Ny innstilling om kyrkjeleg organisering: Klart fleirtal
DEN NORSKE KYRKJA: Komiteen som jobbar med kyrkjeleg organisering under Kyrkjemøtet har kome med si andre innstilling. Eit stort fleirtal er einige om kva modell ein rådar Kyrkjemøtet til å velgje.

Før plenumsdiskusjonen på laurdag kring korleis Den norske kyrkja (DNK) skal organiserast, leverte komiteen som har jobba med saka under Kyrkjemøtet si andre innstilling.
Her kjem det fram at 18 personar i komiteen har stemt på modell 3. To medlemmar ynskjer modell 2, medan eitt medlem vil ha modell 1.
Sjå faktaboks lenger ned i saka for forklaring av dei ulike modellane.
I innstillinga skriv komiteen at dei etter førre plenumsbehandling har konsentrert seg om å vidareutvikle modell 3.
Alt i si fyrste innstilling som kom på torsdag blei det klart at fleirtalet i komiteen ynskte seg modell 3. Likevel la dei vekt på at det kunne koma endringar.
Fyrst i denne andre innstillinga skulle dei ta endeleg stilling til kva modell for arbeidsgjevaransvaret dei ynskte seg.
No er det klart at det framleis er fleirtal i komiteen for modell 3.
Ikkje krav til samanslåing
I tillegg til å lande på modell har komiteen også sett på andre sider ved kyrkja si organisering. Mellom anna understrekar dei at det er ein føresetnad for modell 3 at ein etablerar fleire felles ordningar i trussamfunnet.
Dei trekkjer særleg fram felles personalreglement for alle arbeidsgjevarar, eit system for konflikthandtering og eit HMS-system (helse, miljø og sikkerheit).
Vidare legg dei vekt på at kyrkjeleg fellesråd skal bli hovudeininga for utøvinga av arbeidsgjevarfunksjonar for alle som arbeider lokalt i kyrkjer, uavhengig modell, og at ein elles skal byggje vidare på dei organa som alt finst i kyrkja.
Det har vore ein del diskusjon om denne modellen krev samanslåing av kyrkjelege fellesråd. I innstillinga presiserer komiteen at dei meiner det ikkje skal vera krav til om dette, men at slike initiativ må vekse fram lokalt.
Likevel skriv dei: «Komiteen mener at det bør stimuleres til etablering av samarbeid mellom fellesråd som ønsker det, i tett kontakt med de berørte kommuner».
Også rolla til biskopen har blitt diskutert i forbindelse med arbeidet med ny, kyrkjeleg organisering. I innstillinga står det:
«Biskopens tilsyn skal styrkes og ledelsen tydeliggjøres, uten at biskopen skal utøve arbeidsgivers styringsrett på samme måte som i dag».
Det kjem også fram at ein ynskjer å styrke rolla til både soknerådet og bispedømerådet.
Heile innstillinga kan du lesa her.
Pilene peker i retning av «Modell 3» for Den norske kirke. Hva i all verden betyr egentlig det?
Avgjer på måndag
Modell 3 er ei vidareføring av dagens ordning med to arbeidsgjevarlinjer, men med ein del andre endringar. Også fleirtalet i Kyrkjerådet har gått inn for modell 3.
Modellen har av fleire blitt omtalt som ein kompromiss-modell.
Kommiteen skal koma med endå ei innstilling, før Kyrkjemøtet etter planen skal stemme over saka på måndag føremiddag.