Lyser ut gamingjobb
KFUK-KFUM søker deg som «brenner for gaming» til ny prosjektstilling. Dei ønsker å bli ein viktig organisasjonsaktør innan dataspill.

I stillingsutlysinga heiter det at dei «søker deg som brenner for E-sport, gaming, barn og unge». Personen skal jobbe med å løfte KFUK-KFUM som aktør innan E-sport og gaming. Søknadsfristen er 12. juni.
Inkluderande gaming
For KFUK-KFUM har målet for gamingsatsinga vore å treffe unge der dei er og stifte inkluderande fellesskap, etter modell av andre idrettslag i organisasjonen, fortel Hanne Fjørtoft, som er teamleiar for program og utvikling. Satsinga heng mellom anna saman at dei i større grad vil forsøke å nå ut til fleire unge gutar.
- Vi vil også med den aktuelle prosjektstillinga jobbe mot at KFUK-KFUM skal vere eit organisasjonsalternativ til dei store kommersielle aktørane innanfor meir seriøs E-sport, fortel Fjørtoft.
På sikt ønsker dei også å jobbe for at E-sport skal gje rett til medlemsstøtte frå Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU).
LES OGSÅ: Lærer samspill av dataspill
Fordel under heimeisolasjon
I ein vår prega av korona og heimeisolasjon, trur Fjørtoft at dataspill kan ha hatt nytte for mange.
- Dei som brukar dataspill som arena for sosialt samvær har hatt ein fordel i denne perioden, seier ho.
Fjørtoft kan også opplyse om at dataspill kan mogleggjere for liturgisk praksis. Med dataspillet «Minecraft» evna blant anna dei og Asak kyrkjelyd i Halden, i saman, å halde ei virtuell gudsteneste.
LES MER: Kristne organisjonar når unge gjennom gaming
Del av ein breiare trend
Stillingsutlysinga til KFUK-KFUM går inn i ei breiare trend som Vårt Land har skrive om tidlegare i vår - at kristne organisasjonar i aukande grad ønsker å ta del i og legge til rette for gaming og E-sport.
Blant anna har KFUK-KFUM heile seks lag i den største nasjonale E-sportligaen i Europa, Bibelskulen på Fjellhaug i Oslo tilbyr gaminglina «Bibel, Gaming og Digital Kultur» og den daglege presten på Jutsvik i Kristiansand, Lars Ivar Bratsberg, har i samarbeid mellom Damaros og Den norske kyrkja oppretta ein eigen Youtube-kanal med namnet «Gamingpresten». Også KRIK hadde planlagd å tilby E-sport på kommande sommarleir Arena 2.0, før dei i lys av Covid-19 såg at dei var nøydde til å avlyse arrangementet.
LES OGSÅ: Nytt dataspill lar spilleren være Jesus
Vere der ungdommen er
Kritikarar har hevda valden i dataspill har dårleg innverknad på spelarane og at mange kan bli avhengige av dataspill. Spørsmålet om enkelte dataspill i kombinasjon med kristendom kan vere med på å herleggjere vald er attvendande, fortel Hanne Fjørtoft.
- Eg skjønar kritikken, men det er noko med det å anerkjenne kor ungdom er og la dei vere premissleverandør for aktivitet og det å stifte fellesskap. Rolla vår er først og fremst å møte ungdom der dei er og opne rom for samtale der. Det er mykje betre enn å ikkje vere der i det heile, seier ho.
- Med sol og sommar; burde ikkje «kidsa» eigentleg vere ute i sola?
- Eg tenker at ungdom skal vere der dei ønskjer å vere. Vi skal ikkje stå i skogen og rope at ungdom skal kome til oss, vi skal heller la dei vere dei som set premissa, seier Fjørtoft.
LES MER:Menigheter bruker dataspillet Minecraft som samlingspunkt for ungdommer