Open folkekyrkje vil ha meir frimot i trusopplæring

DEN NORSKE KYRKJA: – Me må kunne gå rett på å seie: konfirmantar skal bli kjent med dei store forteljingane i Bibelen, meiner Dorrit Vignes i Open folkekyrkje, som ikkje var nøgd med forslag til nye planar for trusopplæring.

Publisert Sist oppdatert

– Teksten er det eg kallar for «kremtande», og med det meiner eg at den manglar frimot. Me må vita kva me vil, også må me tørre å stå for det.

Det sa Dorrit Vignes frå Open folkekyrkje på Kyrkjerådsmøtet på fredag.

Rådet fekk rammeplanar for kyrkjeleg undervising og læring for tre ulike aldersgrupper på bordet. Det var det kyrkja før kalla trusopplæring.

Men dei hadde ikkje berre godord å seie om forslaget administrasjonen hadde levert.

Kyrkjerådsmøte september 2024. Kyrkjeråd, kirkeråd, kirkerådsmøte. Den norske kirke.
FRIMOT: Dorrit Vignes etterlyste større frimot i rammeplanane for kyrkjeleg undervising og læring.

Planen var å sende saka ut på høyring til mellom anna bispedømeråda, men Kyrkjerådet meiner planane treng å bli arbeidd meir med.

Vignes trekkjer fram eit døme frå sakspapira for å forklare kva ho meiner. Der står det:

«Konfirmasjonstidens plan skal leggje til rette for at konfirmantane kan få mulighet til å høre bibelfortellinger som kan knyttes til ungdommenes virkelighet og identitet».

– Me må kunne gå rett på å seie: konfirmantar skal bli kjent med dei store forteljingane i Bibelen, meiner Vignes. Det er for mykje «dei kan lære, dei bør kanskje».

Eg spør meg om me er meir opptekne av å presentere oss som kyrkje, enn å presentere det evangeliet me faktisk er her for å formidle

Tore Christiansen

Hegstad: – Noko av det viktigaste me gjer

Leiaren i Open folkekyrkje, Gard Sandaker-Nielsen, sa seg einig i at planen treng å bli arbeidd meir med.

Kyrkjerådsdirektør Ole Edvard Wold-Reitan påpeika at dette betyr at Kyrkjemøtet ikkje får handsama saka som planlagt til våren, men må vente eitt år ekstra.

Kyrkjerådsmøte september 2024. Kyrkjeråd, kirkeråd, kirkerådsmøte. Den norske kirke.
KYRKJERÅDSMØTE: Det var ei lang saksliste under helgas kyrkjerådsmøte. Her diskuterer mellom anna kyrkjerådsleiar Harald Hegstad og kyrkjerådsdirektøren Ole Edvard Wold-Reitan vegen vidare.

Dette verka ikkje avskrekkande på Kyrkjerådet.

Kyrkjerådet leier Den norske kyrkja sitt arbeid på nasjonalt nivå, og fungerer som kyrkja sitt styre. Her sit det 17 folkevalde representantar.

– Dette er noko av det aller viktigaste me held på med, meiner kyrkjerådsleiar Harald Hegstad.

– Eg spør meg om me er meir opptekne av å presentere oss som kyrkje, enn å presentere det evangeliet me faktisk er her for å formidle, seier Tore Christiansen etter å ha lest sakspapira.

Preses: Kjenne innhald i bøn, eller lære å be?

Det var på Kyrkjemøtet i vår at ein vedtok ein ny plan for kyrkjeleg undervising og læring. Planane Kyrkjerådet i dag fekk på bordet byggjer på denne saka.

Preses kom med eit døme til frå forslaget til rammeplan som han ikkje var heilt nøgd med:

– Det står at ein skal «kjenne til innhaldet i Vår Far», bør dei ikkje heller lære å be Vår Far?

Eit einstemmig Kyrkjeråd ville vente med å sende planane på høyring, og bad arbeidsutvalet til Kyrkjerådet om å vurdere vidare prosess for arbeidet med rammeplanane.

Stiller ikkje til attval

Det kom også fram på møtet at Thomas Raadin Iversen ikkje stiller til attval som leiar av ungdomsutvalet til Den norske kyrkja. Han har vore kyrkja sin ungdomsleiar sidan oktober 2022.

Kyrkjerådsmøte september 2024. Kyrkjeråd, kirkeråd, kirkerådsmøte. Den norske kirke.
SISTE MØTE: Thomas Raadin Iversen var med på sitt siste kyrkjerådsmøte som leiar av ungdomsutvalet i Den norske kyrkja. Han er éin av tre leiarar som er med i rådet med tale- og forslagsrett, men ikkje stemmerett.

– Eg er no ferdig utdanna, i full jobb og tenkjer at det er på tide å sleppe yngre krefter til, seier Iversen til Vårt Land.

Powered by Labrador CMS