Mette-Marit i helsing til skeivt nettverk: Du er ikkje åleine, eg er på ditt lag

KONGELEG: Kronprinsesse Mette-Marit sende videohelsing til Skeivt kristent nettverk. – Me blei litt mållause då me fekk videoen, fortel leiar i nettverket.

HELSING: Kronprinsesse Mette-Marit sende helsing til Skeivt kristent nettverk, som har samling i Kristiansand denne helga.
Publisert Sist oppdatert

Kjære de som er på samling i Kristiansand. Alle skal få lov til å tru på kva ein vil. Alle skal få lov til å elska den ein vil. Og alle skal få lov til å vera den ein er. Du er ikkje åleine, eg er på ditt lag.

Slik helsa Kronprinsesse Mette-Marit til Skeivt kristent nettverk, som i helga har nettverkssamling i Kristiansand.

Elisabeth Meling, leiar for Skeivt kristent nettverk, fortel at ho vart rørt over video-helsinga frå kronprinsessa. Ho trur den betyr mykje for mange.

– Fleire av medlemmene våre var til stades under skytinga i Oslo. Det er mange som har traume. Videoen frå Mette-Marit er veldig viktig, spesielt når ein kjenner seg utsett.

Mange i Skeivt kristent nettverk har mista fellesskap i kyrkjelyden på grunn av legning eller kjønnsidentitet. Då er det fint å vite at mange, inkludert Mette-Marit, er på laget ditt.

Elisabeth Meling, leiar for Skeivt kristent nettverk,

Natt til 25. juni vart to personar drepne og 21 skada då Zaniar Matapour skaut mot to utestadar. Han er sikta for terror, og eine teorien til politiet er at skytinga var hatkriminalitet retta mot homofile.

Kontakta Kongehuset – fekk videohelsing

Skeivt kristent nettverk er ein tverrkyrkjeleg interesseorganisasjon for LHBT-personar og støttespelarar.

Portrett av Elisabeth Meling (Skeivt kristent nettverk) tatt i Oslo sentrum.
TAKKSAM: Elisabeth Meling, leiar i Skeivt kristent nettverk.

– Mange i Skeivt kristent nettverk har mista fellesskap i kyrkjelyden på grunn av legning eller kjønnsidentitet. Då er det fint å vite at mange, inkludert Mette-Marit, er på laget ditt. Det er viktig å føla at ein er med i noko større, seier Meling til Vårt Land.

Det var Dagen som først omtala videohelsinga.

– Me blei litt mållause då me fekk denne videoen, seier Meling.

Ho fortel at ein person frå nettverket kontakta Kongehuset og fortalde om samlinga i Kristiansand.

– Så får me denne videoen frå Kronprinsesse Mette-Marit. Det er utruleg fint og rørande at ho tek seg tida til dette. Det er fint med ei støtte og synleggjering, seier Meling.

Skeivt kristent nettverk

  • Stifta i 2019. Nettverk for kristne LHBT-personar, spesielt retta mot frikyrkjelege miljø.
  • I år slo nettverket seg saman med Åpen Kirkegruppe, som har samla LHBT-personar i Den norske kirke.
  • Har som utgangspunkt at det er fullt mogleg å kombinera kristen tru med likekjønna samliv eller å vera transkjønna.
Powered by Labrador CMS