No skal kyrkjepolitikarane få betalt for å vera på Kyrkjemøtet
DEN NORSKE KYRKJA: Måndag ettermiddag vedtok Kyrkjemøtet å gje møtegodtgjersle til seg sjølve.

Før årets Kyrkjemøte i Trondheim har det vore diskusjon om ein skal innføre møtegodtgjersle for medlemmane av Kyrkjemøtet.
Ungdomsutvalet i Den norske kyrkja har gjort det klart i Vårt Land at dei er sterkt kritisk til kostnadsauken, og har uttrykt uro for kva signaleffekt forslaget kan gje.
Også Fagforbundet Teologene og to bispedømeråd, Møre bispedømeråd og Nord-Hålogaland bispedømeråd, har vore kritiske til at medlemmene skal få betalt for deltaking på Kyrkjemøtet. Det same har kyrkjerådsmedlem Therese Egebakken gjort.
Men på måndag ettermiddag gjekk forslaget gjennom mot berre ein handfull som stemte imot.
Vedtaket seier at ein skal innføre møtegodtgjersle for «alle valde medlemmar av Kyrkjemøtet». I praksis vil dette gjelde alle medlemmar av Kyrkjemøtet, med unntak av biskopane.
Prislappen
Om møtegodtgjersla blir lagt på same nivå som den i dag er for mellom anna Kyrkjerådet, vil det seie at den nye godtgjersla vil koste kyrkja i overkant av to hundre tusen kroner per dag av Kyrkjemøtet.
I den same saka blei det også vedteke at Kyrkjemøtet skal vera kortare enn tidlegare. 3–4 dagar blir nemnt som eit forslag.
Per i dag vil altså då møtegodtgjersla utgjera mellom seks hundre og åtte hundre tusen kroner.
Dette vil rett nok fyrst tre i kraft ved Kyrkjemøtet neste år, og då har forsamlinga ny samansetjing, sidan det er kyrkjeval i haust.
Håpar fleire møter opp
Å innføre møtegodtgjersle har vore eit av fleire forslag for å prøve å få opp deltakinga på Kyrkjemøtet, som dei siste åra har slite med stort forfall. Ifylgje Kyrkjerådet gjaldt det høvesvis 24 og 25 personar på kyrkjemøta i 2021 og 2022.
Ut år 2020 hadde medlemmar av Kyrkjemøtet rett til fri frå arbeid for å delta på det årlege møtet, men dette blei ikkje vidareført i den nye trussamfunnslova, trass i protestar frå Kyrkjerådet.
I dag kan medlemmar av Kyrkjemøtet få dekt tap av arbeidsforteneste i dei tilfella der arbeidsgjevar ikkje gjev dei fri med løn.
Den nye møtegodtgjersla vil koma i tillegg til dette, og er meint å også skulle vera kompensasjon for anna arbeid som fylgjer med vervet som Kyrkjerådsmedlem.