Kan kyrkjestreiken gå mot slutten? Dette blir stridens kjerne under meklinga

KONFLIKT: Etter ein månad i streik, skal arbeidstakarane og arbeidsgivarane inn i nye forhandlingar på sundag. Her er punktene som avgjer om streiken tar slutt – eller held fram.

Sundag skal partane tilbake til riksmeklaren for nye samtalar. Der vil det vise seg om arbeidsgivars handsrekning er nok til å avblåse streiken. Her står streikande kyrkjearbeidarar utfor Oslo domkirke i desember.
Publisert Sist oppdatert

Framleis er 58 medarbeidarar i kyrkja i streik. Frå torsdag neste veke kan 26 nye medarbeidarar bli tatt ut i streik, ifølgje Unio KA. Sjølv om arbeidsgivar KA i romjula la fram eit tilbod til prestane, kor deira viktigaste krav blei innfridd, er konflikten framleis ikkje løyst.

Etter at forhandlingane hos riksmeklaren braut 12. desember, skal ein etter lova møtast tilbake 30 dagar seinare. Det skjer førstkomande sundag, 10. januar.

Fleire kjelder uttaler at forhandlingane kan bli «svært krevjande» – trass i at KA har møtt prestane på punktet om å få kompensasjonen for bortfallet av buplikta som ein del av løna.

Dette er kva som står att.

Dette er kyrkjestreiken

  • Natt til 12. desember braut forhandlinga mellom arbeidstakarorganisasjonane og arbeidsgivarforeininga KA, og utløyste streik blant tilsette i kyrkja.
  • No er 58 medarbeidarar i streik. 10 av 22 fagforeiningar i kyrkja valde å bryte forhandlingane i hovedtariffoppgjeret i oktober.
  • Hovudkravet frå fagforeiningane er å få kompensasjonssummen på om lag 60.000 kroner, som prestar har fått etter bortfallet av buplikt, inn i hovudtariffavtalen og som ein del av løna.
  • Nye samtalar hos riksmeklaren er fastsett til sundag 10. januar.

Strid om nytt punkt

Etter det Vårt Land kjenner til, og som Presteforeininga uttalte torsdag, er det spesielt eitt punkt kor usemja kan bli stor.

I tilbodet KA har lagt fram for arbeidstakarane i forkant av meklinga, ligg det eit krav om at prestar og dei andre kyrkjelege tilsette skal over på «same satsar for tilleggsløn». I dag er desse ulike.

Det har historiske grunnar. Systemet som kateketar, kantorar og diakonar høyrer til, stammar frå tida då dei fleste kyrkjelege medarbeidarane var tilsette i kommunen. Då dei blei ein del av KA-sektoren, blei den tariffavtalen frå kommunetida med vidare. Prestane, derimot, var tilsette i staten fram til 2017. Etter at prestane også fekk kyrkjeleg arbeidsgivar, blei likevel satsane frå tilleggsløna i staten med vidare.

Kravet frå KA er at prestane no skal over i tilleggslønssystemet som dei andre i kyrkja har. Det er det ikkje gitt at arbeidstakarane går med på.

Er det prestane sitt nivå, eller dei fellesrådstilsette sitt nivå, som er riktig for alle?

Slik kan forskjellane sjå ut

Dei to systema gir altså ulike tillegg. Her er nokre eksempel:

  • Kveld (mellom 17.00 og 20.00):
      • Kateket: 28 kroner i tillegg i timen.
      • Prest: 15 kroner i tillegg i timen.
  • Natt (mellom 20.00 og 06.00):
      • Kateket: 28 kroner i tillegg i timen.
      • Prest: 45 prosent i tillegg.
  • Heilagdag (utanom sundag):
      • Kateket: 133 prosent i tillegg.
      • Prest: 200 prosent i tillegg, pluss andre ulempetillegg.

Slik tabellane ser ut no, er det statens tilleggslønssatsar (prestanes) som gir høgast tillegg. Dersom ein kateket og ein prest drar på same konfirmantleir, vil det føre til ulike tillegg. Det same viss ein kantor og ein prest jobbar på same gudsteneste første påskedag.

Dersom prestane skal gå rett over i dei andre kyrkjetilsette sitt system, vil dei reelt sett få mindre i tillegg.

I haust kom ein rapport om lønssystemet i kyrkjesektoren. Utvalet som sto bak, bestod av både arbeidsgivarar og arbeidstakarar. Om tilleggsløn konkluderte rapporten at tala dei hadde samla inn «gir grunnlag for å kunne arbeide vidare med denne problemstillinga på et seinare tidspunkt». På sundag kjem det opp rundt Riksmeklarens bord.

Powered by Labrador CMS