Prøveavstemming i Kyrkjemøtet: Delt på midten

DEN NORSKE KYRKJA: Ei prøveavstemming viser at eit fleirtal i Kyrkjemøtet per no ynskjer seg kyrkja nasjonalt som arbeidsgjevar. Men: det er eit endå større fleirtal for ei vidareføring av to arbeidsgjevarlinjer.

Kirkemøtet 2022. Den norske kirke. Trondheim.
VIL STEMME: Kyrkjemøtet ynskjer seg ei prøveavstemming om kva modell ein ynskjer seg for kvar arbeidsgjevaransvaret skal liggje. Komiteleiar Harald Hegstad i midten.
Publisert Sist oppdatert

55 personar stemte under ei prøveavstemming under Kyrkjemøtet for den såkalla modell 2 for organisering av arbeidsgjevaransvaret i Den norske kyrkja (sjå faktaboks for forklaring av modellane). 52 stemte imot.

Rett etterpå stemte ein over kven som ynskte seg modell 3. Dette var det eit endå større fleirtal med 63 stemmer for, og 43 stemmer mot.

Dirigent Ole Jacob Flæten påpeika at ei prøveavstemming berre er for å få ei «feeling» på kva modell Kyrkjemøtet per no ser ut til å lande på.

– Det ligg ikkje noko binding i det, sa Flæten

Ville ha prøveavstemming

Talarlista fylte seg fort opp under plenumsbehandlinga av saka om kyrkjeleg organisering på Kyrkjemøtet i Trondheim laurdag føremiddag. Etter at dei fekk presentert komiteen si andre innstilling, hadde mange mykje på hjartet.

Ein gjengangar var ynsket om ei prøveavstemming mellom dei tre ulike modellane for organisering av arbeidsgjevaransvaret i Den norske kyrkja.

Komiteleiar Harald Hegstad sa komiteen hadde diskutert å be om ei prøveavstemming, men at dei hadde landa på at det ikkje var tenleg.

Dette førte til ei avstemming i plenum om ein skulle ha ei prøveavstemming. Her blei det tydeleg at det var mange som ynskte å vise kva modell dei ynskjer seg.

Komiteen og Kyrkjerådet vil ha modell 3

Tidlegare på laurdag kom innstillinga til komiteen som har jobba med kyrkjeleg organisering under Kyrkjemøtet. Her var det eit tydeleg fleirtal for modell 3.

18 personar i komiteen har stemt på modell 3. To medlemmar ynskjer modell 2, medan eitt medlem vil ha modell 1.

Også i Kyrkjerådet gjekk eit fleirtall inn for modell 3 i si innstilling til Kyrkjemøtet.

Modellane Kyrkjemøtet har fått på bordet:

  • Modell 1: Soknet er arbeidsgjevar for alle som jobbar lokalt.
  • Modell 2: Rettssubjektet Den norske kyrkja er arbeidsgjevar for alle.
  • Modell 3: Både rettssubjektet Den norske kyrkja og sokna er arbeidsgjevarar.

I alle tre modellane tek ein utgangspunkt i at utøvinga av arbeidsgjevarfunksjonar i hovudsak ligg i fellesråd. Det vil seie at ein i modell 2 og 3 delegerer dette ansvaret frå rettssubjektet Den norske kyrkja.

Kyrkjerådet har bedt Kyrkjemøtet om å gå for modell 3. Det same gjer også komiteen som jobbar med saka under Kyrkjemøtet i si fyrste innstilling.

Kjelde: Den norske kyrkja og Vårt Land Arkiv

Powered by Labrador CMS