Kommunedirektøren i Sogndal er open for at kommunen kan ha feiltolka lovverket i skulelagssaka
BALESTRAND: - Det kan hende me har gjort feil her, seier kommunedirektøren i Sogndal til Sogn Avis. Dette handlar ikkje berre om det, seier Karl Johan Kjøde, generalsekretær i Noregs Kristelege Student- og Skuleungdomslag.

Mange har reagert på at ungdomsskuleelevar ved Sagatun skule i Balestrand ikkje har fått lov til å møtast til lagsmøte, eit kristent møte i storefri der dei et, ber og snakkar saman, i skuletida.
Rektor ved skulen har ikkje ville uttala seg, men vist vidare til kommunedirektøren i Sogndal kommune, Tor-Einar Holvik Skinlo.
Han har til no vore ganske ordknapp, men i eit intervju med Sogn Avis har han letta litt på sløret.
Tidlegare har det komme fram at han har sendt spørsmål til Statsforvaltaren om denne vurderinga. No seier han til avisa at han er open for at kommunen kan ha feiltolka lovverket:
– Det kan hende me har gjort feil her, difor har me bede Statsforvaltaren om ei vurdering av saka.
Meiner nokon brukar saka til å fremme agenda
Ungdomsskuleelevane har fått massiv støtte, frå fjern og nær. Mellom anna samla Noregs Kristelege Student- og Skuleungdomslag (Laget) inn pengar til ein lavvo til ungdommane, fordi ungdommane hadde samlingane sine ute på fotballbanen.
Dette gjorde elevane fordi dei fekk avslag på søknaden om å bruke eit rom inne på skulen, slik dei har gjort tidlegare år.
Seinare blei det klart at kommunedirektøren også meinte dette var problematisk, då det ikkje var om samlingane skjedde inne på skulen som var hovudproblemet, men at dei skjedde i løpet av skuledagen.
Til Sogn Avis fortel Skinlo at han er overraska over det massive trykket i saka, og at han har fått ei mengd tilbakemeldingar. I tillegg har pressa har vore interesserte i saka. Både NRK, Dagen, Vårt Land og Sogn Avis har følgt saka.
Han meiner fleire artiklar i media har gjeve feil inntrykk om kva saka handlar om.
– Dei får lov til å samlast og dei får lov til å be – åleine eller saman. Sjølvsagt får dei det. Så har nokon brukt denne saka til å få fram ein agenda, seier Skinlo til Sogn Avis.
Han presiserer at elevane kan ha slike samlingar, berre ikkje i skuletida.
– Nokon har laga eit narrativ
– Nokon har laga ei stor sak med eit narrativ om at kommunen nektar elevar å be i sogndalsskulen. Ingen har vorte nekta å be og ingen blir nekta å be. Dette handlar om at ingen lag eller organisasjonar har møter i skuletida dersom ikkje alle elevar er med, for då kan nokre bli ståande utanfor. Til dømes er eg trenar for eit handballag som to jenter i klassen ikkje er med på, og viss dei skulle hatt spelarmøte i skuletida, så hadde to jenter vorte ekskluderte. Det er ikkje greitt, seier han.
På spørsmål om kven som skal ha ein agenda, og kven som har skapt dette narrativet svarar han:
– Det skal eg ikkje meine så mykje om.
Til Vårt Land har kommunedirektøren gjort det klart at han ynskjer seg eit møte mellom rektor og elevane i saka.
– Denne veka er det haustferie i Sogn, men når elevane og rektor er tilbake på skule vil dei ha ein dialog om korleis skulen best kan leggje til rette for lagsaktiviteten innanfor dei rammene som gjeld i Sogndalsskulen, skreiv han i ei tekstmelding til Vårt Land på torsdag.
Laget reagerer
– Eg er glad for at kommunedirektøren er open for at dei har feiltolka lovverket, men dette handlar om meir enn kva han har heimel til i lovens bokstav, seier Karl Johan Kjøde, generalsekretær i Laget, til Vårt Land.
Kjøde meiner at Skinlo no brukar ei annan grunngjeving på avslaget enn det han har gjort tidlegare:
– Frå å fyrst ha problematisert lokallagets religiøse profil og hevda at skulen skal vera livssynsnøytral til no å hevde at det er all elevfrivilligheit i skuletida som er problemet, forklarer Kjøde.
– Direktøren har bevisbyrda på si side når han innfører nye reglar for avgrense ein elevfrivilligheit som elles i samfunnet reknast som kjærkommen, seier Kjøde.