga kyrkje i området, men det skal endre seg no, og etter planen skal Sædalen kyrkje stå klar mot slutten av 2023.

Mette Svanes
JURYLEIAR: Kyrkjeverje i Bergen Mette Svanes har leia fagjuryen.

Samstemt fagjury

Ein fagjury har i haust vurdert fem framlegg til utforming av den nye kyrkja, i ein design- og anbodskonkurranse som vart utlyst før sommaren.

-Gjennom arbeidet har vi opplevd felles mogning og juryens avgjersle er samrøystes, skriv juryleiar Mette Svanes i pressemeldinga.

– Vi håper at prosjektet får godkjenning i alle ledd og kan bli realisert til glede og velsigning for kyrkjelydslivet og alle i Sædalen.

Sædalen kirke
INTERIØR: Slik vil kyrkjerommet i den nye kyrkja sjå ut.
Powered by Labrador CMS