Palestinsk prest er lei av kristen Israel-støtte: – Gjer ikkje det Gud rasistisk?

PREST I OSLO: Prest Munther Isaac vil ikkje at ein snakkar om forsoning – enno. Hans einaste håp no er at folket hans overlever.

Munther Isaac
SJOKK: – Me er bekymra for våre kjære. Me lever i eit slags sjokk over at dette ikkje har stoppa enno, seier Munther Isaac. Han er ein palestinsk pastor, forfattar og teolog med base på Vestbreidda.
Publisert Sist oppdatert

– På Vestbreidda er me skremt. Alt endra seg etter 7. oktober, og det verkar som om ting framleis blir verre. Land fortset å bli konfiskert, vegar avgrensa og Israel kontrollerer dei to vegane som knyter oss til nord og sør. Dei har kontrollen over liva våre, seier Munther Isaac.

Han seier dei hatar å «klage» over situasjonen på Vestbreidda når dei veit kva som skjer på Gaza.

Isaac er prest i den lutherske kyrkja i Beit Sahour og i Betlehem på Vestbreidda. Han er på noregsbesøk for å møte kyrkjeleiarar og norske kyrkjelydar som er partnarar med kyrkjer i Palestina. Akkurat no sit han i ei solfylt stove i ein bydel aust i Oslo.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS