Lillesøndag: Det gjeld å vera klar når Menneskesonen kjem

Andre søndag i advent: «Sjå på trea,» sa Jesus. Det er noko å tenkje på i vår tid, da vi ser så mykje på skjermar.

Lillesøndag andre søndag i advent 2023
Lillesøndag andre søndag i advent 2023
Publisert Sist oppdatert

Då skal dei sjå Menneskesonen koma i skya med stor makt og herlegdom. Men når dette tek til å henda, skal de retta dykk opp og lyfta hovudet! For då skal de snart setjast fri.

Så fortalde han dei ei likning:

«Sjå på fikentreet og alle andre tre! Når lauvet sprett, då veit de av dykk sjølve at sommaren er nær. Like eins veit de at Guds rike er nær når de ser at dette hender. Sanneleg, eg seier dykk: Denne slekta skal ikkje forgå før alt dette hender. Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå.

Ta dykk i vare og lat ikkje hjartet dykkar bli sløva av rangel og drikk og sorgene i dagleglivet, så den dagen kjem like uventa på dykk som ei snare. For den dagen skal koma over alle som bur på jorda. Vak kvar tid og stund og be om styrke til å koma velberga frå alt det som skal henda, og bli ståande framfor Menneskesonen.»

Lukas 21, 27–36


Tekstblikk: Sjå på trea

Hans Johan Sagrusten, teolog, prest, bibelomsetjar og forfattar

Hans Johan Sagrusten

«Sjå på trea,» sa Jesus. Det er noko å tenkje på i vår tid, da vi ser så mykje på skjermar. Jesus vender blikket vårt mot naturen og bed oss lære. Kanskje stod det eit fikentre i nærleiken da Jesus sa det? I alle fall nemner han fikentreet spesielt, før han seier: «og alle trea», som det står på gresk.

Jesus bruker fleire ord som seier kva vi skal gjera. «Sjå» er eit av dei, men teksta har òg fire andre verb som står i den same forma (imperativ). Desse fire liknar på kvarandre: Alle handlar om å halde seg vaken. Jesus bed tilhøyrarane om å «rette seg opp», «lyfte hovudet», «ta seg i vare» og «vake».

Vi får inntrykk av at det er noko viktig som står på spel; det er eit alvor over orda. Det gjeld å vera klar når Menneskesonen kjem – det er tittelen som Jesus bruker om seg sjølv.

Motsatsen er å bli «sløva», eller «tynga ned», som det greske ordet tyder. Vi kjenner biletet frå forteljinga om Jesu bøn i Getsemane. Da var læresveinane så trøytte at auga deira vart «tunge» (Matt 26,43).

Ein kan tyngjast ned av så mykje. Dei to fyrste uttrykka i teksta er nokså sjablongprega: «rangel og drikk». Meir nærgåande er det tredje, som kan omsetjast: «sorgene i dagleglivet».

«Sorgene» er her omsetjing for det same ordet som elles er omsett med «uro» og «bekymring». Vi kjenner det frå likninga om såkornet: Kornet som vart sådd mellom klunger, vart kvelt av «uro for dette livet», eller «dette livets bekymring», som det heiter på bokmål (Matt 13,22). Det travle dagleglivet kan altså tynge oss ned og gjera oss sløve.

Men orda om å «rette seg opp» og «lyfte hovudet» er ikkje berre alvorstunge. I teksta får dei òg ei positiv tolking: «Då skal de snart setjast fri», seier Jesus. Ein skal difor ikkje rette seg opp i frykt, men i forventing: Snart skal eg setjast fri!

Biletet av fikentreet er bakgrunn for den vakre adventsalmen «Jeg løfter opp til Gud min sang», som seier: «Når fikentreet skyter blad, jeg er så glad». Denne tonen av glad forventing kjem frå bibelteksta vår i dag.

Prekenblikk: Legg hånda over hjertet

Ingrid Brækken Melve, teolog, salmedikter og forfatter

.

Det har gått nesten to tusen siden forfatteren av Lukasevangeliet skrev denne teksten. To tusen somre. Og gjennom disse årene har det alltid vært mennesker som har vært helt sikre, som mener de har sett tegnene: Vi lever i de siste tider! Men hver sommer har blitt til høst, og så til vinter igjen.

Kanskje er det først når vi slipper tak i vårt eget grep om tiden, at gleden i denne teksten kan springe fram. Ved å viske ut tidslinjene vi så gjerne tegner, og gi slipp på vårt eget behov for å kontrollere, planlegge og forutse, kan kanskje erkjennelsen av en annen type tid få rom. Kanskje kan predikanten lede oppmerksomhet og takknemlighet mot slike speilbilder av Guds frigjøring man kan oppleve gjennom livet, øyeblikk hvor tiden går utover over sekunder og minutter: Når noe som før har tynget, ikke lenger har makt. I øyeblikk av forsoning, eller der en ny vei viser seg. Når det forsiktig begynner å spire fram et nytt håp etter en uendelig vinter.

En dag skal Menneskesønnen komme tilbake, alt skal bli forvandlet. Men hvordan skal vi fortsette å holde oss våkne midt i vår hverdag, hva om det går titusener av år til? Kanskje er det ikke overnaturlige tegn vi skal lete etter. Det kan hende vi ikke må gjøre så mye mer enn å iblant legge hånda over hjertet, kjenn slag av Guds skapermakt i brystkassas mørke. Legge hånda mot den frosne jorda, se for oss frøene som venter på våren.

Bibelbetraktninger

  • Hver onsdag får du bibelbetraktninger for helga. De er skrevet ut fra søndagens tekster, hentet fra tekstrekkene som blant annet Den norske kirke bruker. Iblant er den gammeltestamentlige teksten i fokus.
  • Tekstblikket gir fagkunnskap om bibelteksten, og er skrevet av en bibelviter. Prekenblikket angir noen punkter til inspirasjon for forkynnelse over teksten.
  • Våre skribenter er: Ellen Aasland Reinertsen, Hans Johan Sagrusten, Hilde Brekke Møller, Marianne Bjelland Kartzow, Håkon Sunde Pedersen, Ole Jakob Filtvedt, Karl Olav Sandnes og Ingunn Aadland.



Powered by Labrador CMS