Refsar NLM-skule for rustesting: – Svært alvorleg
RUSTESTING: Rektor på kristen internatskule seier dei handla i god tru når dei narkotesta elevane sine. – God tru er ikkje godt nok når ein krenkjer grunnleggande rettar, seier leiar i Elevorganisasjonen.

Det var NRK som først melde saka om at Lundeneset vidaregåande skule i Rogaland driv med ulovleg narkotesting av elevane sine. Skulen er ein privat, kristen internatskule som er eigd av Misjonssambandet (NLM).
Både noverande og førre utdanningsminister har vore tydelege på at det er forbode å utsette elevar for rustesting utan at det er gjeve informert samtykke.
I internatreglane til skulen står det:
«Ved mistanke om bruk av rusmiddel, kan skolen be om at nødvendige prøver blir tatt.»
– Eit frivillig tiltak
Overfor NRK stadfestar rektor Gustav Løge Fosse at tilsette ved skulen har bede elevar om å ta urinprøve. Han hevdar sjølv at dette er eit spørsmål om dårleg kommunikasjon, og at testinga er meint å vere eit frivillig tiltak, sjølv om elevane ikkje har opplevd det slik.
– Då vil eg berre seia at me har handla i god tru om at dette er lovleg, og at me sjølvsagt må undersøkja saka nærmare. Dersom det ikkje er lovleg stiller me jo spørsmålsteikn til korleis me kan vareta eit trygt og rusfritt miljø, seier Fosse til NRK.
Elevorganisasjonen: – God tru er inga orsaking
Leiar i Elevorganisasjonen Edvard Botterli Udnæs reagerer sterkt på at det framleis går føre seg ulovleg rustesting av elevar i norske skular.
– Vi merkar oss at der mange skular rundt om i landet som ikkje har vurdert lovlegheita ved sin ruspraksis, og heller ikkje kva konsekvensar denne praksisen får for elevane.
Det er svært alvorleg at elevane sine grunnleggjande rettar blir krenkja. Då held det ikkje å vise til god tru.
Edvard Botterli Udnæs, leiar i Elevorganisasjonen
Han meiner bruken av narkotestar mot elevar fører til stigmatisering, og at det er eit brot på elevane sine rettar. At rektor ved Lundeneset vidaregåande skule seier at skulen har handla i god tru, meiner Udnæs ikkje er eit godt nok svar.
– Det er svært alvorleg at elevane sine grunnleggjande rettar blir krenkja. Då held det ikkje å vise til god tru. Å sette i gang ein så inngripande praksis utan å vurdere lovlegheita i det, er ikkje godt nok.
Udnæs meiner skulane heller burde satse på god førebygging, heller enn å ty til testing og andre kontrollerande tiltak. Han peiker på god og objektiv rusundervisning, og på eit godt støtteapparat med tilgjengelege helsesjukepleiarar og miljøarbeidarar.

Tidlegare statsråd: – Slutt med dette
– Dette må dei slutte med ein gong, seier leiar i Venstre Guri Melby.
Fram til oktober i fjor var ho utdanningsminister i regjeringa Solberg. Ho innrømmer at omfanget av slike saker er større enn ho var klar over.
– Det er mogleg at det må gå ut ei tydeleggjering av lovverket til skuleeigarane.
Ho reagerer på at det både når det gjeld Lundeneset Vgs, og andre saker, blir argumentert med at elevane sjølv har signert ei skriftleg avtale som inneheld eit samtykke til å la seg teste ved mistanke.
– Det spelar inga rolle med slike avtalar. Det vil alltid vere eit stort press mot elevane når dei blir bedne om å signere slike avtaler. Kva ville konsekvensen vere om dei let vere å signere, spør Melby.
Statssekretæren reagerer
Statssekretær Kristina Torbergsen (Ap) i Kunnskapsdepartementet reagerer på at det framleis går føre seg ulovleg testing på norske skular. Det er ikkje meir enn ein dryg månad sidan VG avslørte at Borgund vidaregåande i Ålesund har urintesta elevane sine i femten år.
– Når fleire slike saker dukkar opp – tyder det på at skuleleiarane er for dårleg informert om regelverket?
– I desember fekk vi forsikringa frå Utdanningsdirektoratet om at dei informerer tydeleg om kva som er lov og ikkje. Det er dei jo også tydelege på i denne saka. Vi forventar at skuleeigarane kjenner til reglane og rettar reglar og praksis etter det.

NLM har ingen felles reglar for narkotesting
Informasjonsleiar Espen Ottosen i NLM understrekar at skulane er eigne aksjeselskap, og at det er opp til leiinga på kvar enkelt skule å ta stilling til denne typen spørsmål.
– NLM som eigar lagar ingen policy for skulane. Vi har ein liten skuleseksjon som driv med rådgjeving til skulane, men det er opp til styra på kvar enkelt skule å ta stilling til slike spørsmål, seier han.
– Utdanningsdirektoratet er tydelege på at praksisen med rustesting er ulovleg. Vil NLM sentralt ta nokon grep for å sørgje for at alle skulestyra er informert om dette forbodet, for å unngå fleire slike saker i framtida?
– Det er god kontakt mellom NLM sentralt og dei ulike skulane, og vi vil jobbe saman for å forsikre oss om at alle skular held seg korrekt til norsk lovverk.
Han understrekar samstundes at NLM er svært opptekne av at internata skal vere rusfrie.
– Det er ikkje minst for å ta vare på elevane. Derfor vil vi undersøkje kva tiltak som er mogleg å sette inn, seier Ottosen.