Kjempa for kvinners rett til presteteneste – no er Mari Saltkjel tilsett som prost

DEN NORSKE KYRKJA: Bjørgvin bispedømme har hatt utfordringar med motstand mot kvinnelege prestar. No har Nordfjord tilsett ny prost, sokneprest Mari Saltkjel, som har vore ei tydeleg stemme i saka.

Biskop i Bjørgvin Halvor Nordhaug og prest på Måløy i Nordfjord Mari Saltkjel.
TYDELEG OG RADIKAL: – Eg har sjølvsagt vore veldig spent. Og etter at eg sende søknaden har eg kjent på at det betyr veldig mykje for meg, både som prest, kvinne og stolt feminist, seier Mari Saltkjel om å søkje på stillinga som prost i Nordfjord.
Publisert Sist oppdatert

– Eg kjenner at det er ei stadfesting av noko som eg visste om på førehand, men som er godt å sjå likevel, nemleg at Bjørgvin bispedøme og distrikta der er ein stad der også kvinner får høve til å leie. Det må me leggje merkje til. Eg er stolt, glad og audmjuk, for å få dette tilbodet.

Det seier Mari Saltkjel, som bispedømerådet i Bjørgvin i dag tilsette som prost i Nordfjord prosti. Då Vårt Land ringjer har ho heilt nyleg fått telefonen frå biskop Halvor Nordhaug med den glade bodskapen. Saltkjel er i dag sokneprest i Vågsøy.

– Eg har sjølvsagt vore veldig spent. Og etter at eg sende søknaden har eg kjent på at det betyr veldig mykje for meg, både som prest, kvinne og stolt feminist.

Biskop i Bjørgvin, Halvor Nordhaug meiner Nordfjord vil få ein nytenkjande og dynamisk prost i Saltkjel.

– Og så er ho ein god teolog og ein folkekyrkjeprest som er veldig flink med folk. Eg gler meg til å samarbeide med henne, seier Nordhaug.

Ei tydeleg stemme

I fjor kom det i ei arbeidsmiljøundersøking fram at Bjørgvin var det bispedømet der størst del av dei tilsette meldte om krevjande kollegarelasjonar grunna ulikt syn på kvinnelege prestar.

Eg opplever å ha blitt lyfta fram og heia på, sjølv om nokon oppfattar meg som tydeleg og radikal.

Mari Saltkjel

Saltkjel har vore ei tydeleg stemme i debatten, og har mellom anna tatt til orde for at alle prestar bør lova å samarbeide med alle kollegaar, og at Den norske kyrkja (DNK) bør gje kvinnelege prestar ei offisiell unnskyldning for måten ein har handtert mellom anna mannlege kollegaar sin reservasjon mot å jobbe med dei.

Fram til no har bispedømet ni mannlege prostar og to kvinnelege. Med Saltkjel som prost blir det tre kvinner i kollegiet.

– Det er viktig å få fleire kvinner inn i leiinga. Heldigvis aukar det på, men me har framleis plass til fleire, seier Nordhaug.

– Har blitt heia på

Då Saltkjel blei ordinert til teneste i 2008 var ho den fyste kvinnelege presten i prostiet, og no blir ho altså den fyrste kvinna som får tilbodet som prost på same stad. Og det er tydeleg at Saltkjel er glad i området.

– Eg har hatt det skikkeleg godt i Bjørgvin og i Nordfjord, både som kvinne og prest. Eg opplever å ha blitt lyfta fram og heia på, sjølv om nokon oppfattar meg som tydeleg og radikal. Det at den stemma eg har blir sett på som viktig i Bjørgvin er godt å kjenne på.

Saltkjel er tydeleg på at hennar kritikk i kvinneprestsaka har vore retta mot Den norske kyrkja generelt.

Bispemøtet 2021
NYTENKJANDE: Biskop Halvor Nordhaug kallar Mari Saltkjel for ein dynamisk og nytenkjande folkekyrkjeprest.

– Fryktar du reaksjonar frå kvinneprestmotstandarar på at du som har vore så tydeleg i denne saka blir prost?

– Eg opplever at eg er ynskt som prost i Nordfjord, og eg ser fram til å få høvet til å samarbeide med dei andre prestane, prostane og biskopen i Bjørgvin, seier Saltkjel.

Biskop Nordhaug seier Saltkjel har vore ein pådrivar for å lyfte fram kvinner si presteteneste, og for å rekruttere inn fleire kvinner i Bjørgvin bispedøme.

– Det er sjølvsagt ei oppgåve som eg har til felles med henne.


Powered by Labrador CMS