Kjetil Haga har trekt søknaden til toppstilling i kyrkja
LEIARJAKT: Kyrkjeverja i Oslo, Kjetil Haga, var éin av søkarane til toppleiarstilling i Den norske kyrkja. No har han trekt søknaden.

15. april gjekk fristen for å søke på jobben som ny kyrkjerådsdirektør ut.
For halvannan veke sidan meldte Vårt Land at fire kvinner og seks menn hadde søkt på stillinga. I tillegg hadde det kome éin søknad som alt var trekt tilbake. Og no gjeld dette også Kjetil Haga sin søknad.
Han har vore kyrkjeverje i Oslo sidan 1. februar 2022.
– Kvifor trekte du søknaden din?
– Det er rett og slett fordi eg ikkje har vore så lenge i jobben i Oslo, og me er for tida inni mange store og viktige prosessar. Eg fann ut at det ikkje er rett tidspunkt no, og at eg gjerne vil halde fram i denne jobben ei stund til.
Desse prosessane handlar mellom anna om arbeid knytt til kommunal finansiering, samspel mellom bispedømeråd, fellesråd og kyrkjelydar og fleire utviklingsprosjekt i byen, forklarar Haga.
Etter at det blei kjent at eg hadde søkt, har mange i Oslo sterkt oppfordra meg til å bli verande ei stund til
Kjetil Haga, kyrkjeverje i Oslo
Direktøren for Kyrkjerådet er den øvste, administrative leiaren for Den norske kyrkja, og har personalansvar for dei om lag hundre personane i sekretariatet til Kyrkjerådet.
Noverande direktør er Ingrid Vad Nielsen, som har hatt stillinga sidan 2018.
Har fått oppfordringar
– Kva gjorde at du fyrst landa på å søkje, for så å ombestemme deg?
– Det er ei heilskapleg vurdering. Men etter at det blei kjent at eg hadde søkt, har mange i Oslo sterkt oppfordra meg til å bli verande ei stund til, fortel Haga.
Likevel trur han jobben som kyrkjerådsdirektør kunne vore både meiningsfull og utfordrande.
Ny kyrkjerådsdirektør skal etter planen bli tilsett på møtet til Kyrkjerådet 23.-25. mai.
Kyrkja har leigd inn rekrutteringsbyrået Hodejegerne til å bidra i prosessen.