Norsk statist med i «The Chosen»: – Eg har betalt mykje for å vere med
THE CHOSEN: Norske Deborah Selbekk Lunde samla inn 20.000 kroner til TV-serien, og fekk moglegheit til å sjølv bli ein del av den.

– Eg har betalt mykje for å vere med, men det er fordi eg er såpass stor fan, seier Deborah Selbekk Lunde.
Den fjerde sesongen av den amerikanske TV-serien «The Chosen» er i gong med innspeling i Utah – og denne gong med norske Lunde i bakgrunnen. Ho er med som statist, og var del av den amerikanske produksjonen i fire dagar.
– Det har vore så gøy å vere der – stå to meter frå Jesus, og så fekk eg augekontakt med Judas medan eg smøra meg i ansiktet, ler ho.
TV-serien tar føre seg historier frå Jesu teneste og liv, og er hovudsakleg finansiert av publikum.
Fekk invitasjon
– Eg fekk denne moglegheita fordi eg deltok i ein innsamlingsaksjon som dei starta for nokre månader sidan, seier Lunde.
Ho fortel at dei 500 personane som samla inn mest til produksjonen gjennom eiga kampanje, skulle få invitasjon til å vere med som statist. Sjølv har ho vore med å bidra til finansieringa tidlegare, og klarte å samle inn om lag 20.000 kroner. Det meste av dette gav ho og mannen sjølv, og noko kom inn frå andre givarar.

Invitasjonen kom i mai, to månader før ho var på plass i Utah 9. juli. Reise og opphald, utanom mat og drikke på sett, måtte ho finansiere frå eiga lommebok – inkludert sminke og kostyme som ho sjølv var ansvarleg for.
– Eg har veldig trua på det The Chosen driv med, så derfor var det verd det for meg og mannen min å investere pengane våre i prosjektet. Vi ser frukter av det som The Chosen bidreg med, for det er mykje lettare å få folk til å sjå ein TV-serie enn å be dei lese Bibelen, seier ho.
Lovsong på filmsett
Filmsettet ligg utanfor Salt Lake City i Utah. Lunde beskriv det som å vere i Jerusalem for 2000 år sidan.
– Eg var overraska over kvaliteten, altså nivået på alt. No har ikkje eg vore på eit amerikansk filmsett tidlegare, men sjølv om dette blir gjort utanfor Hollywood-systemet var det så profesjonelt. Vi blei så varetatt, seier Lunde.
Ho trekk mellom anna fram at Dallas Jenkins, skaparen og regissøren av serien, handhelste på alle kvar gong dei kom av og på sett.
– Det var veldig lite stjernefaktor, seier ho.
Ifølgje Lunde, var det om lag 5–600 personar som på same måte som henne, hadde fått tilbod om å bli med. Ho antar at dei fleste av dei var kristne.
– Inne blant oss i statistteltet, var det fellessong, og nokre prøvde å dra i gang lovsong, seier ho.
På settet møtte ho truande frå fleire ulike kyrkjesamfunn, også mormonarar.
– Det var veldig kult at sjølv om vi har ulik teologi på nokon område, har vi det felles at vi elskar Jesus og trur på bibelen. Så er det jo masse usemje – trur mormonane på same Jesus og dei tinga der – men det legg eg meg ikkje borti. Eg ser på innhaldet i The Chosen, og ser at det er den bibelske Jesus dei portretterer der, seier ho.